Kvinner meir einsame etter skilsmisse

Middelaldrande kvinner blir meir einsame enn menn etter skilsmisse.

Kvinner har større risiko for å oppleve einsemd enn menn etter ei skilsmisse. (Foto: Colourbox)

Om NorLAG

Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG) er ein tverrfagleg og longitudinell studie som inneheld data om mellom anna helse, arbeid, livskvalitet, omsorg og familierelasjonar i andre halvdel av livet (40 år+). To rundar med datainnsamling er gjennomført så langt, den første i 2002–03, den andre fem år seinare, i 2007–08. 3774 personar deltok i begge rundane.

Les meir om NorLAG

Einsemd er ei vanleg, men uønskt og smertefull oppleving.

– Det handlar om at nokre menneske opplever at dei sosiale nettverka deira ikkje er gode nok. Det kan gjelde mengda kontakt eller innhaldet i kontakten, seier Kirsten Thorsen, professor ved NOVA og Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse. 

Saman med forsker Magnhild Nicolaisen har ho analysert data om sjølvrapportert einsemd frå Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG). I NorLAGs panelutval er dei same personane intervjua med fem års mellomrom.

Analysane viser at hendingar tidleg i livet har mykje å seie for einsemd seinare i livsløpet. Dårleg økonomi og mobbing er særlege risikofaktorar.

Forskjellar mellom menn og kvinner

Det er forskjellar mellom menn og kvinner når det gjeld sjølvopplevd einsemd. Av dei som er mellom 40 og 60 år og opplever samlivsbrot, har kvinner større risiko enn menn for å oppleve einsemd i etterkant.

For personar mellom 60 og 80 år som opplever tap av ektefelle, er menn oftare enn kvinner einsame i tida etter dødsfallet.

Dette gjeld personar som blei einsame mellom dei to tidspunkta undersøkinga gjekk føre seg.

Einsemd kan vere langvarig eller midlertidig. Medan nokre menneske opplever vedvarande eller kronisk einsemd, opplever andre å bli einsame når dei gjennomlever spesielle livshendingar eller krisar, som tap av ektefelle eller skilsmisse.

Erfaringar i barndomen

Tidlege livsrøynsler, erfaringar i vaksenlivet og situasjonen til den enkelte i dag påverkar kor einsame folk kjenner seg.

Forskarane finn at negative hendingar og erfaringar i barndomen var forbunden med einsemd seinare i livet. Hjå dei middelaldrande deltakarane i studien var einsemd knytt til økonomiske problem i barndomsheimen både blant kvinner og menn.

Blant dei eldste var menns einsemd knytt til mobbing i barndomen og eit konfliktfylt forhold mellom foreldra. Kvinners einsemd hadde samanheng med økonomiske problem i barndomen.

Barn beskyttar ikkje mot einsemd

Det kan vere ulike årsakar til at kvinner blir meir einsame enn menn etter ei skilsmisse midt i livet.

– Ein årsak kan vere den tradisjonelle aldersforskjellen i parforhold, foreslår Nicolaisen.

– Kvinnene kjenner kanskje at dei ikkje er så attraktive hjå potensielle nye partnarar, medan menn har lettare for å finne ein ny partnar i moden alder. Dette kan medverke til kjensler av einsemd hjå kvinner.

I utgangspunktet kunne ein tenkje seg at det å ha barn eller mange vener kunne medverke til at kvinner var mindre einsame enn menn.

Men sjølv om kvinner generelt har fleire vener enn enn menn, ser ikkje dette ut til å beskytte dei mot einsemd etter brotet. Andre NorLAG-analysar frå mellom anna Thomas Hansen (NOVA) viser at det å ha barn eller ikkje, heller ikkje har betydning for det å vere einsam. Då hjelp det heller ikkje at fleire kvinner enn menn bur saman med barna sine etter brotet.

Referanse:

Nicolaisen, M. og Thorsen, K. (2014): Loneliness among men and women – a five-year follow-up study. Aging & Mental Health, 18(2):194-206 Samandrag

Powered by Labrador CMS