Saken er produsert og finansiert av Politihøgskolen - Les mer
Stadig oftare sjonglerer politiet med to lover: straffelova og utlendingslova. Medan straffelova regulerer åtferd gjennom straff eller bøter, regulerer utlendingslova kven som har rett til å vere i landet.

Professor åtvarar mot diskriminering i politisaker

Press på politiet for å tvangsutsende utanlandske statsborgarar kan føre til at politiet rettar merksemda eksklusivt mot minoritetsmiljø, ifølgje professor.

3.8 2016 04:00

Lommetjuveri, nasking eller narkotikabeslag: Er du utanlandsk statsborgar, risikerer du å bli sendt ut av landet. Noregs polititenestefolk er pålagde å starte utvisingssaker for alle utanlandske statsborgarar som blir straffedømde. Sakene blir avgjorde av Utlendingsdirektoratet (UDI).

Politidirektoratet har dei siste åra arrangert kurs for å gjere polititenestefolk meir bevisste på pålegget. Samtidig har det skjedd ein eksplosiv auke i talet på utviste på grunn av straff, frå 190 i 1991 til nesten 2500 i 2015. I 2015 utgjorde dette 39 prosent av alle utvisingsvedtak.

Dette medverkar til at politiet når Statsbudsjettets måltal for tvangsutsendingar, som er på 9000 i 2016. Men professor Helene Gundhus ved Politihøgskolen åtvarar.

– Viss politiet ikkje får opplæring, kan resultatet bli at dei rettar merksemda eksklusivt mot innvandrarmiljø. Det kan føre til overkontrollering av desse miljøa, medan lovbrot av norske statsborgarar sjeldnare blir etterforska, seier ho.

Skjønnsvurderingar er lite prioritert i utdanninga

Stadig oftare sjonglerer politiet med to lover: straffelova og utlendingslova. Medan straffelova regulerer åtferd gjennom straff eller bøter, regulerer utlendingslova kven som har rett til å vere i landet.

Å kunne ty til to lover gjev auka handlingsrom, men det krev også auka kunnskap. Denne kunnskapen har ikkje alltid polititenestefolk, ifølgje Gundhus. Saman med Katja Franko ved Universitetet i Oslo og Annette Vestby ved Politihøgskolen har ho intervjua 63 polititenestefolk som jobbar med utlendingssaker. Studien er presentert i tidsskriftet Sosiologi i dag

Intervjua tyder på at skjønnsvurderingar, som er nødvendige i slike saker, ofte er basert på erfaring og tidlegare praksis. For dei mange lokale polititenestefolka som ikkje er spesialistar, kan det skorte på erfaring og utfallet kan bli tilfeldig og også diskriminerande.

– Korleis ein tar skjønnsvurderingar er i veldig liten grad eit tema i utdanninga. Politistudentar lærer lite om kva saker ein skal prioritere og korleis dei skal bruke utlendingslova og straffelova saman. Generelt er utlendingssaker eit lite prioritert tema, sjølv om det har kome nokre element av dette inn i utdanninga heilt i det siste, seier Gundhus.

Jaktar på dei utanlandske lovbrytarane

Ein av informantane i studien fortalde om at politiet i Oslo, etter ein stor auke i villainnbrot i 2008, starta eit prosjekt som systematisk retta seg mot utanlandske vinningskriminelle. I prosjektet følgde etterforskarar, etterretningsfolk og påtalejuristar tett på saka til den utanlandske gjerningspersonen vart utvist.


Helene Gundhus. (Foto: Gunnar Mjaugedal, Politihøgskolen)

– Sambruk av utlendingskontroll og strafferett produserer ikkje berre eit system som er opptatt av å løyse kapasitetsproblem og vere meir effektivt. Det skil seg også frå politiarbeidet overfor norske statsborgarar. Politiblikket er klart målretta og rettar mistanke eksklusivt mot utanlandske statsborgarar. Utvising er det ultimate resultatet, seier Gundhus.

Slike politistrategiar medfører at ein stor del av varetektsfengsla er utanlandske borgarar, påpeikar ho. Ifølgje ein annan studie utgjer desse over halvparten av dei varetektsfengsla, medan berre kvar tredje som er fengsla etter ei domfelling, er ein utanlandsk borgar. 

Gundhus ser også ein fare for at påtaleprosessen blir personleg og vilkårleg ved at ein plukkar ut personen først, deretter leitar i lovboka eller set etterforskarane i arbeid for å peike ut nokon lovbrot på den mistenkte.

ID-sjekkar må skje med respekt

Politiets åtferd overfor minoritetar er eit viktig tema, ifølgje Gundhus. I tillegg til å etterforske kriminalsaker skal politiet også prøve å finne immigrantar som oppheld seg i Noreg på ulovleg grunnlag. Dette kan til dømes skje gjennom ID-sjekk på gata.

– Stopp og sjekk ut frå utlendingslova krev kyndige politifolk. Kontrollen signaliserer at den som blir sjekka, ikkje er medlem av det norske samfunnet. Måten kontrollen blir gjennomført på er veldig viktig.

– Viss folk forstår kvifor dei blir stoppa og kontrollerte og viss dei blir behandla høfleg og med respekt, treng ikkje dette føre til ei oppleving av å bli diskriminert, seier Gundhus.

Politifagleg skjønn skal avgjere om det er grunn til å rekne med at personen som blir stoppa, er utanlandsk statsborgar. Ifølgje utlendingslova kan tid, stad og situasjon gje grunnlag for denne vurderinga. Utsjånad og kjenneteikn skal ikkje motivere kontrollen.

– Det er viktig at politiet får opplæring. Tilsette i ordenstenesta og nytilsette må få grundig kjennskap til lovverket. Det er ikkje nok at polititenestefolk reknar med at personen er utanlandsk statsborgar, seier Gundhus.

Ho legg til at politiet også må unngå underkontroll, der politiet unngår å etterforske saker med minoritetar som offer.

– Vi har mykje forsking som tydar på at både overkontroll og underkontroll kan føre til auka mistillit til politiet, seier Gundhus, som frå hausten 2016 er tilsett ved Universitetet i Oslo.

Referanse:

Helene Gundhus: Å målstyre skjønnsutøvelse: Profesjonalisering av politiets utlendingskontroll. Sosiologi i dag, Novus forlag, 2016. Sammendrag

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.