Tenk deg eit fiskegarn lagt utover Noreg med 18 kilometer mellom kvar knute. Da vil om lag 1080 knutar falle på landarealet. Johnny Hofsten har vore innom 530 av desse knutane. (Foto: Michael Angeloff, Skog og landskap)

Rekneskapens time for norsk utmark

Etter ti år med kartlegging av vegetasjonstypar er grunnlaget lagt for å lage ein arealrekneskap for utmark for Noreg.

Arealrekneskap i utmark (AR 18x18)

Den einaste farbare vegen til ein representativ, forventningsrett og nasjonal arealstatistikk går gjennom ei utvalsundersøking.

Arealrekneskapen AR18x18 er ei tilpassing til norske problemstillingar av ein metode nytta i den europeiske arealbruksstatistikken, Lucas («Land Use/Cover Area frame statistical Survey»).

Frå før har Noreg god statistikk over jordbruksareal, utbygde areal, ferskvatn og bre.

AR18x18 er i første rekkje meint å supplere denne arealstatistikken med fullstendige data for utmarka, som utgjer 95 prosent av arealet i landet.

Tenk deg eit fiskegarn lagt utover Noreg med 18 kilometer mellom kvar knute. Da vil om lag 1080 knutar falle på landarealet. Kvar av desse knutane er no oppsøkt, og det er registrert vegetasjonstypar på eit areal på 0,9 kvadratkilometer rundt knutane.

Skog og landskap innleidde i 2004 eit samarbeid med Statistisk sentralbyrå for å lage ein nasjonal arealrekneskap for Noreg. Eit slikt arealrekneskap skulle gje oversikt over arealstatus og rapportere om endringar mellom ulike arealtypar.

– Det har vore ei utruleg ferd i ti år gjennom norsk landskap – frå kaffibarar på Majorstua til stupbratte Trollveggen eller dei ytste skjæra mot Nordishavet, fortel avdelingsdirektør Geir-Harald Strand ved Skog og landskap.

Mest myr i Trøndelag, frodigast i Troms

Resultata frå prosjektet er i første rekkje meint på nasjonalt nivå, men kan også brytast ned på fylke i dei fylka ein har minst 60 flater.

– Vegetasjonstypar med låg arealdekning vil vera usikre, påpeiker prosjektleiar Yngve Rekdal.

– Dersom ein ønskjer sikrare data, eller data for mindre geografiske einingar kan flatenettet fortettast.

Det er mykje som granskarane har ant, men ikkje hatt dokumentasjon på – før no.

Til dømes, så har ein no tal på at Sør-Trøndelag er myrfylket. 18 prosent av fylkesarealet er myr. Nord-Trøndelag følgjer like etter med 17 prosent. I nedbørfattige Oppland er det berre 8 prosent myr.

Vanlegvis har det teke frå to til fire timar å kartlegge kvar flate, og dei fleste flatene kunne da gjerast på eitt dagsverk. Her kartlegg Anders Bryn ei flate i Hemnes kommune i Nordland. (Foto: Michael Angeloff, Skog og landskap)

Hedmark er «måssåfylket», der lavhei dominerer i fjellet med 36 prosent av arealet, men også i skog er det mykje lav. I alle andre fylke er rishei dominerande vegetasjonstype i fjellet. I Buskerud og Telemark dekkjer denne typen over 40 prosent av fjellarealet. 

Store snømengder gjer Hordaland til snøleiefylket med heile 25 prosent av fjellarealet i denne kategorien.

– Troms er det frodigaste fylket, ikkje minst gjeld det utmarksbeitet. Heile 25 prosent av arealet ligg i beste beiteklasse. Ikkje noko anna fylket kjem i nærleiken av dette. Dei svakaste beita finn vi i Agder-fylka, Finnmark og Hedmark, men variasjonen er stor innan alle fylke, seier Rekdal.

Behovet for ein nasjonal arealstatistikk har vorte aukande, og tema som biologisk mangfald, karbonbinding, landskapsendringar og, ikkje minst, konfliktar knytt til arealbruk, er alle sentrale på den politiske dagsordenen.

– Problemstillingar knytt til bruk av utmarksareal har fått ein meir sentral posisjon. Kravet til etterprøving av verkemiddelbruk opp mot politiske målsettingar, og til internasjonal rapportering, er aukande, påpeikar Geir-Harald Strand.

– Det er dessutan viktig for lokal forvaltning å veta kva ressursar vi har regionalt og nasjonalt. Det er i slike høve at gode oversikter over dei norske arealressursane i utmark kjem til sin rett.

Over skogar, dalar, fjordar og fjell

Sjølve kartlegginga i prosjektet «Arealrekneskap i utmark» starta i 2005. Johnny Hofsten har vore på i alt 530 av dei 1080 flatene. I sitt 70. år var Johnny med på avslutninga av prosjektet i Nordland.

– Det har vore eit utal turar, nokre korte, andre lange og strabasiøse, i godt vêr og i dårleg vêr. Ei heilt spesiell form for feltarbeid der ein visste lite kva landskap og opplevingar som venta neste dag, fortel Hofsten.

Det meste av transporten til og frå prøveflatene har skjedd til fots. Nokre gonger har det vore naudsynt med overnatting for å nå fram. Inn etter veglause fjordar, eller der flatane har lege på øyar, holmar og skjær, har det vore naudsynt med båttransport. På nokre av dei mest utilgjengelege flatene er det nytta helikopter.

Inn etter veglause fjordar, eller der flatane har lege på øyar, holmar og skjær, har det vore naudsynt med båttransport. (Foto: Michael Angeloff, Skog og landskap)

Kartlegging på flatene

For kartlegging på utvalsflatene vart det valt å bruke Skog og landskap sitt system for vegetasjonskartlegging. Vanlegvis har det teke frå to til fire timar å kartlegge kvar flate slik at dei fleste flatene kunne gjerast på eitt dagsverk.

– Vi har nytta denne metoden for kartlegging av di vegetasjonstypane gjev allsidig informasjon om utmarka for bruk innan både næring og forvaltning. I tillegg har dette systemet vore utvikla og godt utprøvd gjennom kartleggingsprosjekt over heile landet over ein periode på 30 år, fortel prosjektleiar Yngve Rekdal.

I tillegg til den vanlege vegetasjonskartlegginga er det på ti punkt på kvar flate gjeve ei meir detaljert vegetasjonsklassifisering.

Frå kartlegging til arealrekneskap

Etter ti år med feltregistreringar står behandling og publisering av data att. Publisering er alt i gang i form av fylkesrapportar som viser utbreiinga av dei ulike vegetasjonstypane, samt dokumentasjon av utforminga av typane, som vil variere noko etter kvar ein er i landet.

Det er også gjeve ein omtale av natur og landskap i kvart fylke, med vekt på vilkåra for plantevokster i utmark.

– Østlandsfylka, Agder, Troms og Finnmark har allereie fått sine data publisert. Hordaland er snart ferdig, medan resten av Vestlandet, Trøndelag og Nordland vil koma dei næraste åra. Alle resultat vil etter kvart bli presentert på ei eige nettside, fortel Rekdal.

Powered by Labrador CMS