Saken er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - Les mer
– Endringane i klima er eit bodskap vi ikkje kan brenne inne med, og folk har all grunn til å få vite om det, seier klimaforskar Eystein Jansen, som nyleg gjekk av som direktør for Bjerknessenteret.

Klimadiplomaten Eystein Jansen

Sjølv om han ikkje trivst i rampelyset, har Eystein Jansen lukkast med å gjere klimaforskinga i Noreg synleg på verdsbasis.

18.5 2014 05:00

Det er januar 2014 og Eystein Jansen sin kvardag er i endring.

Etter 13 år har han gått av som direktør for Bjerknessenteret for klimaforsking i Bergen. Eit senter han har leia sidan det vart oppretta i 2000.

Han gir seg etter eige ønske; på topp, vil mange seie.

Sidan vestfløya av Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen blir bygd om, er Jansen forvist til eit trongt grupperom for å gjere intervju. Så her sit han no, mellom kartongar og møblar, og drikk grøn te. Mykje grøn te.

Orda som kjem er velvalde og bestemte.

– Du gir deg som direktør for Bjerknessenteret etter 13 år, så du er ikkje overtruisk?

– Nei, eg er verken religiøs eller overtruisk, smiler Jansen. 

– Det er tilfeldig at det blei 13 år, men det var eit veldig passande tidspunkt å gi seg no. Vi har gått gjennom ein prosess med å få ein klarare organisasjon, og då passa det fint at andre fekk sleppe til.

– I tillegg har vi hatt eit veldig godt år, med finansiering av mange nye prosjekt. Det er dumt å gå dersom det er krise og andre må rydde opp. Då er det mykje betre å gi i frå seg noko som fungerer bra.

Ungt engasjement

Det var ikkje gitt på førehand at det var klimaforskar han skulle bli. Den unge Eystein Jansen vurderte nemleg å studere medisin. Men nysgjerrigheita på kvifor landskapet ser ut som det gjer, kombinert med ei grunnleggjande glede over å vere i naturen, førte han inn på geologistudiane. Sjølv meiner han at tilfeldigheitene har spelt ei viktig rolle undervegs.

– Grunnen til at eg blei interessert i denne typen fag, var at eg i ungdomstida deltok på sommarkurs på Godskegården. Det var ei veldig spesiell oppleving for meg, fortel han.

Godskegården på Osterøy fekk namn etter meteorologiprofessoren Carl Godske, som starta opp sommarkurs for ungdom i regi av Bergen Rotary Klubb. Her fekk ungdommane innføring i vitskaplege metodar i naturvitskap og kulturhistorie.

Passande nok var Godske i si tid assistent for klimapioneren Vilhelm Bjerknes, som har gitt namn til Bjerknessenteret.

– Vi fekk utføre små forskingsprosjekt, og folk frå Universitetet i Bergen førelas. Eg møtte jamaldringar av begge kjønn frå rundt om i Norden, og mange av venene mine i dag er frå denne tida, seier Jansen.

Då det gjekk mot slutten av hovudfagsstudiane blei det enkelt å velje mellom å jobbe med forsking og klima, eller å satse på ein karriere i oljeindustrien.

– På denne tida var det ikkje mange som snakka om klima, det var ikkje ei problemstilling. Men eg hamna i eit spanande prosjekt som gikk ut på å forstå havstraumar og klima. Men alt dette er tilfeldig. Om ikkje det prosjektet hadde vore der det året, hadde eg nok hamna ein annan plass.

Som hovudfagsstudent fekk han høve til å gjere avanserte kjemiske analysar i Tyskland; dette blei eit ledd i eit ønske frå miljøet i Bergen om å byggje eit laboratorium. Ingen andre hadde den naudsynte erfaringa.

– Jobben min blei å delta i arbeidet med å skrive ein søknad som var betre enn Universitetet i Oslo sin, slik at vi fekk laboratoriet til Bergen. Då vi vann konkurransen, blei det ledig ein stilling på laboratoriet, og eg kom inn.

Under arbeidet med å finne ut korleis eit slikt laboratorium kunne drivast, oppsøkte Jansen nokre av Europas beste folk på området.

– Dei var utruleg imøtekomande, og seinare har dei blitt nære kollegaer og har vore viktige nettverksbyggjarar, forklarar han. – Eg trefte dei på ein konferanse, og dei brukte tid på meg og tykte det var morosamt at nokon ville starte opp i Noreg.

Pretensiøse visjonar

Dermed var løpet lagt inn mot fortidsklimaforskinga.

