Saken er produsert og finansiert av De regionale forskningsfondene - Les mer
Storknolla råtesopp tar årleg knekken på salat for fleirfaldige millionar i norske salatåkrar.

Vil fjerne soppen frå salaten

Storknolla råtesopp er ei pest og ei plage for dei som dyrkar salat. No er det påvist ein ny art av soppen i norske salatåkrar.

4.4 2016 04:00

Storknolla råtesopp er ein parasittsopp som jamleg gjer innhogg i avlingane og fører til store økonomiske tap for norske salatdyrkarar.

– Omfanget av problemet er særleg stort når salaten vert dekt til med fiberduk for å forlenge vekstsesongen. Tildekkinga skapar eit fuktig mikroklima der soppen trivst godt, og tap på 20–30 prosent av avlinga er slett ikkje uvanleg. I ekstreme tilfelle har vi sett at inntil 70 prosent av salaten vert øydelagd, seier Berit Nordskog.

Ho er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og har leia eit forskingsprosjekt der den storknolla sabotøren har stått i sentrum.

Subarktisk type påvist

– For å utvikle gode plantevernstrategiar må vi først vite kva typar av storknolla råtesopp som angrip norsk salat. Effektive mottiltak føreset at vi kjenner biologien til den einskilde arten, seier Nordskog.

Tidlegare var Sclerotinia sclerotiorum den einaste kjende arten av storknolla råtesopp i norske salatåkrar. No er det for første gong påvist at også ein annan art tråkkar flittig i salatbedet. Det dreiar seg om Sclerotinia subarctica, ein art som vart oppdaga her i Noreg på 1990-talet.

– Vi har fått prøvar frå salatdyrkarar over heile landet, og analysane våre viser faktisk ei ganske jamn fordeling mellom dei to typane av storknolla råtesopp. Begge artane er påviste på same tidspunkt i same felt og er også jamt fordelte i prøvar frå ulike regionar.


Den storknolla råtesoppen trivst på svært mange ulike vertsplantar – mellom dei salat – og er vanskeleg å nedkjempe. (Foto: Berit Nordskog, NIBIO)

Standhaftig plageånd

– Det positive er at vi no har oversikt over hovudårsaka til smitta; vi veit kva for artar vi har med å gjere. I tillegg ser det ut til at det ikkje er store skilnader mellom artane reint biologisk og heller ikkje når det gjeld korleis dei angrip eller når dei angrip. Det betyr truleg at ein kan gå laus på begge artane med ein felles strategi, seier Nordskog.

Det kan vere utfordrande nok. Den storknolla råtesoppen er nemleg ei standhaftig plageånd som har fleire ess i ermet.

For det første dannar han såkalla kvileknollar, som kan ligge mange år i jorda og berre vente på eit passande høve til å gjere ugagn. For det andre kan han også overleve som mycel – eit nettverk av tynne celletrådar – i daude planterestar. Og for det tredje smittar han ikkje berre gjennom direkte kontakt med røter eller andre plantedelar.

– Når det er fuktig, dannar han det vi kallar ein fruktlekam som skyt fire–fem centimeter opp av jorda. På toppen er det ein sporehatt med eit utal sporar som kan drive med vinden og spreie smitte.

I tørt vêr tørkar sporane ganske raskt inn eller vert drepne av UV-stråling, men i fuktig vêr kan dei flyge over ganske store avstandar.

– Undervegs i prosjektet har vi fått mange rapportar om luftboren smitte, så dette er heilt klart ei stor utfordring. Den storknolla råtesoppen trivst også på mange ulike vertsplantar, noko som kan gjere det ekstra vanskeleg å forhindre spreiing. Det er berre planteslag som korn, gras, lauk og purre som ikkje er utsette for angrep, forklarar Nordskog.

Sopp mot sopp

Eit av tiltaka forskarane har prøvd ut for å nedkjempe råtesoppen, er å sette ein annan sopp i arbeid.

– Nyttesoppen Conithyrium minitans, som finst naturleg i jorda, er kjend for å ta knekken på storknolla råtesopp. Vi testa eit biologisk preparat – Contans – der vi blanda sporar frå denne soppen ut i vatn. Dette middelet sprøyta vi ut på åkeren to gonger i løpet av sesongen.

Resultatet vart ikkje så eintydig som Nordskog hadde håpa på, men ho trur likevel at langvarig behandling med Contans kan gje effekt.

