Saken er produsert og finansiert av Norges forskningsråd - Les mer

Barnehagetilsette kritiske til tidleg barnehagestart

Berre halvparten av dei barnehagetilsette synast at eitt-åringane er gamle nok til å gå i barnehage, og meiner dei minste har for lange dagar.
13.5 2014 05:00


Er norske barnehagar rusta til å ta imot dei minste?

Det har vore ein eittåringseksplosjon i norske barnehagar dei siste åra.

Dei tilsette er på si side usikre på om barnehagen er rett plass for dei aller minste, viser ei ny spørjeundersøking blant over 1300 barnehageassistentar og nærmare 1200 pedagogiske leiarar i norske barnehagar.

Berre halvparten av dei tilsette i barnehagane synast eitt år er rett alder for når barna skal ta til i barnehagen. Så godt som ingen meiner barn som er yngre enn eitt år skal byrje i barnehage.

25 prosent av dei barnehagetilsette meiner barna bør vere 1,5 år. 17 prosent meiner dei bør vere over 2 år gamle før dei startar i barnehagen, mens 4 prosent meiner borna bør vere over 3 år.

I tillegg meiner over halvparten av personalet i barnehagen at dei under tre år ikkje bør vere der lenger enn 4–6 timar om dagen. For barn over tre år syns eit stort fleirtal av dei tilsette at 6–8 timar om dagen er greitt.

– Tilsette i barnehagen meiner barn under tre skal ha kortare opphaldstid enn barn over tre, seier stipendiat Mette Løvgren ved Høgskolen i Oslo og Akershus, som har vore med på undersøkinga.


Mette Løvgren er stipendiat ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

I resultatrapporten blir dette tolka slik at dei tilsette er noko kritiske til om standarden i barnehagane tilfredsstiller særleg dei yngste barna sine behov.

Eksplosjon av ettåringar

Over 46 000 barn på eitt år eller yngre gjekk i barnehagen i 2012. Til samanlikning var rundt 18 000 av barna i denne aldersgruppa i barnehagen i 2002, ifølge tal frå SSB.

Ved slutten av 2012 gjekk 70 prosent av norske eittåringar i barnehage, og 80 prosent av barna i aldersgruppa 1–2 år.

– Den generelle veksten har vore veldig stor dei siste 15–20 åra, seier professor og prosjektleiar Peder Haug ved Høgskulen i Volda. Han kallar veksten eksplosiv.

I 1970 var mindre enn tre prosent av norske barn i førskulealder i barnehage. I 2002 var dekningsgraden 66 prosent, og i 2012 var den 90 prosent.

Når det gjeld lengda på dagane til borna i barnehagen, viser statistikk fra SSB at 95 prosent hadde ei avtalt opphaldstid på 41 timar eller meir per veke i 2012. Avtalt opphald er ikkje det same som faktisk opphaldstid. Ifølge ein SSB-rapport frå 2010 var norske barn i barnehagen gjennomsnittleg 35 timar per veke, uansett aldersgruppe.

Dei siste 40 åra har altså barnehagen blitt ein vanlig del av den norske barndomen, og ordninga har brei aksept i samfunnet. Den aksepten fanst ikkje på 1970-talet, då barnehage var eit marginalt fenomen.

– På byrjinga av 1970-talet var motstanden mot utbygging av barnehagar veldig stor. Den motstanden har berre blitt mindre og mindre i den generelle befolkninga, seier Haug.

- Ikkje godt nok rusta

Mette Løvgren tolkar reservasjonane til dei tilsette i barnehagen som ei kunnskapsbasert haldning. Ho meiner det kan handle om at barnehagelærarane ikkje syns barnehagen er godt nok rusta, og at dei er usikre på om utdanninga har førebudd dei godt nok til å takle eittåringsinvasjonen.

– Vi må i større grad studere tilbodet til dei yngste i barnehagen, og utvikle ein pedagogikk med tanke på å treffe denne gruppa på ein god måte, seier Haug.

Då Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) evaluerte utdanninga for førskulelærarar i 2010, fekk den kritikk for å ikkje vie nok merksemd til dei minste borna sine behov.

Standarden på norske barnehagar har også vore mykje diskutert generelt, fordi det er så stor mangel på faglærde. Berre om lag ein tredel er pedagogar med høgare utdanning. To tredelar er assistentar, og av dei er fleirtalet utan utdanning innan barnehagearbeid.

Ein konsekvens er at dei som faktisk har utdanning kan ha store vanskar med å få praktisk gjennomslag for den kunnskapen dei skal ha fått med seg frå utdanninga, ifølge resultatrapporten frå prosjektet.

– Må få bruke kompetansen sin

– Ut frå kompetansen som førskulelærarane har, skulle eg ønske at de i større grad fekk påverke og dominere verksemda i barnehagen, seier Peder Haug. I staden er det slik at praktisk erfaring blir vurdert som like viktig som utdanning blant dei tilsette i barnehagane.

– Om profesjonsutdanninga ikkje har verdi, forsvinn legitimiteten til både utdanninga og barnehagelærarane. Om den har verdi, må den få gjennomslag i barnehagen, seier Haug. Han meiner utdanninga er viktig for å forstå av kva slags utfordringar det inneber å ta vare på born frå eittårsalder og oppover.

– Det er ikkje eitt og eitt barn som i familiar. Dei tilsette har ansvar for 10-20 barn samtidig. Alle skal oppleve kontakt, meistring, trivsel og velvere. Det er ikkje enkelt, men den kompetansen har barnehagelærarane, og den må dei få lov til å bruke, seier Haug.

