Saken er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - Les mer
På dette rommet i mellomalderslottet Wartburg i Eisenach i Tyskland sat Martin Luther og omsette det Nye Testamentet frå gresk til tysk.

– Kyrkja må ta eit oppgjer med Luthers jødehat

Når Den norske kyrkja i 2017 markerer 500-årsjubileet for reformasjonen, må dei samstundes ta avstand frå antijudaismen i Martin Luthers skrifter, meiner teologiprofessor.  

14.9 2016 04:00

«Jeg vil gi mitt råd så godt jeg kan: For det første: At man setter fyr på deres synagoger og skoler. (…) For det andre: At man på samme vis også river ned og ødelegger husene deres (…). For det tredje: At man tar fra dem alle deres bønnebøker og talmudiske skrifter (…)»

Dette skreiv reformatoren Martin Luther om jødane på slutten av sitt liv. Han hadde gått frå å forsvare dei tjue år tidlegare til å utvise eit sterkt jødehat i 1543.

– Desse tekstane har fått lite merksemd i den moderne kyrkja. Men under andre verdskrigen vart dei løfta fram av nazistar både i Tyskland og Noreg, som ville vise at dei hadde Luther i ryggen, seier professor Tarald Rasmussen ved Det teologiske fakultet på Universitetet i Oslo.

No er det på tide å leite tekstane fram att, meiner han.

– I samband med reformasjonsjubileet er temaet høgt oppe internasjonalt. Historisk forsking har kasta nytt lys over temaet, og fleire kyrkjer har sagt at dei tar uttrykkeleg avstand frå denne sida ved Luther. Det bør vi også gjere i Noreg, meiner professoren.

Nyttig for nazistane

Då Rasmussen saman med teologen Inge Lønning på 1980-talet gav ut Luthers skrifter i seks bind på norsk, unnlét dei å ta med dei antijødiske tekstane. Det gjorde dei i frykt for at tekstane kunne bli misbrukte slik dei hadde blitt under andre verdskrig.

No er derimot utdrag frå desse tekstane publiserte på norsk i boka Reformasjon nå. Luther som utfordring og ressurs for den norske kirke, av Per Kristian Aschim og Tarald Rasmussen. Temaet vil også bli diskutert på seminaret Luther, jødene og antisemittismen 16. september.

Rasmussen trur det er fleire årsaker til at denne sida ved Luther har fått lite omtale tidlegare.

– Den moderne kyrkja har brukt andre tekstar av Luther, så som bibelkommentarar, katekismer eller stridsskrifter retta mot paven. For å trekkje fram dei antijødiske tekstane måtte nokon ha bruksinteresse for dei. Det hadde nazistane, seier han.

I Noreg gav det nasjonalistiske partiet Norsk Front ut eit hefte med tittelen Martin Luther: DET UTVALGTE FOLK. Om jødene og deres løgner. Her finn ein nokre av passasjane frå Luther på norsk, med ei kort innleiing av den nazistiske soknepresten Hans Egede-Nissen. 

– Med nazismen vart tekstane løfta fram i fleire land. Og etter krigen har Luther blitt særskilt framheva som ein av fedrene til idehistorien til antisemittismen. På holocaust-museet i Washington DC kan ein til dømes sjå ein liten film om antisemittismen sin idéhistorie. Der er Luther prominent til stades, seier Rasmussen.

Omgrepet «antisemittisme» skildrar dei antijødiske haldningane slik dei vart utfalda på 1900-talet, med raseteoriar som ein viktig ingrediens.

Kompromisslaus reformator

Martin Luther var munk, professor og reformator, men nokon stor diplomat var han ikkje. Han var sterkt kritisk til den katolske kyrkja og paven, spesielt praksisen med avlatsbrev, der folk betalte pengar til kyrkja for å fri seg frå plager i skjærselden. Då keisar Karl V innkalla han til riksdagen i Worms i 1521, talte Luther makta midt imot og vart lyst fredlaus.

– Luther rosast mykje for motet han viste i Worms. Men samtidig var han, både der og i seinare samanhengar, veldig sikker på at han hadde rett og at andre tok heilt feil. Han kom lett i konfliktar og stempla motstandarane som fiendar, seier Rasmussen.

Denne tendensen kom også til syne i det Luther skreiv om jødane. På 1520-talet håpte han at jødane skulle omvendast og tolke skrifta på same måte som han sjølv. Men etter å ha leia eit omfattande arbeid med å omsette Det gamle testamentet frå hebraisk til tysk, der han også samarbeidde med jødiske lærde og rabbinarar, såg han ingen teikn til at dette skulle skje. Fronten vart skjerpa og på slutten av livet skreiv Luther fleire antijødiske tekstar, mellom anna «Von den Juden und ihren Lügen» («Om jødane og deira løgner») i 1543.

– Luther var skuffa over jødane, og han var også nedbroten fordi dottera Magdalena hadde døydd året før. Etter det vart han nok meir bitter og vrang, seier Rasmussen.

Luther hadde godt selskap

Teologiprofessoren understrekar likevel at Luther langt frå var den einaste som utviste antijødiske haldningar på 15- og 1600-talet. 

– Det skal ikkje unnskylde Luther, men det er viktig å ha med som eit korrektiv at han ikkje var åleine. Både blant katolikkar og reformhumanistar i samtida hans finn ein liknande haldningar, seier han.

Til og med Erasmus frå Rotterdam, kjent som den førande humanisten på 1500-talet og ein mykje heidra kristen humanist, hadde sterke antijødiske haldningar.

– Erasmus er kjent som ein tolerant mann, men når det gjaldt haldninga overfor jødar, var han ikkje mykje betre enn Luther, seier Rasmussen.

Også i seinmellomalderen, særleg blant dominikanarane på 1400-talet, fanst det antijødiske haldningar som støtta opp under drap og forfølging av jødar.

Jødehatet var ikkje ei avsporing

Tarald Rasmussen meiner at det er viktig å nytte 500-årsjubileet til å vise både positive og negative sider ved reformasjonen. Jubileet gjev Den norske kyrkja eit godt høve til å markere avstand frå denne sida ved Luther, meiner han.

– Kyrkja kan til dømes gjere det Den evangeliske kyrkja i Tyskland (EKD) har gjort. I 2015 vedtok synoden i EKD ein tekst der dei klart og tydeleg distanserer seg frå den seine Luthers antijødiske ytringar, seier Rasmussen.

Det lutherske verdsforbundet ytra seg kritisk om temaet i 1983, og nyleg gjekk den tyske kyrkja enda tydelegare ut med same bodskap.

– Luthers ytringar ligg der, og det kjem stadig fram at desse har vore brukt for å legitimere forfølging av jødar. I tillegg ser vi enda meir tydeleg enn før at dette ikkje berre var ei avsporing hos Luther, men eit utslag av hans måte å tenkje på. Det var ei konsekvent oppfølging av visse sider av teologien hans. Han var ein uforsonleg mann, og han såg på dei som var usamde med han som fiendar, seier Rasmussen.

Referanse: 

Per Kristian Aschim og Tarald Rasmussen. Reformasjon nå. Luther som utfordring og ressurs for den norske kirke, Eide forlag, 2016. Sammendrag.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse