Den lange krigen mot rottene

Dei er nært knytt til oss, likevel skjelv vi berre av synet av dei. Men gjev dei oss eigentleg nokon god grunn til det, og har rotta alltid fått oss til å grøsse?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Brunrotte (Rattus norvegicus). (Foto: Jan van der Crabben/Wikimedia/Commons)

Det finnes om lag 50 artar i slekta Rattus over heile verda, men berre nokre få av desse har innverknad på helsa og økonomien til menneska.

Ei av dei mest utbreidde finst også i den norske faunaen. Rattus Norvegicus, eller brunrotte om ein vil, vert rekna som eit av dei verste skadedyra for menneska.

Dei et og øydelegg matvarar, hus, treverk og emballasje, og kan overføre alvorlege sjukdomar til menneske og husdyr. Kanskje er det difor vi har vanskar med å handtere dei og grøssar kvar gong vi kjem over ei rotte.

Skikkeleg rottereir

Sjølv om vi i dag kanskje rynkar på nasen, eller byrjar å skjelve om vi får eit ublidt møte med ei rotte, har vi ikkje alltid hatt like negativt forhold til desse skapningane.

I byrjinga av 1900-talet var det ikkje fastslått at det var ein samanheng mellom dyr og menneskeleg helse.

Terje Finstad ved Institutt for tverrfaglige kulturstudier ved NTNU, har forska på korleis ein handterte den store mengda utøy i Trondheim i første halvdel av 1900-talet.

Han har sett på dei historiske koplingane mellom dyr og menneske, og korleis smittespreiande utøy har bidrege i forminga av bysamfunn og offentleg helse. Eit tema som vert utforska gjennom ein studie av korleis tre bylegar i Trondheim framstilte utøy, i form av rotter, lus og veggdyr.

Fjøs i byen

Haldninga vår overfor rottene har endra seg mykje sidan byrjinga av førre århundre, seier Finstad, som i arbeidet sitt har vore interessert i å framheve korleis vi menneske ser oss sjølv i høve andre skapningar.

– Det var på eit tidspunkt ikkje slik at vi såg på rottene som ein helsemessig risiko eller eit stort problem, noko som er rart å forstå for oss no. Men på inngangen av 1900-talet var samfunnet bygd opp på ein heilt anna måte, og sjølve bybiletet såg annleis ut.

– Bydyra bestod ikkje berre av måsar, kattar og hundar som vi har no, men det fanst også gardar og fjøs lokalisert i sentrum som hadde hest, gris, sau og kyr, og møka vart kasta i store, opne kummer, seier Finstad.

I 1909 kom det eit forbod mot dyrehald i Trondheim sentrum på grunn av all møka som trekte til seg utøy og store mengder rotter.

Forpesta moral

Eilert Sundt oppmoda vitskapen og folkeopplysninga sine menn til å engasjere seg for å få bukt med «utøyets» plage i 1869. Det vart også høyrt av medisinarane på byrjinga av 1900-talet.

Finstad skildrar korleis bylegane på 1900-talet frykta at å leve med utøy skulle demoralisere befolkninga.

– Å demoralisere handlar om at moralen vert forderva. Bylegane var redde for at utøyet skulle svekka befolkninga sin moral i ein slik grad at dei elendige levekåra slutta å plage dei; det heile vart ein vond sirkel, seier han.

Krigen mot rottene

I løpet av 1600-talet fekk fleire norske byar ein sokalla stadsfysikus, eller bylege. Ein jobb som lenge var ulønt, og lite systematisert før Sunnhetsloven i 1860 endra dette, og ein fekk helseråd.

Bylegane fekk ansvaret for å handtere og forhindre epidemiar, og utvikle ein helsevernande kultur. Finstad har sett på alle forteljingane som helseråda i Trondheim skreiv frå 1895 til 1965.

Før loven mot dyrehald i sentrum av Trondheim kom, hadde ein ikkje noko offentleg renovasjonsvesen, eller ei ordentleg ordning for handtering av søppel utanom nattmannen som utførte blant anna avfallshandtering og dotømming.

Finstad skildrar korleis bylegen ville rydde opp i dette, og få til ei ny ordning og samstundes kultivere byen.

– Bylegane starta sin første av mange rottekrigar rundt 1920, og innførte då ei rekkje tiltak som å få orden på søppelet, fjerne dyrehaldet i sentrum.

– Også tiltak mot lus vart innført med eigen institusjon som dreiv med utgassing av vegglus, og skulebad for å bukt med lusa, som over 20 prosent av barna i Trondheim var plaga med. Etter dette sokk problema med utøyet veldig. Men så kom krigen, og systemet og reinsemda vart vanskeleg å oppretthalde, fortel Finstad.

Tyskerotta

Plakat fra Trondheim i 1946. (Foto: Trondheim Byarkiv)

Bylegen skulda på tyskarane for at rottebestanden på ny auka, og at det vart håplaust å kjempe mot.

