Saken er produsert og finansiert av Høgskulen i Sogn og Fjordane - Les mer
Stipendiat Kari Bergset har lenge interessert seg for korleis flyktningar ser på det å vere foreldre i Noreg. No har ho intervjua 16 familiar med bakgrunn som flyktningar.

Flyktningar lærer å oppdra borna sine av andre foreldre

Å oppdra born er noko heilt anna i Somalia enn i Noreg. Flyktningar lærer mest av det dei fanger opp i kvardagen. Men noko held dei fast ved av heimlandets tradisjonar. 

10.2 2016 04:00

Kvar dag kryssar nye familiar frå krigsherja land grensa til Noreg i håp om ein trygg kvardag og skulegang for ungane sine. Men i det nye landet ventar kulturelle skilnader i synet på korleis ein skal oppdra barn.

Stipendiat Kari Bergset har lenge interessert seg for korleis flyktningar ser på det å vere foreldre i Noreg.

I arbeidet med ein doktorgrad i sosialt arbeid ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har Bergset intervjua foreldre frå til saman 16 familiar med bakgrunn som flyktningar. Mødrene og fedrane kjem frå Irak, Afghanistan og Somalia – dei tre landa som toppa statistikken ti år før Bergset gjorde intervjua sine. På intervjutidspunktet hadde alle budd i Noreg i mellom seks og tolv år og hadde lang erfaring med å vere foreldre i eit heilt nytt land.

«Total annleis» 

I møtet med foreldrerolla i Noreg er det kvardagsscenar som kanskje har gjort djupast inntrykk hos flyktningane.

Som ein åttebarnsfar fortel om den første tida si i landet:

«Eg har sett det dagleg på butikkar når borna skrik og vil ha godteri, og mora berre går og seier roleg: ’Kom! Nei, vi skal ikkje kjøpe godteri i dag. I dag er det onsdag’». Og til slutt må barnet berast ut, sjølv om ho skrik. Så det er ein ting eg har lært – det er ein ting eg har sett».

I landet han flykta frå, disiplinerer ein born på ein mykje tøffare måte.

– At det å slå eller daske eit ulydig barn er forbode i Noreg, veit alle eg har snakka med. Denne pappaen karakteriserte det han såg som «totalt annleis» enn metodar ein nytta i heimlandet hans, fortel Bergset.

Lærte av å sjå på andre

Gjennom to rundar med intervju kom forskaren nært innpå familiane sine erfaringar, dilemma og meiningar knytt til å oppdra ungar i Noreg – langt unna besteforeldre, søsken, vener, naboar og andre rollemodellar frå kulturen dei sjølv vaks opp med. Eit naturleg spørsmål var korleis informantane hadde endra måten å vere foreldre på etter at dei kom til Noreg.

– Kjeldene til kunnskap om å oppdra born blir nødvendigvis annleis i eksil enn i heimlandet, seier Bergset. Det påfallande er at foreldra sjeldan nemner råd frå helsesøstrer og andre ekspertar når dei forklarar kva som har påverka dei. Den viktigaste kjelda til endring er nemleg det dei sjølve har fanga opp av andre vaksne sin veremåte – på SFO, på skulen, i nabolaget eller der dei hadde språkpraksis. Somme har òg lært av innvandrarar med lengre fartstid enn dei sjølve.

– Endringa av foreldreskapet stammar òg frå ikkje-vestlege kjelder, seier Bergset. Ei mor fortalde at ho plukka opp eit verdifullt råd frå ein familieekspert på ein arabisk TV-kanal. Tipset gikk ut på å leike seg igjennom ting borna ikkje vil, men er nøydde til å gjere – som tannpuss. Det var altså TV-eksperten frå hennar eigen kulturkrins som gav mora eit alternativ til slag og kjefting.

Aldri jentetur

Ikkje alle sider ved norsk foreldrerolle fell i smak hjå flyktningforeldra. «Mamma kunne ikkje smile før eg smilte», fortel ei kvinne om morsidealet ho har vakse opp med; «dei berre lever for borna – borna er livet deira».

Ei like oppofrande mor ønskjer ho ikkje å vere sjølv, og ho har universitetsutdanning, full jobb og tre barn. Men eit trekk ved den norske morsrolla ho aldri kan tenke seg å etterlikne, er jenteturen: at mødrer reiser vekk for å hygge seg utan ungane sine.

«De tenker på dykk sjølv. Eg vil på ein måte balansere mellom dei to kulturane. Ikkje berre ofre meg for ungane som mamma har gjort, og ikkje berre gjere som norske mødrer, som av og til gløymer ungane sine. Eg vil ikkje komme dit».

