Ein treng ein provokasjon for å bli sint. Når vi vert sinte dreier det seg ofte om at vi opplever noko som urettferdig. Vi kan oppleva at nokon har gjort noko urettferdig mot oss, at nokon ser på oss på ein feil måte, ifølgje forskar. (Foto: Dean Drobot, Shutterstock, NTB scanpix)

Kvifor blir vi sinte?

Spør en forsker: Kvifor blir vi sinte?Nokon ser raudt, nokon daskar neven i bordet så koppane flyg, nokon slår, nokon bannar og nokon latar som ingenting. Kvifor vert vi sinte?

Så kva er eigentleg sinne?

– Det er ein emosjon eller ei kjensle, og av oss psykologar vert denne kjensla rekna som ein av dei basale, seier Leo Kant, stipendiat ved Institutt for samfunnspsykologi, Universitetet i Bergen.

Han meiner vi kan skilja mellom tilstand eller trekk, på engelsk state eller trait. Tilstand i sinnesamanheng inneber at du kjenner deg sint og det kokar inni deg. Som eit personleg trekk er det meir stabilt, og nokon har lettare for at det kokar opp i dei.

– Sinne er ei distinkt og sosial kjensle, seier Kant. I 2012 vant han Bergens-finalen i Forsker grand prix. Han forskar på destruktivt leiarskap og kan meir enn dei fleste om sinne.

Difor blir vi sinte

- Et ein banan og få nok søvn. Det er Leo Kant sitt tips for ikkje å bli for sint. Han er stipendiat i psykologi ved Universitetet i Bergen. (Foto: Jens Helleland Ådnanes, UiB)

Ein treng ein provokasjon for å bli sint, ifølgje Kant. 

– Når vi vert sinte, dreier det seg ofte om at vi opplever noko som urettferdig – og det er ofte sosialt. Vi kan oppleva at nokon har gjort noko urettferdig mot oss, at nokon ser på oss på ein feil måte. Det treng ikkje vera reelt eingong, seier sinneforskaren.

Andre gonger kan ein verta sint av å sparka tåa i eit stolbein. Då kan det henda at ein rettar sinnet mot nokon som gjer noko ein kjenner som provoserande.

– Det er ikkje så mykje nytte i å kjefta på ein stol.

Fysisk klar til kamp

Sinnet påverkar kroppen ulike vis. 

Kroppen blir aktivert, adrenalin og noradrenalin pumper og blodet trekk seg vekk frå fordøyelsessystemet og ut i lemmene.

Ein er fysisk klar til kamp eller til å flykta, ifølgje Kant. Korleis ein tenkjer endrar seg også. Ein vert meir skjerpa i den forstand at blodforsyninga aukar i frontallappane, samtidig som følelsessenteret i hjernen går i spinn. Med eitt er ein handlingsorientert.

Sinnet kan faktisk vere nyttig. 

– Ja, ein kan seia at formålet med sinne er å retta opp i det som kjennest urettferdig. Og det kan vera ei kraftig drivkraft over tid og mot vanskelege odds, som til dømes i den arabiske våren, der store grupper kjente sinne og ville skapa rettferd. I tillegg kan det skapa fysisk energi der det ikkje finst. Spør Northug når han er heilt utpumpa og treng energi til ein heftig spurt – eg vil tru det er ein del sinne med i bildet der. Å vera sint handlar om kommunikasjon. Ein alvorleg sinnereaksjon uttalar eit behov. Det kan vera positivt, men også negativt.

Kulturelle skilnader

Kant meiner at sinne ikkje nødvendigvis er noko problem. Tvert imot kan det vera heilt rimeleg.

– Men om ein klikkar fullstendig og kjeftar ut folk eller i verste fall tyr til vald, då er ein over i det som på fagspråket vert kalla improper. Det er ei åtferd som ikkje vert tolerert. Det skapar eit dårleg miljø.

– Om ein sjef viser slik åferd i eit arbeidsmiljø, skapar det mindre glede og mindre produktivitet. Og å vera kronisk sint kan føra til helseproblem.

Norma for kva som er over streken, er forskjellig frå kvar du er og kven du er. Her er det kulturelle skilnadar. Du kjeftar ikkje ut sekretæren på jobben, men det er noko anna at ein sersjant roper på ein rekrutt i militæret.

Temperament – ei stabil kjensle

Kant seier at sinne er noko alle har, og at det har ein evolusjonær verdi. 

– Sinne kan til dømes aktivera status og dominans. Men i dagens samfunn har vi sjølvsagt andre utfordringar enn for 150 000 år sidan. Men alle kjenner altså sinne sjølv om nokon kjenner det sjeldnare enn andre. Temperament er ein av dei mest stabile kjenslene og persontrekka vi har, seier psykologen. 

Han påpeikar at det også er vanleg å undertrykke sinnet. 

– Det kan jo vera frykteleg frustrerande, særleg når det gjeld noko som vert opplevd som urettferdig. Samstundes er det svært vanleg. Ein kan manipulera kjenslene sine. Ein ler av sjefen sin dårlege vits, sjølv om han ikkje var så morosam. Det gjer ein for å modifisera seg og overleva.

– Vi er ikkje dampkjeler

Spørsmålet er om det kan koka over for oss, om vi undertrykker sinnet vårt over lengre tid?

 – Det er litt klisjé, det der. Vi er jo ikkje dampkjelar. Men det kan vera ein effekt, at ein går heim og sparkar hunden eller lét det gå ut over familien om ein kjenner seg dårleg behandla på jobben, seier Kant.

Samstundes understrekar han at det kan vera klokt å læra seg sjølv å kjenna og vita kva faktorar som gjer deg sint.

– Ein kan samanlikna det med når du høyrer Haisommer-musikken. Du veit at noko fælt kan skje. Alle bør kjenna sin Haisommer. Og det er fullt mogeleg å halda igjen sjølv om ein vert provosert. Forsking viser at det faktisk kostar kaloriar og energi å gjera det. For kvar gong du held igjen impulsar, blir det vanskelegare å lukkast neste gong. Og med lågt blodsukker er det lettare å både verta sint og å gå over streken i åtferd. Det er kanskje ikkje så rart at i situasjonar med mange kjappe opplevde provokasjonar kan ein mislukkast med å halda roen – som i ein småbarnsfamilie.

– Et ein banan

– Ja, kva er dei heitaste tipsa for å ikkje verta for sint?

– Et ein banan og få nok søvn! Er du låg på ein ressurs, er du mindre tolerant. Du må sørge for å vera klar før ein situasjon der du veit du kan verta sint. Og prøv å undersøka litt kva som har hendt før du tar heilt av. Har personen du var sint på, eigentleg prøvd så godt han eller ho kunne?

Powered by Labrador CMS