Saken er produsert og finansiert av De regionale forskningsfondene - Les mer
No som talet på fleirspråklege elevar i grunnskulen aukar, må nyutdanna lærarar vere kvalifiserte for arbeid i ein fleirkulturell skule.

Behov for kompetente lærarar på fleirkulturelle skular

I område med låg innvandring, får ikkje lærarstudentar praksis med fleirspråklege elevar. Men internasjonale studentar kan bøte på mangelen. 

26.12 2015 05:00

Talet på fleirspråklege elevar i grunnskulen aukar stadig. Nyutdanna lærarar må difor vere kvalifiserte for arbeid i ein fleirkulturell skule.

Dette er ei forholdsvis ny målsetting for lærarutdanninga. Men det er stor variasjon i kompetansen på feltet mellom dei ulike lærestadene, og studentane møter i svært ulik grad fleirspråklege læringsmiljø i praksisperiodane.

Det viser forskingsprosjektet Minoritet og mangfald i lærarutdanning og skule, som har støtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Nyttige språkmøte

Viss lærarutdanninga ligg i eit område der det kan vere vanskeleg å skaffe studentane praksis i fleirkulturelle skular, får dei heller ikkje erfaring knytt til fleirspråkleg opplæring.

– Då er det viktig at ein tar andre grep og prøver ut nye metodar, seier Wenche Thomassen, universitetslektor ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Stavanger og deltakar i forskingsprosjektet.

Ein av utdanningsinstitusjonane som har tatt grep, er Høgskulen i Volda. Dei gjennomfører noko dei kallar «språkmøte i lærarutdanninga», som koplar saman lærarstudentar og utanlandske studentar som tar årseining i norsk språk og samfunnskunnskap. Universitetet i Stavanger har også adoptert metoden.

– På desse språkmøta har studentane samtalar om språk og språkopplæring. Lærarstudentane får innsikt både i korleis det er for utlendingar å lære norsk og i kva vanskar ein støyter på i læringssamanheng når ein ikkje har norsk som førstespråk, fortel Thomassen.

Grammatikk i praksis

– Lærarstudentane som deltek på slike møte er svært motiverte og meiner sjølve at dei har stor nytte av samtalane. Dei får eit innblikk i kva det vil seie å vere fleirspråkleg og forstår kanskje også betre kva utfordringar som ligg i fleirkulturelle læringsmiljø, seier Thomassen.

Gjennom språkmøta får studentane oppleve i praksis det mange av dei så langt berre har lese om. Dei får også sjå at kva feil som er vanlege når ein ikkje har norsk som førstespråk, varierer frå språkgruppe til språkgruppe.

For nokre kan sjølve setningsbygninga – syntaksen – vere utfordrande. Viss dei kopierer plasseringa av verb frå sitt eige morsmål, kan resultatet fort bli «i går eg var i byen» i staden for «i går var eg i byen».

– Samtidig er det liten tvil om at viss studentane skal ha full nytte av desse språkmøta og klare å omsetje erfaringane herfrå til fagkunnskap, må dei grunnleggande grammatikkunnskapane vere på plass. I dag er det eit problem at mange studentar kjem til lærarutdanninga utan tilstrekkeleg kunnskap i norsk grammatikk. Og kan du ikkje sjå ditt eige språk utanfrå, er det heller ikkje lett å lære det bort til andre, seier Thomassen.

Sjølv om metodikken er enkel, viser den at internasjonale studentar på campus kan vere ein verdifull ressurs i område med låg innvandring, meiner forskarane.

Varierande kompetanse og praksis

Forskarane intervjua lærarar ved ulike lærarutdanningar på Vestlandet.

– Vi har sett på korleis fleirspråkleg opplæring blir handtert i lærarutdanninga, kor sentral plass temaet får i undervisinga og i kva grad lærarstudentane sjølve er opptekne av temaet fleirspråklegheit og læring i fleirkulturelle miljø, seier Elaine Munthe, leiar for prosjektet og dekan ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Stavanger.

Ifølgje Munthe er Vestlandet godt eigna som case fordi det finst lærestader i område med både høgt og lavt innslag av minoritetar.

Alle lærestadene hadde tatt eit fleirkulturelt perspektiv inn i læreplanane sine, og alle lærarane opplevde at studentane var svært interesserte i temaet. Det var likevel store variasjonar i kompetanse og kunnskap og i kor mykje relevant praksis studentane fekk.

– Eg trur også at det ligg føre ein slags «emnetrengsel» som skapar problem for lærarstudentane. Det er fastsett så mange og detaljerte læringsmål i læreplanane at ein vanskeleg kan få med seg alt. Det trengs ei revidering av dei nasjonale retningslinjene slik at studentane får konsentrere seg om færre mål og dermed også gå meir i djupna, seier Munthe.

– Generelt kan vi seie at dei lærestadene som hadde god kompetanse på området, også la meir vekt på tema knytte til fleirspråklegheit enn andre gjorde, seier Thomassen.

Etterutdanning viktig

Når dei summerer opp lærdommane frå prosjektet, peiker både Munthe og Thomassen på at fleirspråkleg opplæring openbert er eit tema der ein må sjå lærarutdanninga i eit litt lengre perspektiv.

– Vi må tenke lenger enn berre dei fire åra grunnskoleutdanninga varer og kanskje bli flinkare til å skilje mellom det nyutdanna lærarar kunne når dei kjem rett frå studia og kva tema som er meir eigna for vidareopplæring for dei som har vore ei stund i yrket. Dei vil då ha tileigna seg nyttige erfaringar frå fleirspråklege miljø. Eg trur uansett at dette er eit viktig felt å forske vidare på, avsluttar Munthe.

Referansar:

Egeli, E & Thomassen, W. (2015). På vei mot en flerkulturell praksis? Utfordringer og muligheter i dagens lærerutdanning. I Jonsmoen.K.M & Greek. M.(Red.) Språkmangfold i utdannningen. Refleksjon over pedagogisk praksis (s. 137-156). Oslo: Gyldendal Akademisk.

Egeli, E., Thomassen, W. & Munthe, E. (2012). Rapport fra forprosjektet: Minoriteter, mangfold og lærerutdanning. Stavanger: Universitetet i Stavanger.

Fondevik & Holmen (2015). Norsklærerrollen i en flerspråklig skole. I: Elev- og lærarrolla: vilkår for læring (s. 112-130). Oslo: Det Norske Samlaget.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Minoritet og mangfald i lærarutdanning og skule

Prosjektansvarleg: Universitetet i Stavanger

Prosjektdeltakarar: Elaine Munthe, Wenche Thomassen, Elisabeth Egeli og Unni Pereira frå Universitetet i Stavanger; Birgitte Fondevik og Sofie Holmen frå Høgskulen i Volda.

Regionalt forskingsfond Vestlandet har støtta prosjektet med 2 millionar kroner