– Problemet er at smitte frå kvileknollane vert spreidd kvar gong ein vender jorda, så ein må nok behandle over fleire år for å hindre ny spreiing, seier forskaren.

Contans vert kommersielt omsett i EU, men førebels ikkje i Noreg. Ifølgje Nordskog må ein forske meir på effektane under norske forhold før soppen eventuelt vert godkjent som plantevernmiddel her heime.


Fruktlekam med sopphatt full av sporar klare til å bli tatt av vinden. (Foto: Berit Nordskog, NIBIO)

Fiberduk eit tviegga sverd

Rundt 30 prosent av den norske salaten som vert dyrka på friland – altså utandørs og ikkje i drivhus – kjem frå Rogaland. På Jæren, som har særlege klimatiske føresetnader for salatdyrking – kan ein i gode år hauste fire gongar. Den første salaten vert planta ut allereie i februar, men då er ein avhengig av å bruke fiberduk til vern mot kulda.

Denne tidlegsalaten er særleg verdifull for bøndene fordi han gjev høg pris, men fiberduken som gjer tidleg hausting mogleg, bidreg altså også til forhold der parasittsoppen trivst ekstra godt.

– Vi har gjort forsøk både med ulike stofftypar og med ulik tjukkleik på fiberduken. Resultata tilseier at det var liten skilnad mellom ulike typar fiberduk når det gjeld sjukdomsangrep.

– Vi forsøkte også å berre bruke nett av den typen ein bruker til vern mot duer og annan salatglad fugl, og då vart det merkbart mindre sjukdom. Men utan duk og med berre nett vert det altså for kaldt i delar av sesongen, seier Nordskog.

Vil utvikle varslingsmodellar

Utvikling av varslingsmodellar som kan føreseie når risikoen for smittespreiing er størst, har også vore eit sentralt tema i forskingsprosjektet.

– Vi har samarbeidd med University of Warwick i England, der ein har kome langt med å bruke klimadata til å utvikle ein generell varslingsmodell for storknolla råtesopp. Tanken er at det basert på data om nedbør, temperatur og fukt i lufta og jorda, skal vere mogleg å varsle når det er stor fare for utbrot.

– Viss vi kan kople ein slik generell modell med lokale vêrdata frå Noreg, kan det vere lettare å sette inn effektive tiltak på riktig tidspunkt, meiner Nordskog.

– Kva tiltak snakkar vi om?

– Det viktigaste vil nok vere å ta av dekket viss temperaturen tilseier at det er mogleg. Langvarig tildekking gir meir sjukdom. Det har vi påvist. Det kan også vere snakk om å bruke kjemiske sprøytemiddel eller – om salaten er komen langt nok – starte innhaustinga litt tidlegare enn vanleg.

Vekstskifte kan også vere ein aktuell strategi – altså at ein skiftar frå salat til plantar som ikkje vert angripne av råtesoppen.

– Men det er utan tvil ein krevjande strategi. Og på grunn av kvileknollane som ligg i jorda, må han også vare lenge for å vere effektiv. Men all dyrking av plantar som ikkje er vertsplantar for sjukdomen, vil over tid redusere smittemengda i jorda, seier Nordskog.

At det ligg ein økonomisk gevinst i å finne effektive tiltak mot storknolla råtesopp, er det uansett liten tvil om. Ifølgje berekningar gjort av Bjarte Åsbø i Grøntprodusentenes Samarbeidsråd, var butikkverdien av norsk salat og norske bladgrønsaker rundt 1,25 milliardar kroner i 2014.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Om prosjektet

«Frisk salat i Rogaland: Storknolla råtesopp – biologi og nedkjemping»

Målsetting: Redusere problema med storknolla råtesopp i norsk salat gjennom utvikling av effektive og miljøvennlege kontrollstrategiar.

Prosjektansvarleg: Midtjord Gård.

Prosjektleiar: Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Prosjektpartnarar: Norsk Landbruksrådgiving (NLR) Rogaland, Gartnerhallen, Nordisk Alkali, Grøntprodusentenes Samarbeidsråd (GPS), NLR Agder, NLR Nord-Trøndelag, NLR Viken, NLR SørØst, University of Warwick.

RFF Vestlandet har støtta prosjektet med 1 980 000 kroner.