Menn ynskjer unge og fruktbare kvinner

Alder kan vere viktigare enn vi trur når vi vel partnar. Vi er berre ikkje klar over det sjølv alltid.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Menn, uansett alder, søker kvinner med idealalderen 21 år. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Sjølv om vi lever i eit av verdas mest likestilte land, er det framleis naturen som avgjer kven vi skal vere saman med.

Det viser ein ny studie frå Psykologisk institutt ved NTNU. Studentar i Trondheim deltok i studien, og vart spurt om alder, kjønn og status.

I tillegg fekk dei spørsmål om alderen til det dei såg på som ein ideell korttidspartnar samt alderen på den ideelle langtidspartnaren.

– Vi fann ut at menn vel og ynskjer yngre partnar enn seg sjølv, medan kvinner vel og ynskjer seg eldre partnar enn seg sjølv, seier doktorgradsstipendiat Trond Viggo Grøntvedt.

Han har gjennomført studien saman med professor Leif Edward Ottesen Kennair.

Evolusjonen bestemmer

Så kvifor vel menn yngre kvinner, og kvinner eldre menn? Er det noko vi har med oss i bevisstheita vår når vi skal velje kven vi vil vere saman med?

Truleg ikkje, ifølgje Grøntvedt, som har konkludert med at evolusjonsteorien kan gje oss best mogleg svar på den mystiske aldersgåta.

– Truleg er ikkje dette med alder heilt bevisst hos det enkelte individet når ein vel partnar. Kvifor vi vel slik vi gjer derimot, trur vi kan forklarast ut i frå evolusjonsteorien. Den seier at partnarpreferansane våre kan skuldast dei ulike problema menn og kvinner har stått overfor i evolusjonær tid, seier han.

Søkjer idealalderen

Langtidspartnarar vart i studia definert som ein du kunne hatt noko seriøst og langvarig med, og som du kanskje kunne flytta inn saman med og gifta deg med, og korttidspartnarar som ein du ville hatt sex med ein eller fleire gonger.

I studien kom det fram at det var veldig liten aldersskilnad mellom den faktiske partnaren og ein sjølv hos menn i aldersgruppa 18–20. Det var litt større skilnad i gruppa mellom 21–23, men størst skilnad i aldersgruppa 24–30.

Same trend kom også til syne når det kom til kva alder ein ynskja at ein korttids- og langtidspartnar skulle ha.

– Dette viser oss at menn, uansett alder, søker kvinner med idealalderen 21 år. Det er dette året i livet kvinna er mest fruktbar. Yngre menn søkte oppover før dei fylte 21 år, men etter det søkte dei nedover i alder, seier han.

Auka med alderen

Medan menn byrja med å søke litt opp i aldersgruppa mellom 18 og 20 hjå ein potensiell partnar, og så søkte lenger ned i alder, søkte kvinna stadig eldre menn. I høve ynskje om alderen til ein potensiell korttidspartnar var menn i alderen 24–30 villig til å gå ned tre år, medan kvinna ville gå opp med tre år i same aldersgruppe.

Kvinnene hadde generelt sett ein eldre partnar enn seg sjølv, og størst skilnad mellom partnaren og ein sjølv var i aldersgruppa 24–30. Når det kom til ynskje om korttids- og langtidspartnar, var kvinna generelt villig til å gå endå lenger opp i alder.

Resultata synte med andre ord at menns ynskje om yngre partnarar auka med alderen på mannen, medan kvinner i alle aldre ynskte seg eldre menn.

At kvinner vert tiltrekt av eldre menn, forklarar Grøntvedt med eit ynskje om ressursar og eit forsterka behov for at partnaren har potensial for å vere flink med pengane.

Endring i sosial struktur

Det finnes fleire forklaringar på kva dette skuldast. Ein er den såkalla sosial rolle-teorien.

– Her vert det hevda at i eit fullstendig likestilt samfunn vil ein ikkje kunne observere kjønnsskilnader i til dømes partnarpreferansar, då rollene for menn og kvinner er like, seier Grøntvedt.

Ut i frå sosial rolle-teorien antok Grøntvedt og Kennair på førehand at det vart nedgang i kjønnsskilnadane mellom menn og kvinner i partnarpreferansar som følgje av meir likestilling i det norske samfunnet samanlikna med andre land.

– Studien gav oss likevel svar som synte at det er lite støtte for hypotesen om at likestilling fører til mindre kjønnsskilnader i høve alderspreferanse og val av partnar, seier Grøntvedt.

Ynskjer fertile partnarar

Trond Viggo Grøntvedt. (Foto: NTNU)

Grøntvedt viser til at dei fann støtte for ein evolusjonær tilnærming, og at denne best kan forklare kvifor det er slik.

Den tek utgangspunkt i biologiske skilnader mellom menn og kvinner. Menn er til dømes biologisk sett meir enn kvinner avgrensa av fertile partnarar.

– Ein mann kan potensielt få fleire avkom enn kvinner over ulike tidsperiodar som følgje av at menn ikkje går gravid, føder eller gir avkommet næring den første tida av barnet sitt liv. Ei løysning på problemet med å skaffe ein fertil partar, er å ha preferansar for trekk som signaliserer fertilitet. Eitt av desse trekka er alder.

– Sidan kvinner har ein høgare grad av fertilitet rundt 20–22-årsalderen, forventast det frå eit evolusjonært perspektiv at menn vil søke og ha preferansar for partnarar rundt denne alderen, seier han.

Ynskjer snill partnar

Grøntvedt legg likevel til at det er viktig å påpeike at ein i deira studie kun tek utgangspunkt i ei side av kvifor vi vel partnar slik vi gjer. Han seier at det er mange andre trekk som er viktige for begge kjønn når vi skal ta ei avgjerd.

– Det kjem fram av ei rekkje studiar at begge kjønn søkjer ein partnar som først og fremst er snill og forståingsfull. Vi søkjer også ein person med ein spanande og relativt stabil personlegdom, som ein kan dele interesser og verdiar saman med.

– Sidan alder er knytt til fertilitet hos kvinner i større grad enn hos menn er det likevel ei forventning ut i frå den evolusjonære teorien at dei vil finne ein kjønnsskilnad i preferansar og i faktisk partnarval når det kjem til alder, seier Grøntvedt.

Referanse:

Grøntvedt & Kennair: Age preferences in a gender egalitarian society (pdf), Journal of Social, Evolutionary, and Cultural Psychology, 2013, 7(3), 239-249.

 

Doktorgradsstipendiat Trond Viggo Grøntvedt ved Psykologisk institutt.

Kvinner hadde ein tendens til å stadig opp i alder, og menn ned. Figur: Journal of social, evolutionary, and cultural psychology

Powered by Labrador CMS