Laser stoggar akillesbetennelse

Verkande akillesbetennelse er til bry for mange idrettsutøvarar - både på toppnivå og vanlege mosjonistar. Ny forsking viser at laserbehandling kan forkorte skadeperioden med åtte veker samanlikna med tradisjonell behandling.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: www.colourbox.no)

- Såkalla eksentrisk trening har vore gullstandarden for behandling av tendopatiar – eller kronisk betennelse – dei siste ti åra.

- Det er trening kor ein gjer øvingar som belastar muskelsenane, for eksempel akilles, når den strekkast, seier Jan Magnus Bjordal, fysioterapeut og professor ved Høgskolen i Bergen.

Ulempa er at det tek lang tid før ein blir betre når ein berre behandlar med denne metoden. Ofte to–tre månader, ifølgje lasereksperten.

For at eksentrisk trening skal hjelpe, må ein i tillegg redusere på den vanlege treninga. Det kan vere eit stort problem for toppidrettsutøvarar.

Måler smertenivå

Saman med greske forskarar har Bjordal no undersøkt korleis bruk av behandling med infraraud laser med lav energi samtidig med eksentrisk trening kan gje raskare effekt.

Hypotesen har vore testa på 52 mosjonistar med kronisk akillesbetennelse. Alle mosjonistane gjennomførte 32 øktar med eksentrisk trening i åtte veker.

I tillegg fekk halvparten av gruppa laserbehandling tolv gonger, mens resten fekk laser utan effekt like mange gonger.

Forskarane har målt betringa ved å sjå på smertenivået til personane.

- Gruppa som vart behandla med aktiv laser fekk same smertereduksjon på fire veker som gruppa med placebolaser opplevde etter tolv veker, seier Jan Magnus Bjordal.

Morgonstivleik, ømheit ved trykk og ankelrørsle viste òg signifikant større betring for lasergruppa i behandlingsperioden. Gruppa som fekk aktiv laserbehandling var òg signifikant betre i fire veker etter avslutta behandling.

Feil dosering

Professor Jan Magnus Bjordal kjenner ikkje til at fysioterapeutar har teke i bruk laserbehandling mot akillestendopati. (Foto: Mauricio Pavez, Høgskolen i Bergen)

Denne forma for laserbehandling er slett ikkje ny, understrekar Jan Magnus Bjordal.

- Den har vore brukt i over 25 år, men det er først no nyleg at ein har byrja forstå dei doseavhengige mekanismane ved laserbehandlinga, seier den prisbelønna forskaren.

Tidlegare har forsking ikkje klart å få fram positive resultat ved bruk av laser på denne typen skade, fortset han. Det kan forklarast med feil dosering og at ein samstundes har behandla med kortison.

- Kortison delvis hindrar lasereffektane, og mykje av vår forsking har vore retta mot å finne dei dosane som er effektive. Slik sett kan det sjå ut som vi har lukkast, forklarer Bjordal.

Spreke 40-åringar i faresona

Akillestendinopati er ei heving i akillessena, og du merker det ved at det gjer ilt når du belastar han.

- Er du over 40 år og spring minst eit par gonger i veka, vert risikoen for å få det mangedobla risikoen samanlikna med normalbefolkninga, seier fysioterapeuten.

I denne gruppa er hevelsen ofte forårsaka av ein skade i senefibrane som tek lang tid for å lækjast.

- Har du i tillegg ein jobb kor du må gå masse, er risikoen enda høgare, legg Bjordal til.

Reparerar senefibrane

årsaken til akillesbetennelse er at senene går gjennom ein aldringsprosess som andre deler av kroppen, og deler av eller hele akillesen kan ryke.

Fibrane i sena får ikkje tid til å gro saman igjen og nye betennelsesreaksjonar oppstår når ein belastar ho for mykje.

- Laserstrålane hjelper både med å dempe betennelsesreaksjonar og reparasjonen av senefibrane, seier Bjordal.

Likt resultat for tennisolboge

Jan Magnus Bjordal er blant forskarane ved Høgskolen i Bergen som publiserar flest artiklar i vitskaplige tidsskrift.

Artikkelen om laserbehandling mot akillestendopati har vore publisert i det anerkjente American Journal of Sports Medicine, og fekk sidan mykje merksemd i amerikansk media.

Nyleg har Jan Magnus Bjordalòg skreve ein artikkel om laser som behandlingsmetode for tennisolboge.

Tennisolbogen har akkurat same type senevev som akillessena, og resultatet er det same som for betennelse i akilles – skadetida vert kraftig redusert om ein samanliknar med behandling utan laser.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS