Nynorsken gjer elevane i Sogn og Fjordane flinkare

Sogn og Fjordane kan lære resten av landet ei lekse. Skulane i fylket gjer det nemlig uforholdsmessig bra. Nynorsk, lærarstatus og ressursbruk er delar av forklaringa.

Sogn og Fjordane gjer det paradoksalt nok bra på nasjonale prøver. (Foto: Shutterstock)

Finnut

Forskingsrådsprogrammet Finnut er eit stort og langsiktig program (2014–2023) for forsking og innovasjon i utdanningssektoren. Det dekker forskning frå barnehage og skule til høgare utdanning og læring hos vaksne. Utdanningsprogramma Prakut og Utdanning2020 førast vidare i Finnut.

Fakta om prosjektet

Namn: Lærande regionar (Learning regions project (LRP) – developing better basic skills through better understanding of local culture)
Varigheit:
2012–2014
Prosjektleiar: Göran Söderlund
Finansiering: 8,5 millionar kroner frå Forskingsrådet sitt program Praksisrettet utdanningsforskning (Prakut) og 3 millionar kroner som eigeninnsats frå dei institusjonane som tek del
Ansvarleg institusjon: Høgskulen i Sogn og Fjordane
Samarbeidspartnarar: Fylkesmennene i Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag, Aust-Agder og Oppland

Forskjellane mellom norske skular som ligg langt over gjennomsnittet og dei som skårar lågt, kan samanliknast med det ein elev lærer i løpet av omtrent eitt år på skule, ifølgje Gjert Langfeldt, pensjonert professor ved Universitetet i Agder.

I 2012 starta han opp eit forskingsprosjekt med mål å knekke skulekoden i Sogn og Fjordane. På nasjonale prøver i rekning, engelsk og lesing ligg elevane i dette fylket heilt i landstoppen saman med Oslo og Akershus.

Slik har det vore sidan dei første nasjonale prøvene i 2006. I fjor hadde elevane i fylket det høgaste karaktersnittet av alle som gjekk ut av grunnskulen, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Paradoks

Forskarane kallar det eit paradoks, fordi folk i Sogn og Fjordane har langt lågare inntekt og utdanningsnivå enn landsgjennomsnittet. Dei gode resultata i Oslo og Akershus heng saman med utdanningsnivået til foreldra.

Sosioøkonomisk bakgrunn er den absolutt viktigaste faktoren når det gjeld prestasjonar på skulen, og forklarer minst 75 prosent av variasjonen i forskingsresultata, seier Göran Söderlund, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har teke over som prosjektleiar etter Langfeldt.

For å få tak i den paradoksale, regionale effekten i Sogn og Fjordane, leitar forskarane på tre ulike nivå:

Frå fokus på ulike kulturelle regionar i Noreg, til praksis i fylke og kommune, og til sist inn i klasseromma på 5. og 8. trinn. Dei samanliknar skular i Nord-Trøndelag, Oppland og Aust-Agder i tillegg til Sogn og Fjordane.

– Vi har 12 forskingsgrupper som er i sving med å undersøke ulike mogelege forklaringar på den høge skåren på nasjonale prøver, forklarer Söderlund.

Blir flinkare med nynorsk

Eitt av dei foreløpige funna er at nynorsken gir ein fordel. Det er ei kjend sak at hjernen fungerer betre når den kan fleire språk. Dette påverkar alt frå rekneferdigheiter til kreative evner. Nynorsk og bokmål er ikkje så ulikt, men resultata tydar på at forskjellane er store nok til at effekten slår inn.

Sogn og Fjordane er den einaste regionen i landet med nynorsk som heilt dominerande majoritetsspråk. Meir enn 97 prosent av elevane har nynorsk som hovudmål.

Meistring av to skriftspråk i eit land som i aukande grad favoriserer bokmål, ser altså ut til å styrke hjernen til elevane.

Fleire lærarar

Forskarane finn også at lærarane sin status har ein effekt. I Sogn og Fjordane kan det hende at læraren har vore bygdehøvding i større grad enn andre stader. – Trass i berre 3 prosent av befolkninga, er 15 prosent av lærarane i landet frå Sogn og Fjordane, og slik har det vore i 100 år.

At mange utdannar seg til lærarar i Sogn og Fjordane, kan tyde på at læraren har ei spesiell stilling, seier Söderlund.

Ei større vektlegging av utdanning kan ha kome inn som ei motvekt til fylket sin svakare status på andre område. Mangelen på ei sterk middel- og overklasse har nok gjort sitt med tanke på å legge til rette for andre økonomiske og kulturelle strategiar for modernisering. – Med dårlegare føresetnader skjerpar ein seg kanskje ekstra for å kompensere, seier prosjektleiaren.

Sogn og Fjordane stikk seg dessutan positivt ut på andre felt enn nasjonale prøver. Fylket har for eksempel høg levealder, god helse, få skilsmisser, lav arbeidsløyse, få på sosialstønad, låg kriminalitet og lågt rusmisbruk.

