Kjønnstereotype forventningar og ulik tilgang til uformelle nettverk gjer det meir utfordande for kvinner å bli toppforskarar. (Foto: Microstock)

Lettare for menn å bli toppforskarar

Det skal mykje til for å bli ein forskar i toppklassa. I praksis er det ofte lettare for menn enn for kvinner å oppfylle krava, hevdar forskar.

Innstegsstillingar

Innstegsstillinga, eller «tenure track», som det heiter på engelsk, er opphavleg ei amerikansk ordning for å rekruttere dei aller beste forskarane, knytt til førestillinga om såkalla eksellens, å vere framifrå etter bestemte målbare og objektive kriterium.

Ifølgje universitetsavisa Uniforum har innstegsstillingar også vorte assosiert med tryggare karrierevegar for unge forskarar i etableringsfasa, og noko som kanskje kan bidra til å betre kjønnsbalansen i akademia. Norske lærestader er førebels lunkne til ordninga.

Kilde: Kilden - informasjonssenter for kjønnsforskning

Dei driv forsking i verdsklasse, er ivrige nettverksbyggjarar og er opne for nye vågestykke kor som helst i verda.

Slik er idealakademikaren, slik Rebecca Lund finn han i si undersøking av konsekvensane av den såkalla innstegsordninga, ei ordning som skal sørge for eksellens i forskinga, og at institusjonane rekrutterer dei aller beste forskarane. 

Fokuset på eksellens blir sett i samanheng med ein bestemt type maskulinitet, hevdar forskar Rebecca Lund. (Foto: privat)

– Det blir hevda at det er mogleg for alle å bli ein toppforskar, berre ein jobbar hardt nok. Men i praksis er det lettare for menn enn for kvinner å oppfylle krava, seier forskar Lund, som har vore oppteken av kjønnsperspektivet i innstegsordninga.

Ho meiner at stereotype forventningar til kvinner og menn og ulik tilgang til uformelle nettverk gjør det vanskeleg for kvinner enn for menn å bygge CV-en som krevjast for å få tilgang til innstegsstillingane.

Utgangspunktet for studien er hennar eigen arbeidsplass, Aalto-universitetet i Helsinki, og bakgrunnen er Stortingets ja til ei prøveordning med såkalla innstegstillingar for forskarar.

Idealakademikaren

I styringsdokumenta til innstegsordninga på Aalto-universitetet finst ei førestilling om idealakademikaren, som alle forskarar bør strekke seg etter, ifølgje Lund.

Liisa, ein av forskarane som Lund intervjua til studien, beskriv idealakademikaren slik:

«Du må være god innen alle områder innen akademisk arbeid. Både forskning og undervisning. Men forskning er det som teller, og det er meningen at du skal publisere i mange gode tidsskrifter, så klart. Og for det meste jobbe med internasjonale kollegaer, du vet, ingenting som har med Finland å gjøre teller. Og du bør skrive på engelsk. Det er nødvendig å drive “networking” med forskjellige av de beste universitetene sånn at det ser bra ut og ser ut som du gjør forskning i verdensklasse.»

Vektlegginga av eksellens, som er nært knytt til førestillinga om idealakademikaren, blir sett i samanheng med ein bestemt type maskulinitet, ikkje ulik den ein finn innanfor multinasjonale konsernleiingar, hevdar Lund.

Det inneber total forplikting til organisasjonen sine mål.

Få kvinner i innstegsstillingar

Å vie heile livet til karrieren er med andre ord ein føresetnad for å bli ein suksessrik juniorforskar i innstegsordninga.

– Det er noko mange kvinner under 40 ikkje kan, hevdar Lund, og viser til at kvinner tek ut størsteparten av foreldrepermisjonen og er dermed meir borte frå arbeidet enn menn. Kvinner er også i fleirtal blant dei deltidstilsette i akademia, og har meir undervisningsansvar.

Det viser seg at det også er svært få kvinner blant forskarane i innstegsstillingar på Aalto-universitetet. I åra 2000 til 2011 tilsette universitetet 85 forskarar i innstegsstillingar. Berre 18 prosent av søkjarane var kvinner, og 16 prosent av stillingane gikk til kvinner. Til samanlikning utgjer kvinner om lag halvparten av stipendiatane i Finland.

Kriterium i favør av menn

I den norske prøveordninga skal kandidatane til innstegsstillingar tilsettast mellombels i seks til sju år og bli evaluert undervegs etter bestemte kriterium.

Dei som oppfyller krava, skal få fast tilsetting ved utløpet av perioden, enten som førsteamanuensis med høve til opprykk som professor eller i ei forskar- og undervisningsstilling.

Førebels er det snakk om 300 stillingar, men det følgjer ingen ekstra bevillingar med.