– Visjonane vi hadde for Bjerknessenteret då vi starta opp, var ganske pretensiøse.Vi starta opp med eit føremål om å bli eit av dei første sentera for framifrå forsking (SFF). Det at vi fekk denne løyvinga hausten 2002, endra heile situasjonen. Vi gjekk frå å vere eit laust nettverk av folk som ønskte å utvikle ting, til å få heilt andre musklar å jobbe med, seier han.

Jansen blir skildra som ein leiar som er flink til å få folk til å samarbeide, og får mykje av æra for at det tverrfaglege samarbeidet mellom institusjonane i Bjerknessenteret har fungert.

– Eg trur det er ein av mine styrkar. Det har vore episodar der nokre av institusjonane har meint at Bjerknessenteret har tatt for stor plass i forhold til eigen institusjon. Eg tenkjer at det er ein nødvendigheit som vi burde vere meir opne for å anerkjenne.

– Du blir skildra som ein diplomatisk og mild mann, men med eit sterkt bodskap. Korleis lar dei to delane av deg seg kombinere?

– Som type er eg beskjeden, og eg trur ein kjem lengre utan spisse olbogar. Særleg når det er snakk om å få til eit samarbeid, er det i liten grad råd å nytte kommandostil. Min måte å leie på er kanskje mindre tydeleg, men eg har nok ein evne til å tenke strategisk og sjå moglegheiter på litt lengre sikt, og sjå korleis ein skal operere for å realisere dei. Men du må ha folk med deg i same retning.

– Er du god til å overtyde folk?

– Eg har stor tru på gode samtalar.

Det usynlege senteret

I begynninga var Bjerknessenteret nærast usynleg, sett frå Oslo. Media og myndigheter ringte ikkje til Bergen, sjølv om nokre av verdas fremste ekspertar heldt til her.

– Klima er politisk viktig, og det er essensielt å kommunisere kunnskapen vår. Vi jobbar innafor eit felt som må formidlast, meiner Jansen.

Han var heilt frå starten med på å lage ein mediestrategi, og han sytte tidleg for å tilsetje ein kommunikasjonsrådgivar på Bjerknessenteret.

– Men utifrå forskinga kan vi ikkje seie om den eller den teknologien bør veljast, eller om den eine regjeringa er betre enn den andre når det gjeld utslepp. Det er ikkje vår rolle. Men dersom ein politikar uttalar seg ukorrekt, kan vi korrigere utsegna frå ein fagleg ståstad.

Bjerknessenteret bestemte seg tidleg for å levere globale klimasimuleringar i samband med FN sine klimarapportar. Ambisjonen var at Noreg skulle ha eit modellsystem som gjorde globale simuleringar.

– Miljøa i Oslo var veldig negative til dette. Dei hadde prøvd sjølve og mislukkast. Dei meinte difor det var å ta seg vatn over hovudet, fortel Jansen.

Med målretta arbeid etablerte Jansen og kollegaene eit miljø som har gjort at fleire forskarar frå Bergen i dag har sentrale roller i global klimaforsking.

– Ved den fjerde rapporten var det berre fire senter i Europa som kunne tilby dette, og vi var eitt av dei. Dette har vore viktig for å etablere Bjerknessenteret som eit tungt internasjonalt senter.

Bergen på klimakartet

I september 2013 la FNs klimapanel, IPCC, fram den første delrapporten i den femte klimarapporten. Jansen var ein av dei sentrale forskarane bak denne.

I 2007 var han den einaste norske forskaren som deltok i sluttforhandlingane om FNs fjerde klimarapport.

– Det som er mest spanande med å vere med, er at du får eit overblikk over all tilgjengeleg klimaforsking, i tillegg til å få eit djupdykk i eige fagfelt, seier Jansen.

Han meiner IPCC-jobbinga har gitt han eit svært nyttig utsiktspunkt som Bjerknes-leiar.

– Det er ei unik erfaring å ha med seg. Det er ein rigorøs prosess med eit veldig press på tidsfristar, og alt skal sjekkast. Å vere med på noko så grundig er nyttig for å sjå på kor viktig det er å vere opptatt av detaljar når ein skal lage kvalitet. Dette er ikkje mi sterkaste side, vedgår han.

– Eg er ikkje så detaljorientert og kan vere omtrentleg. Det er derimot viktig at miljøet samla er opptatt av at alt skal vere heilt korrekt og at alt skal kunne etterprøvast og dokumenterast.

Kan du bli søvnlaus og uroe deg for klimaframtida?

