Frykten for ikkje å få med seg det som skjer, kan bli så stor at vi tek med mobilen når vi legg oss. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Angst gjev ekstrem mobilbruk

Vi greier ikkje å leggje frå oss mobilen. I gjennomsnitt sjekkar vi han 150 gongar i døgnet. Angst for ikkje å vere med i den sosiale loopen, er ei av forklaringane.

Mange er så redde for å gå glipp av e-post, meldingar, oppdateringar, nyhende eller diskusjonar at dei ikkje kan leggje frå seg mobilen. Difor sjekkar vi smarttelefonen om lag kvart sjette minutt i gjennomsnitt.

Angst for ikkje å få med seg det som skjer kallas FOMO (Fear of missing out). Frykten gjev ein ekstrem bruk av smarttelefonar.

Kjæledyret i senga

Frykten blir så stor at vi tek med mobilen når vi legg oss. Somme går så langt at dei skaffar seg eit spesiallaga putetrekk med eigen lomme til mobilen.

– Då får kjæledyret plass rett ved øyret om natta, og du kan reagere straks det vibrerer, seier professor Tor Wallin Andreassen ved Norges Handelshøyskole.

Han har nyleg gjort ein studie av kva som leier til ekstrem bruk av smarttelefonar.

– Tanken på at du skal skru av dyret og leggje det på lading i stova, skaper ein frykt for at du ikkje er á jour. Du er ikkje med på det som skjer akkurat no, seier Andreassen.

Det same skjer når du er på teateret og ikkje greier å la vere å sjekke oppdateringar på Facebook. Du må sjekke inn, eller poste ei melding på Twitter. Leggje eit bilete på Instagram, samstundes som du er oppteken av å fortelje andre kva du gjer akkurat no, du er oppteken av å få applaus frå venene dine i form av «likes».

To hovudforklaringar

Frykten for å hamne utanfor gjer at du heile tida er logga på, anten det er for å lese e-post eller sjekke oppdateringar på sosiale medium. (Foto: (Illustrasjon: Øyvind Lothe, NHH))

Det er to bakgrunnsvariablar som ligg til grunn for bruk av smarttelefonar. Samfunnsutbygginga av struktur, teknologi og breiband stimulerer til auka bruk av smarttelefon

– Om du legg til rette for meir og betre nettbruk, aukar interessen for å vere på nett, seier Andreassen.

Det andre er den sosiale normen.

– Når vener og kjentfolk er på nett, er det ei forventing om at du også skal vere det. Du er nerdete om du ikkje er det. Normen er ein smarttelefon, og at du er tilgjengeleg absolutt heile tida.

Den sosiale nettverkseffekten er viktig i dette. Di fleire vener du har på sosiale medium eller har kontakt med på nett, di meir aukar lysten til å vere der. Når mange brukar ei teneste, blir gleda større.

Overdriven bruk

Andreassen meiner det er to hovudforklaringar på ekstrembruk. Den eine er alle faktorar som legg grunnlaget for at ein alltid er logga på. Den andre er frykten for ikkje å vere med i det sosiale laget.

– Begge har like mykje å seie for ekstrem mobilbruk, og dei påverkar kvarandre. Frykten for å hamne utanfor gjer at du heile tida er logga på, anten det er for å lese e-post eller sjekke oppdateringar på sosiale medium. Det er difor du har mobilen liggjande på nattbordet.

Somme vil hevde at dette gjer folk avhengige, men Andreassen går ikkje så langt. Så lenge det ikkje er vitskapleg dekking for ein slik type diagnose, vil han heller kalle fenomenet for overdriven bruk som minnar om å vere avhengig.

Ikkje greier å la vere

– Korleis kjenner vi igjen overdriven bruk, meiner du?

– Når du i alle samanhengar kikkar i mobilen, sjekkar meldingar, e-post og sosiale medium, anten du er på teater eller i middagar. Når du ikkje greier å la vere, bortsett frå når du søv. Ein ekstrem bruk ligg svært nær opp til ulike former for å vere avhengig, slik hjerneforskinga har vist.

