– Dersom ein forskar stirer seg blind på indikatoren og prøver å få gjennomslag der, blir marknadsføringa viktigare enn produktkvaliteten, seier Øyvind Østerud, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo . (Foto: Elin Fugelsnes)

Ein forskar bør ikkje målast i tal og poeng

Kor mange publiseringspoeng ein forskar har, bestemmer kor mykje tid og pengar han får. – Det er å blande saman kvalitet og talet på publikasjonar, meiner professor Øyvind Østerud.

Publiseringsindikatoren

  • Dokumenterer vitskapleg publisering gjennom poeng.
  • Fordeler rundt to prosent av dei samla midlane til universitets- og høgskulesektoren. Vert óg nytta til finansiering av forsking i instituttsektoren og helseføretaka.
  • Deler publiseringskanalane inn i to nivå. Til dømes gir tidsskriftartiklar på nivå éin eitt poeng, medan nivå to gir tre poeng.
  • Dersom det er fleire forfattarar, blir poenga delt likt mellom dei.

Då publiseringsindikatoren vart innført i 2004, var det mange skeptikarar, men den verste kritiske stormen har løya no. Systemet førte til synleggjering av forsking, og publiseringa har auka.

Det er meir omstridt at lokale leiarar, trass innvendingar og åtvaringar, tek poenga i bruk som styringsverktøy mot individuelle forskarar.

– Systemet skal brukast på institusjonsnivå, ikkje på personnivå. Indikatoren er ein nøkkel til å fordele pengar mellom institusjonar basert på forskingsresultat, seier Vidar Røeggen, seniorrådgjevar i Universitets- og høgskolerådet (UHR), som forvaltar publiseringsindikatoren.

Vil ha varsam bruk

Publiseringsindikatoren har blitt misbrukt, seier Vidar Røeggen, seniorrådgjevar i Universitets- og høgskolerådet. (Foto: Elin Fugelsnes)

Likevel har leiarar teke poengsummene i bruk til kompetansevurdering, rekruttering, opprykk, tilsetjing, lønnsforhandlingar eller tildeling av tid til forsking. Ei evaluering viste i fjor at denne typen bruk er utstrekt. UHR held difor eit nasjonalt seminar om temaet, med innleiingar frå sju forskingsleiarar frå institusjonane.

– Dei fleste har nedfelt publiseringsmål i sine strategiar – til dømes at ein forskar skal få inn 0,9 poeng per år, fortel Røeggen.

Han seier det kanskje var urimeleg å tru at indikatoren berre skulle bli brukt på institusjonsnivå, sidan systemet gjer det er lett å finne ut poengsummen til den enkelte.

– Men vi trudde situasjonen var verre. Seminaret viste at forskingsleiarane er edruelege når dei tek dette i bruk, seier Røeggen.

UHR vil no tilby forskingsleiarar ein læringsarena der dei kan diskutere fornuftig bruk av indikatoren. No vurderer dei korleis dette kan bli lagt opp.

– Vi har ansvaret for å sikre god informasjon om indikatoren – inkludert kva den er og ikkje er eigna til, seier Røeggen.

– Vi ynskjer at indikatoren blir brukt med stor varsemd på individnivå. Den bør ikkje brukast instrumentelt, men kan fungere som tilleggsinformasjon, seier Røeggen.

Marknadsføring viktigare enn kvalitet

Øyvind Østerud er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO). Han var med på å ta initiativ til evalueringa av indikatoren gjennom Nasjonalt fagråd for statsvitenskap.

– Når indikatoren blir brukt på individnivå, blandar ein saman forskingskvalitet og publiseringsomfang, seier Østerud.

Han trur forskarar kan bli for opptekne av å publisere mykje på kort tid, og dermed ta lettare på etterprøving og styrken i konklusjonane.

– Dersom ein stirer seg blind på indikatoren og prøver å få gjennomslag der, blir marknadsføringa viktigare enn produktkvaliteten, seier Østerud.

Professoren er oppteken av at forskinga skal drivast av nyfikenheit, forskaren sitt eige kunnskapsbehov og ynskje om problemløysing.

– Når utvendige mål avgjer, blir også freistinga til juks og snarvegar større, påpeiker Østerud.

Men dei som evaluerte indikatoren i fjor, så ikkje teikn til slike effektar.

– Det kan vere vanskeleg å avdekke. Lærdomen etter evalueringa må vere at ein forsterkar innsatsen mot at indikatoren blir brukt i strid med føresetnadene, seier Østerud.

Kan gå ut over formidling

– Om eg publiserer bra, får eg tildelt meir tid til forsking, seier Idunn Brekke, førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo og Akershus. (Foto: Sonja Balci/HiOA)

Idunn Brekke er førsteamanuensis på Fakultet for helsefag ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA). Her blir publiseringsindikatoren brukt til å fordele tid til forsking.

– Eg har ikkje hatt problem med det. Men om det berre er vitskapelege publikasjonar som tel, kan det bli eit spørsmål om kva forskarane tek seg tid til. Det kan få negative konsekvensar ved at forskinga i mindre grad vert formidla til folk flest, seier ho.

Brekke veit ikkje kor mange publiseringspoeng ho har sjølv, men fortel at ho fekk tildelt 30 prosent forskingstid då ho var nytilsett.

– For å oppretthalde dette må eg publisere to til tre artiklar per tre år. Det har gått fint til no, seier ho.

Brekke er ikkje redd vektlegginga av poeng skal gå ut over forskingsetikken.

– Det vil alltid vere nokon som blir freista, men har du integritet som forskar, er du oppteken av å gjere jobben skikkeleg, seier ho.

Lærebøker gjer ikkje poeng

Terje Lohndal vil ha poeng for å skrive lærebøker. (Foto: NTNU / Mentz Indregaard)

Terje Lohndal er den yngste professoren her i landet. Han fekk tittelen ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU som 27-åring, og har ei lang rekke vitskapelege publikasjonar bak seg. Han veit heller ikkje kor mange poeng han har, men opplever at dei påverkar driftsmidlane han får frå instituttet.

– Det er veldig synd at publiseringspoeng har blitt så viktig på individnivå. Eitt av dei største problema med systemet er inndelinga i nivå éin og to. På mitt fagfelt er ikkje publiseringskanalane på nivå to særleg representative for det som har stort gjennomslag, seier Lohndal.

Han er også oppgitt over at systemet ikkje gir poeng for å skrive lærebøker.

– Fleire av oss har eit stort engasjement for formidling. Dei av oss som prioriterer lærebøker, veit at institusjonen ikkje vil verdsette det i like stor grad som andre typar publisering, seier Lohndal.

Vil ha bonus

– Å få forskinga si på trykk, er eit mål i seg sjølv, seier Carl Henrik Knutsen, professor ved Universitetet i Oslo. (Foto: privat)

– Det er nødvendig at forskarar føler dei må publisere arbeidet sitt, meiner nytilsett professor Carl Henrik Knutsen ved Institutt for statsvitenskap ved UiO. Han har heller ikkje oversikt over sine personlege poeng, og instituttet har ikkje noko bonussystem for dette.

– Eg er tilhengar av slike bonussystem. Dei gir eit fint insentiv og eit godt signal til unge forskarar om kvar dei bør konsentrere aktiviteten, seier Knutsen.

Han ynskjer seg ei enda finare inndeling i nivå, som er meir nyansert på kvalitet.

– Systemet er ikkje perfekt, og det er veldig lett å sette fingeren på feiltilpassingane og problema. Eg trur mange overser de store, positive effektane ved å skilje produktive forskarar frå dei som ikkje er produktive – og til ein viss grad også skilje forsking med høg kvalitet frå resten, seier Knutsen.

– Leiing er eit lokalt ansvar

– Leiarane må leie, dei kan ikkje berre telje, seier Gunnar Sivertsen, som er forskar ved NIFU. (Foto: Olav Spilling/NIFU)

Gunnar Sivertsen er forskar ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) og hovudarkitekten bak publiseringsindikatoren.

– Leiarane må leie, dei kan ikkje berre telje. Indikatoren er ikkje laga for å samanlikne forskarar på individnivå. Ein kan godt bruke den som del av grunnlaget for ein medarbeidarsamtale, men ikkje til å sjå kva forskaren sitt bidrag har vore. Publiseringsindikatoren er ikkje eit kvalitetsmål – det er ein måte å stimulere til forsking på, seier han.

– Samtidig kan ikkje myndigheitene fortelje dekanar eller instituttleiarar kva dei kan og ikkje kan gjere, sidan leiing er eit lokalt ansvar. Då blir det viktig med ein felles arena i UHR der ein kan diskutere god og dårleg praksis, seier Sivertsen.

Powered by Labrador CMS