Meir effektiv styring

På eit meir lokalt nivå finn forskarane teikn på at styringssystema – altså korleis pengane blir brukt – er meir effektive i Sogn og Fjordane. – Vi undersøker om pengane rekk lenger, og om ein gjer gode satsingar, fortel Söderlund.

Foreldra i fylket er også litt meir aktive i skulen, viser førebelse resultat frå ein annan del av prosjektet. Når det gjeld lærarkompetansen har forskarane så langt ikkje funne nokon effekt. Innsamlinga av data er framleis i gong, men lang utdanning i matematikk ser ikkje ut til å direkte betre mattekarakterane på dette nivået.

Elevane i Sogn og Fjordane har på den andre sida større sjølvtillit enn elevane i andre fylke. Observasjonar i klasseromma skal vere med og finne kva som er forklaringa på dette.

– Til hausten skal vi ut og observere ting som korleis undervisninga er lagt opp og tidsbruken i klasserommet, og i kva grad undervisninga gir mogelegheit til kjensle av meistring, seier Söderlund.

Andre undersøkingar i prosjektet viser at læringsmiljøet er viktig, og det same gjeld kommunikasjonen mellom lærarar og elevar.

Prosjektet er lagt opp slik at skulane har vore involvert frå første dag, gjennom diskusjonar og tilbakemeldingar på førebelse funn. Slik sett kan det også kallast eit utviklingsprosjekt. Skulane må sjølve vere med og tenke ut kva dei trur fungerer bra.

Inga fempunktsliste

Allereie for eit år sidan byrja skular, rektorar og skuleeigarar å spørje forskarane kva slags framgangsmåtar dei burde bruke i skulen.

– Vi kjem ikkje til å levere ei liste med faktorar for framgang som bør bli gjennomført. Det er slikt som skjer i Nord-Korea. Kvar skule er unik – for eksempel med tanke på kva slags lærarar som arbeider der, og kva slags elevar som går der. Det kan difor vere faktorar som fungerer bra på gruppenivå, men som ikkje fungerer så bra for den individuelle skulen, seier Söderlund.

Når forskarane har besøkt skulane, har det sett i gong ein del prosessar.

– For eksempel har det utløyst store diskusjonar mellom lærarane. Skulane har blitt meir interesserte i forsking, seier prosjektleiaren.

Han meiner det er viktig at lærarar ser til forskinga, men oppfordrar samtidig til kjeldekritikk, og til å oppsøke ulike forskingsresultat.

Sjølv om fempunktslista uteblir, kjem funna i prosjektet til å bli samla i ei bok som etter planen skal i trykken neste år. Her skal forskarane sjå dei ulike undersøkingane i samanheng, og meininga er å kunne seie noko om kva som karakteriserer dei skulane det går bra for. Redaktør for boka er Gjert Langfeldt.

Metodikk

Det står altså att å sjå om dei vågar å setje tal på kor mykje dei ulike faktorane spelar inn på skulesuksessen i Sogn og Fjordane.

Göran Söderlund er førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. (Foto: HiSF)

– Det er veldig vanskeleg å kvantifisere. Det er så mange andre faktorar som spelar inn, for eksempel kvar enkelt lærar som mennesketype, gode eller dårlege lærebøker, planlegginga av undervisninga, og så vidare, seier prosjektleiaren.

Målet er uansett å sjå om det er mogeleg å kome fram til ein metodikk for å finne fram til kva ein kan gjere for å få betre resultata av undervisninga. Det er også meininga å kome med innspel til korleis statleg politikk kan ta omsyn til kva det regionale nivået betyr.

Utgangspunktet for prosjektet var eit ønske frå fylkesmennene i kommunane som deltek, om å forske på kva som verkar positivt inn på resultata frå nasjonale prøver.

– Viktig å evaluere

Når det gjeld fokuset på nasjonale prøver, meiner Söderlund at det er viktig å evaluere alle typar verksemder. Frå eit nasjonalt perspektiv er det ikkje rimeleg at born frå nokre stader i landet får med seg eit anna grunnlag i livet enn elevar frå andre stader.

– Det er enormt viktig at vi evaluerer kva borna lærer seg. Prøvene viser ikkje alt eleven har lært seg, men det som handlar om leseforståing og grunnleggande matematikk er veldig grunnleggande ferdigheiter. Dei som ikkje får med seg dette, vil slite med det resten av livet. Testar som måler slike ferdigheiter er ikkje vanskelege å få til, seier prosjektleiaren.

Han er ikkje særskilt uroleg for at undervisninga skal bli altfor tilpassa testane.

– Om undervisninga fokuserer på å lese, skrive og rekne, så er det bra. Du kan jo gå til eit tilfeldig fengsel og sjå på lese- og skrivenivået der, seier Söderlund.

Powered by Labrador CMS