Velveresenteret i hjernen skil ut dopamin og serotonin når det blir stimulert ved til dømes å sjekke mobilen. Når vi brukar mobilen til å kople oss på, bli underhalde og vere aktive på sosiale medium, blir dette senteret i hjernen stimulert og gjev oss ei behageleg kjensle – ei kjensle av å vere «høg».

Vananes forbanning

– Hjernen har glede av stimuleringa og utløyser dopamin. Etter ein stund vil han ha meir. Det er vananes forbanning. Hjernen lærer seg dette enormt fort. Han vil ha belønninga – noko han triggar ved å få brukaren til å sjekke til dømes telefonen.

– Slik styrar han åtferden; gje meg eit skot, seier hjernen. Eg trur det er dette som skjer. Hjernen får abstinens om han ikkje blir konstant stimulert. Han blir hyperstimulert med desse media, og han elskar å bli hyperstimulert. Elles kan han bli rastlaus. Han seier, utan at du er medvite om det, sjekk Facebook!

Andreassen skil mellom to typar bedrifter på nett: dealers og healers. Nokre løyser eit problem eller gjev svar på det du ønskjer og du kan logge av og jobbe vidare, slik som ulike oppslagsverk og søketenester. Google er eit døme på dette.

Andre er langarar. Dei vil at du skal bruke så mykje tid på dei som mogleg. Facebook er eit døme på dette.

– Sosiale medium er basert på denne logikken. Dei kommuniserer at «du må bruke meg så mykje som mogleg». Det blir utvikla ein lim-effekt mellom brukarane, og det skaper ei spenning og variasjon som gjer at du ikkje klarer å forlate det. Det er stadig nye episodar med ein spanande slutt. Kva skjer vidare?

Implikasjonar

– Kva for lærdom kan vi trekke av alt dette?

Tor Wallin Andreassen. (Foto: NHH)

– Folk må byrje å tenke over korleis mellom anna smarttelefonen pregar måten vi lever på og vår sosiale omgang med kvarandre.

Det er ikkje berre relasjonane våre Andreassen er oppteken av. Han er uroa for at evna til å vere konsentrert og samla om ei oppgåve, blir øydelagd ved at konsentrasjonen konstant blir avbrote. Denne forma for rastløyse kan føre til at konsentrasjonsspennet hjå unge folk berre blir mindre og mindre, meiner han.

– Eller du kan seie at dei klarer å vere merksame på fleire ting samstundes?

– Nei, du tek konsentrasjonen og bryt han opp i mange sekvensar. Alt blir stykka opp på grunn av avbrota. Medan du les, seier hjernen: no må du stimulere meg meir, dette går for sakte. Du får abstinens, og utan å tenkje over det, strekk du deg etter mobilen.

– Di meir rastlaus hjernen er, di fortare kjem desse avbrota. Du må ha Facebook og Twitter oppe samstundes som du høyrer på musikk medan du skriv eller les. Då hyperstimulerer du hjernen. Eg trur minnet blir dårlegare.

Uvanar til bords

Professoren håpar pendelen snart snur.

– Vi ser døme på mottrekk. I USA har nokon starta ein form for selskapsleik der vener konkurrerer om å la mobilen liggje. Dei går ut for å ete middag, og alle må leggje mobilen frå seg på bordet. Den som først plukkar opp mobilen for å sjekke, må ta rekninga, fortel Andreassen.

Stadig fleire ser at den overdrivne bruken går ut over den mellommenneskelege kvaliteten, meiner Andreassen, som vedgår at han sjølv er ein svært aktiv mobilbrukar, både på sosiale medium, bloggar og e-post.

– Håpet er at vi kan gå på teateret og vere til stades i noet. Det kan vi ikkje når vi alltid er logga på.

Powered by Labrador CMS