Kva gjer ei skilsmisse med barnas psykiske helse?

Stadig fleire barn og unge i Noreg opplever at foreldra deira går frå kvarandre. Førsteamanuensis Ingunn Størksen frå Senter for åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger har forska på kva ei skilsmisse gjer med barna og deira psykiske helse i ung og vaksen alder.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er eit vanskeleg tema førsteamanuensis Ingunn Størksen har teke føre seg. Ikkje berre er det mange barn og unge som har opplevd at foreldra deira ikkje vil leve saman lenger, men mange av dei er også plaga med depressive tankar og angst.

- Det er ikkje enkelt å snakke om dette. For mange skilte foreldre kan det kanskje følast som om dette er å strø salt i såret. Det er viktig å halde fast ved at det går bra for dei fleste barna, sjølv om dei altså er i ein økt risiko for ulike typar plager og problem, seier Størksen.

Klar konklusjon

I avhandlinga si “Parental Divorce: Psychological distress and adjustment in adolescent and adult offspring” er det langtidseffektar av foreldre si skilsmisse blant unge og vaksne barn som Størksen har forska på. Arbeidet er gjort ved Nasjonalt folkehelseinstitutt og tala er henta frå Helseundersøkinga i Nord- Trøndelag (HUNT).

- Eg har sett på skilnadene mellom ungdommar som har opplevd foreldra si skilsmisse eller samlivsbrot, og ungdommar som ikkje har det. Eg har og studert skilnadene mellom vaksne barn med skilte foreldre og vaksne barn som har framleis gifte foreldre. Både unge og vaksne barn som har opplevd at foreldra deira har skilt lag, har fleire psykiske plager enn dei som ikkje har skilte foreldre, forklarer Størksen.

Nærare 9000 ungdommar i alderen 13 til 19 år svarte på spørjeskjema i UngHUNT I. Størksen fann klare samanhengar mellom foreldra sitt samlivsbrot og ulike tilpassingsproblem hos ungdommane.

- Dei som har skilte foreldre, har fleire symptom på angst og depresjon. Dei har eit lågare velvære, og dei har fleire skoleproblem. Funna mine er godt i tråd med internasjonal forsking.

Dobbel risiko

I studiane sine har Ingunn Størksen også sett på om ungdommar av skilte foreldre vart deprimerte og engstelege fordi foreldra var deprimerte og engstelege.

- Foreldra sine symptom på angst og depresjon kunne ikkje forklare den negative effekten av skilsmissa hos barna. Men på same måten som skilsmisse er ein risikofaktor, er også depresjon og angst hos foreldre ein risikofaktor. Ungdommar med både skilte foreldre og foreldre som hadde angst og depresjon, hadde altså ein høg risiko for sjølv å få problem, fortel ho.

Også dei vaksne barna av skilte foreldre hadde fleire psykiske helseplager enn dei vaksne med framleis gifte foreldre.

- Skilnadene var små, men dei var der. Det viser at foreldre si skilsmisse også kan føre til angst og depresjon hos barn når dei vert vaksne. Samstundes er det mange som opplever angst og depresjon som ei fylgje av eiga skilsmisse. Dette gjeld både for kvinner og menn. Dei som både har opplevd foreldre sitt samlivsbrot og som også sjølv opplever samlivsbrot i vaksenlivet, er i relativt høg risiko for symptom på angst og depresjon, seier Størksen.

"Ingunn Størksen"

Jenter mest utsett

I studiane av effektar i ung alder fann Størksen interessante skilnader mellom jenter og gutar. Ho fylgde eit utval på 2171 ungdommar frå dei var 14 til dei var 18 år. 413 av dei hadde opplevd ei skilsmisse.

- Jenter som hadde opplevd foreldra sitt samlivsbrot før den fyrste undersøkinga, hadde ei utvikling gjennom ungdomsåra som var meir negativ enn den me fann blant andre jenter. Dette gjaldt for symptom på angst og depresjon, sjølvkjensle, velvære og skoleproblem, seier Størksen og legg til:

- Ei slik ekstra negativ utvikling gjennom ungdomsåra fann me ikkje hos gutar som hadde opplevd samlivsbrot. Det var derfor blant dei eldste jentene at me fann dei største skilnadene mellom dei som hadde opplevd samlivsbrot og dei som ikkje hadde det, forklarer ho.

Korleis dette heng saman, er ho meir usikker på.

- Det kan hende at jenter føler eit sterkare ansvar for familien og at dei opplever ei lojalitetskonflikt mellom mor og far. Det kan også vere at gutar er flinkare til å halde dei vaksne sine problem utanfor seg sjølv. Jenter kjem kanskje meir i ein slags meklarrolle mellom mor og far, og derfor vert dei også meir sårbare. Men det kan vere mange grunnar til desse skilnadene, sier ho.

Søkjer saman

Eit anna viktig funn i Størksen si forsking er den innverknaden foreldre si skilsmisse har på barna sin sjanse for sjølv å gå frå sin partnar. I studien av dei 37 230 personane med to levande foreldre som anten var skilte eller framleis gifte, fann Størksen skilnader som gjaldt eigne ekteskap og skilsmisser i vaksenlivet.

- Personar med skilte foreldre såg ut til å utsetje ekteskapet, eller å la vere å gifte seg. Blant dei som faktisk gifta seg fann me likevel høgare ratar av skilsmisser, seier Størksen.

Forventar skilsmisse

- Dersom ein av ektefellane hadde skilte foreldre, var risikoen for at dette paret skulle oppleve skilsmisse dobbelt så høg som for eit ektepar kor begge hadde gifte foreldre. Dersom begge ektefellane hadde skilte foreldre, var risikoen tredobbelt så høg. Personar med skilte foreldre søkte dessutan saman for ekteskap og då med ein høg risiko for eigen skilsmisse, forklarer ho.

Det er nærliggande å tru at barn som har opplevd ei skilsmisse, ikkje vil kome til å skilje seg. Men funna til Størksen viser altså det motsette.

- Ein skulle jo tru at dei vegra seg mot det, men dei skil seg faktisk meir enn andre. Kanskje har dei ei forventing om at det kjem til å skje, funderer ho.

Familien viktig

Fordi skilsmisse er så vanleg, vil sjølv ein liten risiko for negative fylgjer av foreldre si skilsmisse faktisk kunne ramme svært mange personar. Størksen trur at mange ynskjer å snu trenden når det gjeld skilsmisseratar i samfunnet.

- No veit vi at foreldre si skilsmisse og foreldre sitt samlivsbrot kan ha ei langvarig negativ effekt på barn. I eit samfunnsperspektiv må ein jobbe for å førebyggje skilsmisser. Eg trur familien vil verte ein viktig base for alle i tida som kjem, konkluderer ho.

I løpet av dei fem siste åra har 55.200 barn under 18 år i Noreg opplevd at foreldra har skilt seg. Berre i 2004 opplevde 11.600 norske barn at foreldra skilte seg. I Noreg reknar ein no med at vel 50 prosent av alle ekteskap vil ende i skilsmisse. Samtidig med dette er det stadig fleire som vel å vere sambuarar. Det reelle talet for samlivsbrot er dermed høgare enn offisielle skilsmisse statistikkar.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) reknar med at psykiske lidingar vil vere den nest viktigaste årsaka til sjukdomsbelasting på verdsbasis i 2020. I vestlege land er det venta at depresjon vil utgjere den største byrda.

Powered by Labrador CMS