Saken er produsert og finansiert av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) - Les mer
Etter ein vinterdvale starta Veslemanen i slutten av juni 2015 å røre på seg igjen, og NVEs geologar overvakar dette nøye. Dette området er i dag overvaka med bruk av radar som måler tusenvis av punkter i heile fjellsida. Bildet er teken ved det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen.

Slik veit vi når Mannen vil rase

– Det er fjellet sjølv som fortel oss det, seier NVEs sjefsgeolog Lars Harald Blikra. Auka rørsler, rystelsar og mindre steinsprang eller utfall frå fjellet er signal ekspertane ser etter. Han er oppteken av at folk skal kjenne seg trygge.

3.7 2015 13:17

Saman med kollegaer i Stranda i Møre og Romsdal og Kåfjord i Troms overvakar Blikra dei fire fjellpartia som er vurdert å ha ein høg risiko for skred her i landet. 

Forskarane er i stand til å registrere signal med ulike sensorar både i overflata og inne i djupe borehol.


NVEs sjefsgeolog Lars Harald Blikra på det overvåka fjellpartiet Jettan i Troms. Utsyn mot Lyngen.

– Vi har kompetente folk innanfor ei rekkje ulike fagområde, slik som geologi, IT og data, instrumentering, samband og mekanikk. Dette er nødvendig for å kunne oppretthalda og drifta til dels store anlegg i fjellet, samstundes som vi må kunna analysera og tolka store mengder data.

– Dette skal til slutt brukast til å formidla fjellet sin helsetilstand, altså farenivået, til beredskapsaktørane ute i samfunnet, forklarar sjefsgeologen.

Det er svært moderne teknikk geologane nyttar for å overvake fjellet: strekkstag, laserar, radarar, GPS, totalstasjon, elektroniske vinkelmålarar, boreholsensorar, seismiske sensorar og vêrstasjonar.

Kvart fjellparti er overvaka av mange ulike  målesystem, og det er også fleire uavhengige sambandssystem for data ut frå fjellet. Måledata vert overført fortløpande til NVEs overvakingssenter på Stranda i Møre og Romsdal, eller Kåfjord i Troms.

– Me er organisert med vaktordningar både på teknisk og geofagleg side for å vera trygge på at tilgangen på kunnskap frå fjellet er god nok og for at vi skal vere i stand til å varsle samfunnet når det skjer endringar i fjellets stabilitet, forklarar Blikra.

Fjellskreda varslar seg sjølv


Det ustabile fjellpartiet ved Åknes. To laserar står i den faste delen av fjellsida og måler avstandar og bevegelsar i fjellet.

I område med låg jordskjelvaktivitet, som Noreg, kjem fjellskred nesten alltid frå fjellparti som er i sakte bevegelse, typisk inntil nokre centimeter per år. Slike bevegelsar kan vare i fleire tiår er eller hundreår. Nokre gonger aukar bevegelsane betydeleg. Før skreda har fjellpartia vore urolege med hyppige småskred, og ein har observert sprekkar i fjellet som utvida seg. På denne måten varslar fjellskredet seg sjølv.

Erfaringar frå Alpane der det fleire gonger har gått fjellskred frå overvaka fjell, viser at akselerasjonsfasen før eit skred, varer frå eit par veker til litt over ein månad. Historisk har ein sett liknande ved fjellskreda i Noreg.

Overvaking døgnet rundt

Dei overvaka fjellpartia har til ein kvar tid eit farenivå på ein fire trinns skala: grøn (låg), gul (moderat), oransje (høg) og raud (ekstrem fare). Fjellet sine bevegelsar er den viktigaste faktoren for å fastsette farenivået. Dersom farenivået vert endra, varslar NVE andre beredskapsaktørar som kommunar, politi, fylkesmannen og andre aktørar. For kvar heving av farenivået vil NVE og dei andre beredskapsaktørane intensivere beredskapen.

Kan folk stola på at varslinga kjem i tide?

– Ja, med dei målesystema og reservesystem både på strøm og samband skal folk føla seg trygge, seier Blikra.

– Vi håpar at vi har klart å formidle dette godt nok, for det er heilt sentralt at folk i faresonene for slike hendingar har tillit til oss. Ei større utfordring er at vi må varsle under ein del usikkerhet, og i hendingar med så katastrofale konsekvensar kan vi ikkje venta for lenge før vi endrar farenivå. Derfor må folk vera budd på å vera evakuerte i relativt lange tidsrom. Kunnskap hos folk om korleis fjellet oppfører seg og korleis vi overvakar trur eg er viktig for at folk skjønar og aksepterer slike situasjonar, seier han.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Fjellparti i Noreg med døgnkontinuerleg overvaking

ÅKNESET I MØRE OG ROMSDAL: Eit skred inntil 54 millionar kubikkmeter vil utvikle flodbølgjer som kan ramme inntil ti kommunar. Talet på menneske i faresonen varierer med årstida, frå eit par hundre til fem-seks tusen.

HEGGURAKSLA I MØRE OG ROMSDAL: Eit skred inntil 3 millionar kubikkmeter vil utløyse flodbølgjer i hovudsak innanfor Norddal kommune. Talet på menneske i faresonen varierer frå nokre ti-talls til nokre hundre.

MANNEN I MØRE OG ROMSDAL: Eit skred inntil 20 millionar kubikkmeter vil krysse Romsdalen og kan føre til oppnemning og flaum. Talet på menneske i faresona varierer med årstida, frå relativt få til eit par hundre.

I tillegg viste  ein del av fjellpartiet Mannen, "Veslemannen",  hausten 2014 auka rørsle og vart nøye overvaka av geologar og media. Etter ein vinterdvale starta Veslemanen i slutten av juni 2015 å røre på seg igjen, og NVEs geologar overvakar dette nøye. Dette området er i dag overvaka med bruk av radar som måler tusenvis av punkter i heile fjellsida. Denne står i dalbotnen nede i Romsdalen. Vidare er det også seismiske sensorar som måler rystelser og strekkstag som måler rørsler frå fast fjell og ut til den øvre delen av Veslemannen. Eit skred frå Veslemannen er estimert til å ha eit volum på mellom 120 - 180 000 kubikkmeter.

NORDNESFJELLET I TROMS: Eit skred inntil 11 millionar kubikkmeter vil utvikle flodbølgjer innanfor tre kommunar. Inntil eit par tusen menneske kan vere i faresonen. 

 

Fjellskred

Fjellskred er nedfall av store fjellvolum, frå 100 000 til fleire millionar kubikkmeter. Historia viser to til tre store ulykker for kvart hundreår i Noreg, og at dei fleste har skjedd ved at skreda har utløyst flodbølgjer. Best kjent er hendingane i Loen i Sogn og Fjordane i 1905 og 1936 og Tafjorden i Møre og Romsdal i 1934. Desse tre skreda kosta 174 menneske livet.  

Det siste store fjellskredet vi veit om her i landet gjekk på Årdalstangen i Sogn og Fjordane 18. august 1983. Da rasa  150 - 200 000 kubikkmeter stein ned på sørsida i Årdalsfjorden. Ingen menneske vart skadd i dette skredet, men det vart store materielle skader.

Kjelde: NVE

Emneord