(Foto: Øystein A. Vangsnes)

Norskfaget: Mykje sentrum og lite periferi?

Den siste tida har eg i ulike samanhengar vore involvert i diskusjonar om den pågåande fagfornyinga i regi av Utdanningsdirektoratet og då særleg den første skissa til ny læreplan for norskfaget. I vår engasjerte eg meg også i diskusjonen om kjerneelementa i norskfaget og sende inn eit svar i høyringsrunden som vart avslutta i april i år.

Førsteutkastet til ny læreplan i norskfaget vart lagt ut i midten av oktober med høve til innspel fram til 14. november. I den månaden innspelsrunden varte, har eg vore involvert i diskusjonar om det i mange ulike samanhengar. Eg har drøfta det med kollegaer ved UiT og det tok opp ein stor del av ei dagssamling for alle norsktilsette ved Høgskulen på Vestlandet (der eg er professor II), me har diskutert det i Fagrådet for skule og offentleg forvaltning i Språkrådet og i styret i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og i tillegg til samla uttalar frå desse instansane, sende eg også som enkeltperson inn mine synspunkt, og dei kan lesast her.

Fornyinga av norskfaget går i ein viss forstand i rett retning. Talet på læringsmål er nær halvert, og det er bra. Det er òg bra at det vert lagt tydelegare vekt på språkstruktur i opplæringa. Ja, grammatikk, altså. Eg saknar likevel nokre viktige moment i læreplanutkastet – når det gjeld det språklege og språksosiologiske – og når eg no har fått innspelsrunden litt på avstand, ser eg eit mønster på tvers av tre av desse. Det handlar om sentrum versus periferi. I geografisk forstand, men også i spennet mellom tradisjon og nyskaping. Det er som om læreplanutkastet i for liten grad evnar å sjå landet (og elevmassen) utanfor det sentrale austlandsområdet og misser nokre moglegheiter til nyskaping i og med det. Eg skal ikkje seia at tidlegare læreplanar var noko betre på dette området – det tvilar eg på – men det er inga orsaking for å ikkje få inn andre perspektiv no.

I tida framover no tek eg mål av meg å utdjupa dette i nokre eigne blogginnlegg, og dei tre momenta eg har i tankane, gjeld: 1. Språkleg mangfald inklusive det samiske og dei andre historiske minoritetsspråka våre; 2. Det dialektale mangfaldet og korleis born og unge utnyttar dette i retoriske handlingar og eigne skrivpraksisar dels ved at dei leikar på annan dialekt enn sin eigen (små born) og dels sjølv skriv dialektnært i private samanhengar (større born); 3. Den norske språkstoda som gir eigne utfordringar for det mindre brukte av dei to juridisk likestilte skriftspråka våre.

Me høyrest! (Og ja: Kvifor har presensforma av høyrast ein -e- og ikkje ein -a- i endinga? Det bør alle norsklærarar kunna svara på!)

Powered by Labrador CMS