Celledeling er ein føresetnad for liv, i alt frå eincella bakteriar til fleircella organismar, som menneske. Her ser vi pneumokokkane med fluorescerande celledelingsprotein. (Foto: Renske van Raaphorst)

Forskar på ny behandling av lungebetennelse

Forskargruppa på NMBU har i samarbeid med forskarar i Nederland og Sveits gjort funn som opnar for potensielt nye strategiar i behandlinga av pneumokokkinfeksjonar som til dømes lungebetennelse og hjernehinnebetennelse.

I samarbeid med forskarar i Nederland og Sveits har forskargruppa Molekylær Mikrobiologi ved NMBU kartlagt cellesyklusen til pneumokokkbakteriane. Kartlegginga har vist korleis ulike deler av cellesyklusen, slik som DNA replikasjon, altså kopiering av arvestoff, og celledeling, er tett knytt saman.

Desse resultata opnar for potensielt nye strategiar i behandlinga av pneumokokkinfeksjonar.

Pneumokokkar, ein bakterie også kjend som Streptococcus pneumoniae, er ansvarleg for ei rekkje infeksjonar hos menneske, som til dømes lungebetennelse og hjernehinnebetennelse. På verdsbasis fører pneumokokkinfeksjonar kvart år til hundretusentals av dødsfall.

Powered by Labrador CMS