– Denne mora har gjort eit tydeleg val ut frå modellane ho kjenner, seier Bergset. Ho har òg sett døme på at flyktningforeldre vel å gå i motsett retning av den norske kulturen ved å leggje ekstra stor vekt på trekk frå sin eigen kultur eller gjennom hyppig kontakt med slektningar i heimlandet.

– No er eg midt imellom

For Bergset er det eit viktig poeng at flyktningforeldra etter eiga meining har gått så aktivt inn for å tilpasse måten dei er foreldre på, og at dei har gjort det ved å studere korleis andre foreldre er mot ungane sine.

– Det er tydeleg at desse foreldra har observert andre, reflektert over det dei har sett og verkeleg teke stilling til om dei vil la seg inspirere – og i så fall på kva måte, seier Bergset. Den arbeidande trebarnsmora med skepsisen til mødrer på jentetur, hadde til dømes grubla seg fram til at ho ville stå ein stad mellom morsideala i heimlandet og i Noreg:

«Fordi eg har sett begge to, og no er eg midt imellom. Nordmenn har ikkje sett mødrene der og mødrene der har ikkje sett Noreg. Men eg står på vegen og ser begge to – begge samfunna. Noko synst eg er bra her, og noko er bra der».

Myten om skulen

Også på skulen har foreldra med flyktningbakgrunn meisla ut sin eigen framgangsmåte som gjerne skil seg frå den gjengse tilnærminga i Noreg. Utgangspunktet er ei ærefrykt for skulegong.

«Utdanning er nesten heilagt for oss», seier ei av dei intervjua mødrene. Tidlegare forsking på innvandrarforeldre har ofte lagt vekt på at dei er svært opptekne av skuleprestasjonar, men samtidig vanskelege for skulen å få til eit samarbeid med. Her trengst det ei nyansering, meiner Bergset.

– Synet på innvandrarforeldre som passive og lite involverte heng saman med at forskarar har lagt litt for stor vekt på formelle faktorar, som kor vidt foreldra møter opp på foreldresamtalar og deltek på foreldremøte, seier forskaren.

– Kva er det du har gjort annleis når det gjeld forskingsmetode?

– I forskinga mi har foreldra teke initiativ til å fortelje om skuleoppfølging, og eg har ikkje stilt dei spesifikke, førehandsdefinerte spørsmål om temaet. Slik har eg fått fram rike forteljingar om korleis oppfølginga av skuleborn skjer, og kor omfattande oppfølginga faktisk kan vere, seier Bergset. Andre forskarar har også fått fram foreldra sine stemmer, men i hovudsak gjennom å stille dei spesifikke og førehandsdefinerte spørsmål. Biletet blir annleis når ein let foreldra snakke fritt, seier Bergset.

Opptatt av skulegang

Etter eit halvt liv i flyktningleirar og eksil i naboland, er mange av ungane i skulealder bakpå med skulefag. Difor treng dei involverte foreldre meir enn andre born. Samtidig er realiteten at ein del av flyktningforeldra frå Irak, Afghanistan og Somalia er analfabetar. Mange har gått glipp av fleire år med skulegang eller utdanning på grunn av krig og kaos.

Men overraskande nok fann Bergset ut at det dårlege utgangspunktet har hatt lite å seie for oppfølginga. Alle var engasjerte, og dei fleste ytte leksehjelp eller passa på at leksene vart gjort.

Ein far som sjølv gjekk glipp av høgare utdanning på grunn av krig, fortalde at familien hadde eit bilete på veggen som han brukte å peike på viss det gjekk trått med ungane sitt skulearbeid. Motivet var ein liten gut som sat og pussa herresko på gata i familien sitt heimland. «Tenk på mulegheitene de har fått», brukte faren å formane.

Prat heime i stova

For norske foreldre sit det langt inne å ta kontakt med lærarar på fritida for å ordne opp i noko som er vanskeleg på skulen. For ferske flyktningforeldre stiller det seg annleis. Ein pappa som sjølv var analfabet, fortalde at han via rektor, som var ein ven av han, hadde lukkast med å gje ungane ei mykje betre språkopplæring. For han var det slett ikkje merkeleg at kontakten med rektor gjekk føre seg i familien si stove i staden for på eit kontor.

Ei mor som ønskte å setje ein rask stoppar for mobbing då ungane var nye på skulen, valde på liknande vis å be lærarane på middag heime hjå familien.

«Vi gav dei informasjon om landet vårt, om religionen og at borna våre ikkje kan ete svinekjøt», fortalde mora. Denne innsikta opplevde ho at lærarane formidla vidare til elevane. Og mobbinga gav seg.

– Innsats av denne typen er ikkje heilt A4. Likevel er det tydeleg at desse foreldra meiner dei har gjort noko viktig og verknadsfullt for at ungane skal lukkast på skulen og i det nye landet, seier Bergset.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse