Saken er produsert og finansiert av De regionale forskningsfondene - Les mer
Laksen reagerer på CO2, og desse reaksjonane kjem lenge før gassen har nokon påviseleg fysisk effekt på fisken. (Illustrasjonsfoto: Marine Harvest)

Oppdrettslaks ømfintleg for CO2

Laks reagerer på lågare CO2-konsentrasjonar i vatn enn tidlegare antatt.

6.1 2016 05:00

I 2007 innførte Mattilsynet forbod mot å bedøve oppdrettslaks ved å tilføre CO2-gass i vatnet.

Sidan har det likevel vore gitt dispensasjon til å bruke CO2 til såkalla sedering – ein prosess der fisken vert sløva ned – før bedøving og slakting. Målet med sederinga er å unngå at fisken blir stressa og dermed også at kvaliteten på fiskekjøtet vert negativt påverka.

No viser det seg at laks er meir ømfintleg for CO2 enn ein tidlegare har trudd.

– Den reagerer med fluktresponsar på sjølv svært små CO2-konsentrasjonar i vatn, seier Bjørn Roth, som er seniorforskar ved matforskingsinstituttet Nofima og arbeider mykje med velferd knytt til avliving av oppdrettsfisk og skaldyr.

Han er også leiar for eit forskingsprosjekt i regi av sjømatselskapet Marine Harvest, der ein har sett på korleis stressnivået til laksen vert påverka av prosessane rett før slakting. Ei viktig målsetting i prosjektet, som er støtta av både Regionalt forskingsfond Vestlandet og Havbruksnæringens Forskningsfond, er å bidra til at industriprosessar er mest mogleg effektive og skånsame for fisken.

Laks vert stressa ved låge CO2-konsentrasjonar

For å undersøke korleis laksen responderer på tilførsel av CO2, har Anders Mangor Jensen ved Havforskingsinstituttet gjort forsøk med ei innretning som heiter tunnelrespirometer. Det er eit gjennomsiktig kammer der ein kan fjernstyre vassgjennomstrøyming, temperatur, CO2-tilførsel og liknande.

– Fisken vert tatt inn i kammeret eit par dagar før forsøka, slik at han kan tilpasse seg. Dei einaste endringane fisken vil oppleve i omgjevnadene, er dei som vi styrer. Det betyr at vi kan måle til dømes respons på CO2-tilførsel utan noka form for støykjelde, forklarer Roth.

– Forsøka viser tydeleg at laksen reagerer på CO2, og desse reaksjonane kjem lenge før gassen har nokon påviseleg fysisk effekt på fisken. Eg trur at laksen har ei eller anna form for ytre CO2-sensorar som vi tidlegare ikkje har vore merksame på. Når det gjeld bruk av CO2 til sedering og bedøving, vil ein elles isolert sett kunne konkludere med at fisken vert stressa når ein ser korleis han responderer, seier Roth.

Han meiner at gradvis tilførsel av CO2, slik ein brukar på kylling, der ein startar med små dosar utan at kyllingen merkar noko og så aukar heilt til han svimar av, ikkje er så godt eigna for laks.

– Straumbedøving og slag – som kan reknast som tilnærma momentane bedøvingsmetodar – vil vere betre metodar dersom dei fungerer optimalt.

– Samtidig finst det alltid ein sjanse for bomslag, orienteringsfeil i el-bedøvar, oppvakning under utbløding og ikkje minst kvalitetsproblem ved ei dårleg kjølekjede. Bruk av CO2 kan i denne samanhengen sjåast som ei sikring mot avvik i desse systema, seier Roth.

Samling i ventemerdar stressar mest

Gjennom storskalaforsøk er det også undersøkt korleis laksen reagerer på andre vanlege prosessar som han går gjennom før slakting. Blodprøvar viser endringar i mjølkesyrenivået, som aukar under stress.

Forskarane har mellom anna målt stressnivået til fisken som er trengt saman i ventemerdane og samanlikna med stressnivået etter at fisken har vore gjennom pumping, der han vert soge opp til bedøving og slakting, og levandekjøling med CO2.

– Trenginga, der fisken vert samla i ventemerdar, er det som stressar fisken mest. Fisk som framleis er i ventemerdane, er ofte meir stressa eller utmatta enn same gruppe fisk som har vore gjennom pumping og levandekjøling med CO2.

– Får ein fisken kjapt opp på land og får bedøvd og avliva han med det same, vil det vere det beste med tanke på både dyrevelferd og bevaring av optimal kvalitet på fiskekjøtet, seier Roth.

Toler kaldt vatn og brått temperaturfall

Som forskning.no har omtalt tidlegare, viser forskinga til Roth og kollegaene at oppdrettslaks toler godt både låge vasstemperaturar og hurtig nedkjøling.

– Myndigheitene har tidlegare vurdert maksimalt ein grad temperaturendring per time, men det er slett ikkje nødvendig. Forsøka våre viser at laks toler bråkjøling utan å vise noka form for stressreaksjon. 

For planane oppdrettsbransjen har om å drive oppdrett på land, i lukka kar der ein pumpar opp kaldt sjøvatn frå djupet, er dette godt nytt.

– Fisken toler det kalde vatnet godt, og ein kjem i gang med kjølekjeda så tidleg som mogleg, slik at kvalitetstapet på veg til forbrukarane vert minimalt, seier Roth.

Referanse:

Jørgen Lerfall mfl: Pre-mortem stress of Atlantic salmon (Salmo salar L.) on and the subsequent effect drip loss on flesh quality of for pre rigor filleted fillets Atlantic salmon (Salmo salar L.) during ice storage. Food Chemistry, mai 2015, doi: 10.1016/j.foodchem.2014.11.111. Sammendrag

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Om prosjektet

«Utvikling av ny standard for sedering og slakt av oppdrettslaks»

Prosjektansvarleg: Marine Harvest Norway.

Forskingspartnarar: Nofima, Akvaplan-niva og Havforskingsinstituttet.

Regionalt forskingsfond Vestlandet og Fiskeri- og Havbruksnæringens Forskningsfond har støtta prosjektet med høvesvis 2,2 millionar og 0,9 millionar kroner.