Mangelen på verdsetting av kunnskap om pedagogisk arbeid legitimerer at både faglærte og ufaglærte langt på veg gjer dei same oppgåvene i barnehagane.

– Lange opningstider gjer at personalet må gå vakter, og då er ikkje barnehagelærarane alltid til stades. Skal det gå opp, må alle stort sett gjere alt.

Ideologisert felt

– Andre land har løyst dette ved å lage pedagogisk kjernetid - ei viss tid på dagen med pedagogisk tilbod. Elles er det først og fremst tilsyn og omsorg. Det er ikkje politisk gjennomslag for dette i Noreg, seier Haug.

Utdanningsforbundet og barnehagelærarane sjølve meiner løysinga er å auke talet på barnehagelærarar.

– Ei dobling vil gi dekning, men det synast å vere politisk urealistisk i dag. Politisk blir det satsa meir på å prøve å kvalifisere assistenten ved å tilby barne- og ungdomslinje på vidaregåande og etterutdanningstiltak, seier Haug.

Ifølge Haug er det vanskeleg for forskarane å få gjennomslag for sine resultat og perspektiv på feltet, fordi det er så ideologisert.


Peder Haug er professor ved Høgskulen i Volda og prosjektleiar for MAFAL.

Likar ikkje resultata

– Både barnehagelærarar og enkelte andre forskarar stiller spørsmål ved resultata framfor å diskutere saka. Det er viktig å diskutere resultat og premissane for forskinga, men det er synd at debatten endar der i staden for å ta opp konsekvensen av resultata, seier professoren.

Han meiner det som har kome fram i forskningsprosjektet er ting som yrkesgruppa ikkje likar.

– Vi seier at barnehagelærarane har problem med å få gjennomslag for sin kunnskap. Det likar dei ikkje å høyre. Vi seier at dei er skeptiske til ein tidleg start og lange opphald i barnehagen – det likar dei heller ikkje. Dette er poeng som undergrev institusjonen og profesjonsgruppa sin status og legitimitet, seier Haug.

Barnehageutbygging knytta til oljen

Han meiner presset mot å akseptere barnehagar har blitt veldig stort, fordi vi har innretta samfunnet slik at vi er heilt avhengige av at så mange som mogeleg er ute i arbeid.

Ei av dei første politiske utgreiingane som hadde relevans for barnehageutviklinga kom i 1974 og heiter «Petroleumsvirksomhetens plass i det norske samfunn». Då petroleumssektoren skulle utviklast, blei det behov for mange fleire arbeidsplassar, og det blei ønskeleg å få langt fleire gifte kvinner ut i arbeidslivet.

«Dette krever investeringer i tjenesteyting som daginstitusjoner for barn og lignende», slår utgreiinga fast.

– Barnehageutbygginga blei kopla til oljen. Det blei utvikla ein ideologi som seier at du skal ut i arbeid for å yte nasjonen rettferd. Her har barnehagesektoren ein sentral rolle, seier Haug.

– Ville du sjølv sendt ein ettåring i barnehagen i dag?

– Det er avhengig av barnehagen. Nokre fungerer veldig bra, men eg er kjend med at enkelte ikkje fungerer godt. Dei barnehagane ville eg ikkje sendt ein eittåring til om eg hadde noko val. Mange foreldre har ikkje noko val, seier Haug.

Sosialt eksperiment

Professoren trur dette er ei forklaring på at foreldre seier seg nøgde med barnehagen til sine barn. Det ville bli nærmast umogeleg å sende dei dit om dei konkluderte med at den ikkje fungerte godt.

– Eg trur dette er i ferd med å endre seg, fordi barnehagedekninga er blitt så stor at foreldre kan velje meir enn før. Konkurransen vil kunne presse barnehagar som ikkje fungerer, seier han.

Fordi politisk fokus først og fremst har vore på utbygging, og ikkje på kvalitet i barnehagen, meiner han det er rett å kalle utviklinga for et sosialt eksperiment.

– Vi gjer noko i stor skala som vi ikkje har gjort før. Vi vedtek at det skal vere bra, men slike vedtak er ikkje verdt papiret dei er skrivne på. Det er uvisst om vi etter 20–30 år møter vaksne som skuldar foreldra for å ha sendt dei i barnehagen som veldig små, seier Haug.

Han trur likevel det er liten sjanse for at vi gjer noko gale, og meiner det er fullt mogeleg å skape barnehagar som er gode nok til å ta vare på eittåringar.
 

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

FINNUT-programmet

Forskningsrådets program FINNUT er et stort og langsiktig program (2014–2023) for forskning og innovasjon i utdanningssektoren. Det dekker forskning fra barnehage og skole til høyere utdanning og voksnes læring. Utdanningsprogrammene PRAKUT og UTDANNING2020 videreføres i FINNUT.

Om MAFAL-prosjektet

Namn: Meistring av førskolelærarrolla i eit arbeidsfelt med lekmannspreg (MAFAL)
Prosjektperiode: 2008 – 2013
Finansiering: 7,2 millionar gjennom Forskningsrådets program PRAKUT, rundt 4 millionar frå Høgskulen i Volda
Ansvarleg institusjon: Høgskulen i Volda
Prosjektleiar: Peder Haug
Samarbeidspartnarar: Senter for profesjonsstudier, Høgskolen i Oslo og Akershus