Korleis måle mjølkesyra?

Det finst mange måtar å måle terskelen for melkesyre. Men for eit nøyaktig resultat, må ein ta tida til hjelp.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kampen mot klokka og eigne personlege rekordar er stor for mange av dei som deltek på sykkelritt, maraton og andre uthaldenheitskonkurransar.

Mange av desse trenar på eiga hand, utan trenar eller vidare organisert opplegg. Såleis kan det fort føre til feiltrening fordi dei ikke har mekanismar for å kontrollere effekten av det dei gjer.

Målingar av blodlaktat, eller mjølkesyre, ved en laktatprofiltest kan vere ein metode for å få litt oversikt over treninga.

Slike målingar har lange tradisjonar hjå topp-idrettsutøvarar. Føremålet med målingane er å finne den høgaste belastninga kroppen kan tåle utan at blodlaktatkonsentrasjonen stig. På engelsk kalt Maximal Lactate Steady State (MLSS).

– Desse målingane gjev informasjon som seier noko om kor stor belastning kvar enkelt kan klare, før oksygentilførselen blir utilstrekkeleg og ein stivnar heilt. Og så kan det brukast til å vurdere effekten av trening, fortel Asgeir Mamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

Han har saman med fleire andre forskarar sett nærare på måling av laktatprofilar.

(Foto: Birkebeinerrennet)

Mamen fortel at metoden for å finne MLSS er tidkrevjande, for utøvaren må gjennomføre fleire drag på 30 min over fleire dagar, og måle blodlaktatkonsentrasjonen kvart femte minutt.

Sidan dette tek lang tid, bruker ein vanlegvis ein laktatprofiltest som er lettare å gjennomføre, men heller ikkje her er det beint fram.

Stor forvirring

– Det finst omlag 30 ulike måtar å bestemme laktatterskelen, som skal samsvare med MLSS. Dessutan måler forskjellige analysatorar ulikt, seier Mamen.

Ein vanleg laktatprofiltest er utforma som ein “trappetest” der belastninga aukar kvart femte minutt, og laktatkonsentrasjonen blir målt etter kvar periode.

Så blir disse målingane plotta opp mot arbeidsbelastninga, og vi får ei kurve der blodlaktatkonsentrasjonen stig eksponentielt med aukande belastning.

Asgeir Mamen. (Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane)

– Eit punkt på denne kurva representerer MLSS. Men kva av terskeldefinisjonane passar med den analysatoren som er bruk, og gir oss riktig MLSS belastning? spør Mamen.

– I praksis betyr mangfaldet av målingar og metodar at mange tek utgangspunkt i feilaktige berekningar og slik legg opp treninga enten for hardt eller for slapt i høve det som er den faktiske mjølkesyreterskelen.

Etter å ha testa seks ulike metodar for å estimere MLSS fra en laktatprofiltest, meiner forskarane at det er best å ta tida til hjelp.

– Dersom du må ha eit meir nøyaktig resultat, så vil vi nok anbefale å ta den tidkrevjande metoden. For det er mest eksakt, understrekar Mamen.

Powered by Labrador CMS