Bildet er frå ein marsj for klima i New York i 2014. (Foto: Alejandro Alvarez)
Marsj for vitskapen i meir enn 500 byar verda over
Laurdag samlast folk over heile verda seg for å visa si støtte til fri og uavhengig forsking. I Noreg vert marsjen arrangert i seks byar.
I samarbeid med På Høyden
Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.
22. april blir tidenes første «March for Science» arrangert. Målet med marsjen er å visa motstand mot falske fakta og forsking som er under press frå politikarar. Initiativet til marsjen kom i kjølvatnet av at Donald Trump tok over makta i USA.
Trump har mellom anna avvist at klimakrisa er menneskeskapt, uttalt at han vurderer å trekka seg frå Paris-avtalen, og gjennomført kutt i forskingsbudsjetta.
Dei heile starta med ei lita Facebookgruppe i Washington DC, og har no utvikla seg til å bli organiserte marsjar i over 500 byar verda over.
– Forsking og forskarar, og faktabaserte politikk er under angrep. Politikar trugar notida og framtida ved å oversjå forskingsbasert kunnskap når dei skal utforma politikken sin. Dei trugar vitskapelege framsteg gjennom budsjettkutt, og dei avgrensar folket sin kunnskap gjennom å dyssa ned forskarar si stemme, seier forskar Caroline Weinberg, ei av dei som står bak marsjen i Washington DC til University World News.
Marsj i Bergen
I Noreg blir marsjen arrangert i Stavanger, Trondheim, Bergen, Tromsø, Oslo og Bodø.
Prosjektleiar ved Bjerknessenteret, Øyvind Paasche, var ein av forskarane som i januar tok initiativ til ein nordisk underskriftskampanje til støtte for forskarkollegaar i USA.
Dei hadde fått fleire tilbakemeldingar får amerikanske kollegaar rundt korleis politikken ser ut til å gripa inn med moglege nedskjæringar, nedbemanning og sensur.
– Me har sendt ein førespurnad til dei som driv March for Science i USA. Me har bedt om at den støtta som har kome frå dei nordiske landa blir lest opp på marsjen i Washington, seier Paasche.
– Viktigare enn nokon gong
Paasche skal delta på marsjen i Bergen, og meiner det er viktigare enn nokon gong å stå opp for det ein trur på.
– Eg trur at heile denne situasjonen som har oppstått med Trump har gjort folk merksame på at verdien av å ha fri og uavhengig forsking er større og har eit større omfang enn det folk flest er klar over. Det å beskytta verdiar som vitskapeleg integritet handlar ikkje utelukkande om at forskarar skal gjera jobben sin på ein forsvarleg måte. Dette er verdiar som samfunnet i sin heilheit tener på å hegna om, seier Paasche, og legg til:
– Me lever i ei verd som heilt openbert beveger seg i ei retning som ikkje samsvarar med idealet om fri og uavhengig forsking, ei verd kor politiske meiningar trumfar forsking, då er det ekstra viktig å tydeleggjera kva for verdiar ein sjølv står for.
Artikkelen ble først publisert i På Høyden.