Det er særleg punktet om at det ikkje skal ha gått meir enn fem år sidan dei som søkjer innstegsstillingane disputerte, som har blitt møtt med kritikk.

Senter for kvinne- og kjønnsforsking i Bergen hevdar at ein slik regel kan vere lite fordelaktig, særleg for kvinner:

«Dette vil for mange kandidater være en periode i livsløpet med fødsler og omsorg for små barn – en fase som generelt legger større beslag på kvinners tid, arbeidskraft enn menns. 5-årsrgelen vil følgelig kunne påvirke kvinners publiseringsevne mer negativt enn menns, og også hemme kvinners progresjon i forhold til de øvrige kriteriene som kandidatene eventuelt måles etter», uttalar dei til universitetsbladet På høyden.

Andre forventningar til kvinner

Lund hevdar at det i tillegg ofte er større forventingar til at ei kvinne skal bidra med omsorgsarbeid, også på arbeidsplassen.

Ein mannleg forskar ho intervjua fortalde korleis dei unge kvinnene på instituttet bidrog til å skape fellesskap, gjennom kaffi og kake-samlingar ein gong i veka.

Når desse kvinnene ikkje var tilstade, til dømes fordi dei var i mammapermisjon, gikk dei andre tilsette tilbake til å lukke dørene og halde seg for seg sjølv.

– Sjølv om han syntest det var synd, tok han likevel ikkje sjølv initiativ til slike samlingar. Han var for opptatt av arbeidet sitt, seier Lund.

Usynleg arbeid

Ho trur at forventingane om at kvinner tek større ansvar for det usynlege arbeidet kan gjere det vanskelegare for kvinner å finne tid til å skrive og publisere.

– Skiljet mellom synleg og usynleg arbeid fell også saman med førestillingar om maskulinitet og feminitet. Sjølv om kvinner kan ta del i typiske maskuline gjeremål og omvendt, blir kjønnsstereotypiane reprodusert på subtile og ofte umedvitne måtar, seier ho.

Undervisning tel mindre

Lund er kritisk til evalueringssystemet som innstegsstillingane er basert på. Fokuset på målbare og objektivet kriterium legg føringar for kva for akademisk arbeid og erfaring som blir vektlagt, og indirekte kva for arbeid som ikkje tel, hevdar ho.

– Å publisere i anerkjende tidsskrift er viktig for ein forskar, men det er på langt nær det einaste ein forskar gjer. Mange kvinner bruker meir tid på å undervise og rettleie studentar, sjølv om dette har mindre verdi i evalueringane. Dette arbeidet blir difor usynleg.

– For at nokon kan vere idealakademikarar må nokon andre undervise, planlegge pensum, følgje opp studentar og gjere omsorgsarbeidet – på universitetet så vel som i heimen, seier Lund.

Konflikt mellom vil og bør

Fleire av forskarane Lund intervjua fortalde at det dei «bør» gjere dersom dei vil ha ei karriere, ofte er i strid med det dei «vil» gjere som forskarar.

Til dømes:

– Forskarar blir oppmuntra til forskingsopphald i utlandet. Men skal ein da velje mindre kjende universitetet som har det beste forskingsmiljøet for det ein sjølv er mest interessert i, eller det prestisjefylte universitetet, sjølv om forskingsmiljøet der er mindre relevant?

– Å velje det prestisjefylde universitetet ser jo best ut på CV-en.

Kritiske blogginnlegg

Lund fortel at forskarane på Aalto-universitetet hadde ulike strategiar andsynes idealakademikaren og eksellens-tenkinga.

Nokon omfamna det, nokon brukte det instrumentelt utan å ta det for god fisk, medan andre viste openlys motstand – gjennom til dømes kritiske seminar og blogginnlegg.

Uansett tilnærming blir alle forskarar stilt til ansvar overfor det.

– Om ein som forskar ikkje deltek nok i dei aktivitetane som får utteljing, får ein rett og slett ikkje jobb i akademia, seier Lund.

Akademiske maktkampar

Ifølgje forskaren er standardane for kva som blir rekna som akademisk kvalitet eit produkt av maktkampar.

– Det ligg makt i å definere kva som skal telle som akademisk kvalitet. Idealakademikaren er eit produkt av desse maktkampane, men blir framstilt som nøytral kunnskap og objektive standardar, seier ho.

– Forskarar, inkludert meg sjølv, blir fanga i ein illusjon at det berre er meritter og evner som avgjer i konkurransen om stillingar og finansiering, sjølv om vi veit at det ikkje er så enkelt.

Referanse:

Rebecca Lund. Akademia. “Idealakademikeren” og kvinnelige akademikeres hverdag i I hjertet av velferdsstaten. En invitasjon til institusjonell etnografi, Karin Widerberg (red.). Cappelen Damm, 2015. Sammendrag

Powered by Labrador CMS