– Bylegen på denne tida skreiv om korleis tyskarane tok med seg rotter med skipa, og han hevdar at det også dukka opp ein ny sjukdom; trikinose, som oppstod av trikinar som dukka opp i grisane som tyskarane hadde i byen.

– Men dette kan like mykje vere ei fortelling om motstand - at systemet som vart etablert ikkje kunne oppretthaldast i krigssituasjonar og som førte til framifrå forhold for utøy - så vel som at dette var tyskarane sin feil, fortel Finstad.

I etterkrigstida kom det også fram at den moralske koplinga mellom utøy og befolkninga dukka opp igjen.

– Folket under kontroll

Bylegane såg på rottene som lite reinslege og smittespreiande. Likevel er det uvisst korleis ein såg på rotter før ein oppdaga at bakteriane kunne stamme frå dei.

– Det er fullt mogleg at dei tenkte på rottene på ein annan måte enn vi gjer i dag, og at problemet gjekk på at rottene åt maten som ein ikkje hadde overflod av, og at ein hadde ein teori om at bakteriane smitta gjennom dårleg luft, ikkje via rottene.

– Eg vil tru at bylegane sine forteljingar om reinsemda har hatt stor betyding for korleis vi tenkjer om rottene i dag, seier han.

Tidlegare såg ein på folket som ein risiko for seg sjølv, og då ein fekk innbyggjarane til å verte reinslege og kultiverte gjennom reinsemda, vart fokuset skifta over til rottene, og ein oppdaga at desse var heslege.

– For å kunne få rottene under kontroll, måtte ein få folket under kontroll, seier Finstad om rottene som var eit stort problem på første halvdel av 1900-talet.

Det kom eit skip…

Rotta har fått skulda for mykje smitteoverføring. Den største er som kjent Svartedauden. Mest truleg døydde nær 60 prosent av Noregs befolkning av pesten som kom med eit skip til Bjørgvin i 1349.

Men er det rotta og loppene deira ein kan skulde på for pesten?

Forskarar ser ikkje ut til å verte samde på dette området, då nokre hevdar at pesten kom av menneskelopper, andre at det kom frå lopper på skipsrottene.

Professor Lars Walløe ved Universitetet i Oslo meiner at menneskeloppa Pulex irritans kan ha spreidd pestbakterien meir effektivt enn rotteloppa kunne gjort.

Men er rottene smitteberarar av alvorlege sjukdomar og pest i Noreg i dag?

– Nei, på verdsbasis er rotta reservoar for ei lang liste over smittsame virus og bakteriar, samt parasittsjukdomar, og er også kjent for å spreie pest, men det er ikkje tilfellet her til lands, seier seniorforskar Arnulf Soleng i Nasjonalt folkehelseinstitutt si avdeling for skadedyrkontroll.

– Rotta er mest frykta i Noreg for å vere smitteberar av salmonella, e.coli og generelle diaréframkallande bakteriar, då dei har ei åtferd som lokkar dei ned i kloakken, rundt søppel og matrestar.

Knyter seg til oss

Soleng trur at årsaken til at vi grøssar når vi ser ei rotte, er fordi vi veit at dei er ureinslege.

– Vi veit at dei potensielt sett kan gjere oss sjuke om dei kjem seg inn på stader der det er mat.

– Likevel er nok rotta meir ein økonomisk enn helsemessig trussel for nordmenn, då den vil inn i hus når det vert kaldt og gnage på vegger, isolasjon og vassrør, seier seniorforskaren som legg til at det ikkje finnes ein oversikt som viser kor mange sjukdomstilfeller som har ein direkte samanheng med rotta, seier han.

Sjølv om rottene kanskje var meir synlege på 1900-talet, vil det alltid vere rotter i ein by. Der det er menneskje, er det også rotter, ifølgje Soleng.

– Det finnes ingen eksakte tal på rottebestanden i Norge, men vi veit at dei finst overalt, spesielt i byar. Dei knyter seg til menneskje, og bur både i kloakknettet og stader med søppel og skrot. Dei ynglar om våren og hausten, og kan dei få eit kull på vanlegvis 8-12 ungar, men opptil 20 har vorte observert, fortel han.

Dukkar opp igjen

Sjølv om ein kanskje såg annleis på rotta for hundre år sidan, meiner Terje Finstad at det er interessant at utøyet frå 1900-talet har vorte eit problem igjen.

– Det er litt fascinerande korleis alle desse dyra ein hadde problem med på denne tida, no held på å dukke opp igjen. Vegglusa har vorte eit problem igjen, fordi vi reiser meir og får dei med oss i kler og koffertar.

– Rottene vert meir synlege, som før, fordi vi kastar frå oss meir og meir nattmat på gata, seier han og legg til:

– Men kanskje har det ikkje vore mykje endringar i høve rottepopulasjonen, berre i kor synlege dei er til ei kvar tid, undrar Finstad.

Referanse:

Terje Finstad: Rottereiret - beretninger om utøy i Trondheim i første halvdel av 1900-tallet, Historisk tidsskrift 01/2013.

Powered by Labrador CMS