Saken er produsert og finansiert av Kilden kjønnsforskning.no - Les mer

Vanleg mann – uvanleg val

Mannlege sjukepleiarar har valt eit utradisjonelt yrke, men dei har ikkje brote med tradisjonelle førestellingar om mannsrolla.
11.2 2011 05:00


Mannlege sjukepleiarar har ei like tradisjonell haldning til familieliv som menn i meir tradisjonelle yrke. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Det er ikkje så mange av dei, men til gjengjeld finst det mange mytar om dei mennene som vel det yrket mange reknar som det mest kvinnelege av alle, sjukepleiaryrket.

Tidlegare forsking har vist at dei jobbar meir og har lettare for å få leiarjobbar enn sine kvinnelege kollegaer.

Men er dei mennene som vel sjukepleiaryrket meir utradisjonelle enn andre menn? Kvifor gjer dei i større grad enn kvinner karriere, og er dei med på å endre sjukepleiaryrket?

Dette er nokre av spørsmåla Hilde Karlsen ser på i doktorgradsavhandlinga si. Karlsen er stipendiat ved Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo, og har kome fram til at ein kan leggje vekk fleire mytar om menn som vel sjukepleiaryrket.

Utradisjonelt val

For det første er mannlige sjukepleiarar ikkje menn som har brote med tradisjonelle førestellingar om mannsrolla.

– Dei har mykje av den same innstillinga til jobb og familie som menn på det svært mannsdominerte ingeniørstudiet. Dei er like interesserte i å tilbringe tid saman med familien, og like interesserte i å oppnå leiaransvar på arbeidsplassen som mannlege ingeniørar.

– Menn som vel sjukepleiaryrket er ikkje utradisjonelle menn, dei er menn som har gjort eit utradisjonelt val, seier Karlsen.

Sidan 1980-talet har prosentdelen av mannlege sjukepleiarar lege stabilt på kring 10 prosent.

Likestillingsparadokset

Noreg er eit av dei mest likestilte landa i verda, men har likevel ein svært kjønnsdelt arbeidsmarknad. Medan jenter og kvinner i stor grad har gått inn i tradisjonelt mannsdominerte studiar som medisin og juss, har ikkje menn i same grad søkt seg til kvinnedominerte fag, og særleg ikkje sjukepleiarstudiet.

Karlsen viser i arbeidet sitt at sjukepleiarstudentane ser ut til å vere om lag like motiverte for studiet anten dei er menn eller kvinner. Men det er ein viktig forskjell:

Dei mannlege sjukepleiarstudentane er mindre orienterte mot deltidsarbeid og det å bruke mye tid saman med familien sin enn dei kvinnelege studentane.

– I spørsmål om familieliv er det ingen signifikant forskjell mellom mannlege sjukepleiarstudentar og mannlege ingeniørstudentar. Dei kvinnelege sjukepleiarstudentane ser derimot for seg at dei skal bruke mykje tid på familie og barn, seier Karlsen.

Forklarer karriere


Hilde Karlsen. (Foto: Astrid S. Dypvik)

Akkurat desse faktorane kan vere med på å forklare kvifor mannlege sjukepleiarar i større grad enn sine kvinnelege kollegaer gjer karriere og stig i gradane i arbeidslivet.

I tidlegare forsking har ein gått ut frå at desse forskjellane utelukkande har blitt skapt i arbeidslivet, men Karlsen meiner det også kan knytast til tankar om karriere og jobb som studentane har gjort seg før dei starta studiet.

– Svært mange kvinnelege sjukepleiarar jobbar deltid. Tidlegare forsking har vist at dei er spesielt deltidsorienterte om ein samanliknar dei med andre kvinnelege arbeidstakarar. Dei mannlege sjukepleiarane jobbar rett og slett meir.

Utradisjonelle om lønn

– Om ein samanliknar med andre yrkesgrupper, rår eit ganske tradisjonelt kvinnesyn blant kvinnelege sjuepleiarstudentar, seier Karlsen.

Samstundes har dei mannlege sjukepleiarstudentane eit utradisjonelt syn på kjønnsroller i eitt spørsmål, og det er spørsmål om lønn.

– Mannlege sjukepleiarstudentar er ikkje så opptekne av at mannen skal vere hovudforsørgaren i familien. I dette spørsmålet har dei eit meir utradisjonelt syn enn både kvinnelege sjukepleiarar og mannlege ingeniørstudentar.

Det andre paradokset

Karlsen meiner det er fleire paradoks i kampanjar og plandokument som har som mål å rekruttere menn til tradisjonelle kvinneyrke.

– På den eine sida seier ein at det er bra at også menn arbeider i omsorgsyrke, for det vil kunne påverke nye generasjonar av gutar til å ville gjere det same. Samstundes blir det hevda at menn kan bidra med noko nytt og annleis til yrket, nettopp fordi dei er menn.