– Det er ikkje så ille enda. Men det er all grunn til å vere uroa. Kunnskapen vi sit på er ikkje behageleg å sitte med og derfor viktig å formidle. Derfor brukar vi veldig mykje tid, i alle slags forsamlingar, til å halde foredrag om desse tinga. Etter at vi la fram rapporten har eg halde over 30 foredrag, og det held fram med minst eitt i veka framover.

Likar ikkje personfokus

«Bergenser fikk fredspris» skreiv NRK på nettsidene sine 12. oktober 2007, då FNs klimapanel fekk Nobels fredspris. Som ein av kapittelforfattarane fekk Jansen mykje merksemd.

– Det å bli kalla for fredsprisvinnar er eg ukomfortabel med. Sjølv om eg har eit diplom på veggen, som er ein kopi av det organisasjonen fekk, og kan seie at eg har vore med å bidrege til rapporten, blir det å vere ein fredsprismottakar noko anna. Det blir i så tilfelle snakk om tusen fredsprismottakarar, meiner han.

– Grunnleggjande sett er det fint. Alle likar å bli sett og verdsett. Det motsette, å bli oversett, er mykje verre. Men for min personlegdom er ikkje dette så viktig, og det kan fort bli litt mykje. Når det blir for mange rosande uttrykk, kjenner eg meg ikkje igjen.

Passer det personlegdomen din betre å ikkje vere leiar av Bjerknessenteret?

– På ein måte. Eg likar å vere ein medspelar og ein som gir input, og ikkje nødvendigvis å vere ein som frontar senteret i alle samanhengar. Og så har folk forventingar til korleis ein sjef skal vere. Då skaper det problem dersom du oppfører deg heilt annleis. Dersom du seier noko, forventar dei eit tydeleg signal, og ikkje berre ein stimulans til å tenke sjølv. I eit slikt senter, med over 20 nasjonaliteter, er det ikkje så lett å foreine forventningar til ein sjef med den personen du er inst inne.

Ein ny arbeidskvardag

Ved årsskiftet starta den nye arbeidskvardagen til Jansen. Han held fram på Bjerknessenteret, men no som forskar og rådgivar. Han ser fram til å få meir tid til eiga forsking.

– Eg har brukt mykje tid og krefter på å leggje til rette for andre. Eg har iblant sakna å kunne gjennomføre eigne idear frå botnen av i staden for å delegere alt vidare, seier han.

Før jul blei det klart at Bjerknessenteret får mellom 50 og 60 millionar kroner frå det europeiske forskingsrådet (ERC), for å forske på kva som skjer med Grønlandsisen dersom sjøisen i Norskehavet og Arktis forsvinn. Av heile 450 prosjektsøknader frå alle fag, kom berre 13 gjennom nålauget.

– Det å få dette prosjektet var utruleg kjekt. Mange meinte det var meiningslaust å søke, men vi tenkte at det er eit viktig spørsmål som berre kan løysast med store ressursar tilgjengeleg. Med min bakgrunn var det spesielt fint å få dette prosjektet no mot slutten av karrieren, og få vist at paleoklimaforskinga i Bergen er i verdsklasse.

– Kvifor brenn du enda?

– Det er nysgjerrigheita. Eg hadde lenge tenkt at eg ville bli forskar. Eg syns det var spanande å finne ut av nye ting. Det å vere forskar er ein artig jobb, for du får oppleve så mykje, treffe spanande folk og reise rundt og sjå og lære mykje om verda, også utafor eige fagfelt. Det er ein viktig drivkraft. Livet som forskar er eit spanande liv, sjølv om du kanskje forskar på ein bitte liten del av eit eller anna.

Har du nokon gong angra på at du ikkje valde medisinstudiet?

– Nei, det var nok forskinga som gjorde meg interessert i den moglegheita òg. Ein av grunnane til at eg ikkje valde dette var at eg ikkje såg føre meg sjølv som allmennlege. På den måten hadde eg kanskje feil motivasjon for ei legeutdanning. Men dersom eg hadde hamna innanfor medisinsk forsking, hadde det nok vore veldig spanande. Akkurat som forskinga vi driv med, er det forsking som er nyttig for folk som lever. All forsking skal jo ikkje vere nyttedriven, men for meg er det ein ekstra motivasjon.

– Kva klima føretrekkjer du personleg?

– Eg likar kalde, snørike vintrar. Eg har hytte på Mjølfjell, og der er det ganske snøsikkert. Sommaren kan ein jo reise til, men det er best å oppleve den norske sommaren – både i fjellet og ved sjøen. Eg føretrekkjer dei vestlandske fjella, og trivst ikkje i skog – det blir for innestengt.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Emneord