Saken er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - Les mer
Storflaumen i oktober 2014 ramma fleire stader, blant anna stod fleire hus i fare for å ramle ut i elva Opo i Odda.

Difor blir nye hus råka av flaum

Flaumen på Vestlandet i 2014 viste at mange eldre hus står på usikker grunn, og at sjølv nybygg er utrygge når vatnet grev vekk grunnen dei står på.

27.5 2016 04:00

TV-bileta var nesten utrulege. Hus etter hus rasa på elva, bruer forsvann. Flaumen som råka Vestlandet i slutten av oktober 2014 sjokkerte mange, ikkje minst alle som såg heimen sin forsvinne med elvevatnet.

På Voss og i Lærdal gjorde vatnet òg skade på måtar ingen hadde forventa. I flaumsikra nybygg og i frukthagar langt frå hovudvassdraget. Over heile Vestlandet slukte små og store elvar jord langs løpet sitt. I Odda og Flåmsdalen i Aurland vart 20 hus øydelagde eller totalskadde.

Vestlandsforsking har analysert skadane i dei fire verst råka kommunane for å avgjere om mangelfull planlegging kan ha spelt ei rolle.

Grov vekk grunnen under husa

Det hadde striregna på Vestlandet i fleire dagar då hus og bruer gav etter for frådande elvar, både i Flåmsdalen og i sentrum av Odda, og vart skylte på fjorden av flaumvatnet.

Ut frå dei utrulege skadane var forskarane overraska over kor liten flaumen i Flåmsdalen var. Målt i vassmengd var han ikkje større enn det som er venta med 75 års mellomrom. Men det var ikkje vassmengda som var det største problemet, ifølgje forskarane – det var utgraving.

– Sjølv om elvane ikkje sette husa under vatn, grov desse bratte, flaumstore elvane gradvis vekk grunnen under husa, seier Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking. Han har analysert skadane etter flaumen i oktober 2014.

Kart som viser kor stor flaumfaren er i ulike område, er eit viktig verktøy for planleggarane. Då forskarane granska flaumsonekartet for Flåmsdalen, viste kartet at dei flaumtekne husa låg trygt plasserte for langt større flaumar enn denne.

– Faren for både utgraving og flaumskred bør heilt klart kartleggast saman med flaumfare, seier Dannevig.

Manglar i planlegginga

Sidan 2010 har kommunane hatt ansvar for å vurdere om nye bygg er utsette for risiko. Dei kan òg nekte bygging på tomter med stor risiko. Men førebygginga av naturskade har ein akilleshæl: Alle husa som stod der før lovendringa.

– Dei fleste av husa som vart tekne i Odda og Flåmsdalen, blei bygde før det kom krav om reguleringsplanar og risikovurdering av nybygg. I desse tilfella kan ein ikkje laste kommunane for det som skjedde, seier Dannevig.

Men når det meste er gjort rett og noko slikt likevel kan skje, avslører det ein grunnleggande mangel ved plansystemet, meiner forskaren.

– Styresmaktene må vere tydelegare på korleis kommunane skal gå fram for å førebygge skade på alle hus – også eksisterande bustader, seier Dannevig.

Vatn i nytt kulturhus

Også Voss kommune fekk erfare at plansystemet svikta då flaumvatnet trengde inn i kjellaren på kulturhuset, som opna i 2011.

Sidan nybygget skulle reisast ved Vangsvatnet, hadde Voss gjort sitt for å unngå at bygget skulle bli skadd ved framtidige flaumar. Dei følgde flaumsonekartet frå Noregs vassdrags- og energidirektorat, som frårådde bygging under grensa for 200-årsflaum (ein flaum som statistisk skjer berre 1 av 200 år), og der det til og med var lagt inn ein ekstra tryggleiksmargin på 30 centimeter som tilpassing til klimaendringane.

– Men i oktober 2014 gjekk vatnet høgare enn det kulturhuset tolte då Voss opplevde den største flaumen på fleire hundre år, fortel Kyrre Groven ved Vestlandsforsking, ein av forfattarane av rapporten.

Dyrt utstyr i kjellaren

«Vi er sju til åtte tilsette på staden som jobbar med å redde det som reddast kan», rapporterte ein tilsett per telefon til Bergens Tidende om kvelden 28. oktober. Då stod vatnet ti centimeter oppover golvet i kjellaren, og dei våga ikkje opne dørene til dei to nedsenka kinosalane.

Seinare same kveld gjekk vatnet 1,3 meter over bakken ved Voss kulturhus.

Sjølv om underetasjen med kinosalane var tett, tok det ikkje lang tid før vatnet fann vegen inn gjennom sluk og andre opningar lenger oppe i bygget. Til slutt stod det to meter opp langs veggane i kinosalane. Slik bygget var laga, inneheldt kjellaren mykje teknisk utstyr, og til saman fekk bygget skadar for 30 millionar kroner. Også i kjellaren på Voss tinghus vart store verdiar øydelagt.

Klimaendringane gjer tala usikre

Ein viktig lærdom frå studien av oktoberflaumen er at flaumsonevurderingar er usikre.

– Den innsikta bør gjere at kommunane er varsame med å tillate bygging av sårbar infrastruktur nær flaumsonegrensa, ikkje minst med tanke på at vi går ei enda meir usikker framtid i møte. Det er viktig å hugse på at tala i staten sine flaumsonevurderingar berre er velkvalifiserte anslag. Med klimaendringane er det er ingen som veit nøyaktig kva vi har i vente, seier Groven.

Referanse:

Halvor Dannevig, Kyrre Groven og Carlo Aall. Naturfareprosjektet. Oktoberflaumen på Vestlandet i 2014, Rapport 2016.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Oktoberflaumen 2014

Oktoberflaumen i 2014 gjorde skade for minst 400 millionar kroner.

Verst råka var Lærdal, Aurland (Flåmsdalen), Voss og Odda. I kommunane Aurland og Odda vart nærare 20 bustadhus øydelagde eller totalskadde. Elles var det omfattande skadar på vegar, bruer og vass- og avløpsleidningar, mange private og offentlege bygg fekk vasskadar og fleire hundre menneske vart evakuerte.

Vestlandsforsking har analysert skadane etter oktoberflaumen for å finne ut om kommunane si arealplanlegging kan forklare noko av skadeomfanget.

Arbeidet var finansiert av NVE, Jernbaneverket, Statens vegvesen og Statens naturskadefond.