– Det er med på å halde oppe tanken om at menn og kvinner er ibuande forskjellig, seier Karlsen.

Dermed skal menn altså rekrutterast til kvinneyrke både fordi dei ikkje er forskjellige frå kvinner og nettopp fordi dei er forskjellige frå kvinner. Dette paradokset meiner Karlsen å finne att også på tiltakssida.

Feil verkemiddel?

– Eit tiltak som har blitt føreslått for å rekruttere fleire menn er å auke lønna og opprette fleire heiltidsstillingar. Då føreslår ein verkemiddel som er heilt i tråd med ei tradisjonell mannsrolle, der menn er heiltidsarbeidande og høgt lønna.

Ho meiner at det også trengst ein grundigare diskusjon om kva som skjer når menn går inn i typiske kvinneyrke. Det som har skjedd i sjukepleiaryrket er at dei har gått inn i visse deler av yrket, og at dei jobbar annleis fordi dei i større grad jobbar heiltid.

Det er framleis kvinnene som tek seg av det nære omsorgsarbeidet, både i sjukepleia og i heimen.

– Segregeringa har flytta seg inn i yrket, seier Karlsen.

Sin eigen veg


(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

– Når etnisk norske mannlege sjukepleiarar kjem ut i arbeidslivet, forsvinn dei frå dei mest omsorgsnære delane av yrket, som til dømes eldreomsorga. Mange jobbar heller med rus og psykiatri og på sjukehus.

– Dei ser i større grad enn kvinnene ut til å bruke yrket sitt som eit utgangspunkt for å gå vidare til noko anna, seier Karlsen.

Forklåringa på at etnisk norske mannlege sjukepleiarar søkjer seg dit kan vere at det er fleire moglegheiter til å gjere karriere der og at ein samarbeider med fleire profesjonsgruppar med høg status, meiner Karlsen.

– I eldreomsorga er det få sjukepleiarstillingar, og kanskje berre ein lege, men mange hjelpepleiarar og fleire ufaglærte. Ein kan stige opp til å bli avdelingssjukepleiar, men der stoppar karrieremoglegheitene.

Ut av yrket

Tidlegare forsking har gått ut frå at menn blir pressa ut av studiet av medstudentar og av førelesarar, og at dei i tillegg har mangla støtte for valet sitt blant vener og familie. Karlsen fann ikkje støtte for dette i sitt materiale.

– Mannlege sjukepleiarstudentar har meir støtte for valet sitt enn menn som byrjar på ingeniørfag. Men her må ein hugse at dette handlar om dei som faktisk byrja på studiet. Det kan vere at dei som mangla støtte heller valde eit anna fag, seier Karlsen.

Likevel har altså mannlege sjukepleiarar større sjanse til å gå ut av yrket og over i noko anna enn sine kvinnelege kollegaer. Men Karlsen fann ikkje haldepunkt for at mennene var blitt ekskluderte eller stigmatiserte som omsorgspersonar i ein slik grad at det hadde fått dei til å gje opp yrket, slik tidlegare forsking har hevda.

– Om det var slik at menn vart pressa ut, burde ikkje hudfarge spele nokon rolle, seier Karlsen.

Det er etnisk norske menn som har størst sjanse for å gå ut av sjukepleiaryrket. Mannlege sjukepleiarar som er fødde i ikkje-vestlege land, men som har utdanninga si frå Noreg har like stor sjanse til å bli i yrket som etnisk norske kvinner.

Det ser ut til å vere eit privilegium knytt til det å vere etnisk norsk mannleg sjukepleiar, meiner Karlsen.

– Dei som sluttar i yrket går over i andre yrke der dei tener meir, slår ho fast.

Karlsen er sjølv overraska over dei store forskjellane mellom etnisk norske og ikkje-vestlege menn.

– Eg hadde ikkje førestelt meg at forskjellane skulle vere så tydelege og at norske og ikkje-vestlege menn og minoritetsmenn som har same utdanning skulle ha så ulike yrkeskarrierar, avsluttar Karlsen.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Forskaren

Hilde Karlsen er doktorgradsstipendiat ved Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo.

Førebels namn på avhandlinga er ’Not so unconventional after all?’
Avhandlinga er ein del av eit prosjekt under Noregs forskingsråd som gjekk frå 2005 til 2009 med namnet ’Velferdsstatens yrker: motivasjon, kvalifisering og yrkeskarrierer’.

Karlsen tok mastergrad i sosiolog på Universitetet i Oslo med oppgåva
I fremmedmannsland? En analyse av kvinners underrepresentasjon i realfagene (2005).

Kontaktinformasjon