Saken er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - Les mer
Det 95 millionar år gamle fossilet er fantastisk detaljert.

– Som å finna ei fossil snørrklyse

Naturhistorisk museum i Oslo har motteke eit blekksprutfossil i verdsklasse.

16.9 2014 05:00

– Det er uhyre sjeldant med så gode fossil av blautdyr, ifølgje forskarar.

Vanlegvis er det berre dei harde delane av dyr og plantar som vert til fossil, som knoklar og skal.

Derfor er det av stor verdi for forskarane når blaute kroppsdelar òg vert fossilisert, slik det til dømes skjedde med mageinnhaldet til Ida-fossilet.

Dermed var det ein sensasjon då ei gruppe forskarar i 2009 kunne rapportera om fem godt bevarte fossil av åttearma blekksprutar som levde for 95 millionar år sidan. Blekksprutane var av tre ulike artar.

Grunt hav

– Ein død blekksprut vert raskt til ei slimete masse. Å finna eit fossil som dette, er som å fina ei fossil snørrklyse, seier Jørn Hurum frå Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo.

– Vårt fossil er frå same staden som dei som vart beskrivne i 2009, og kanskje endå eit hakk finare, seier han.

Fossila er funne i Hâdjoula i Libanon. Her var det eit grunt hav med mykje kalkslam, som dekka dei døde dyra før dei vart etne av åtseletarar eller fekk tid til å begynna å rotna.

Kjenner ingen mellomledd

– Vi kan tydeleg sjå sugekoppar, hud, muskelavtrykk, blekksekk, auge og tarmsystem. Desse blekksprutane liknar mykje på dei som lever i dag, og viste at dei har utvikla seg titals millionar år tidlegare enn det vi hadde trudd til då, seier professor Hans Arne Nakrem frå NHM.

– Men vi kjenner knapt eit einaste mellomledd mellom desse 95 millionar år gamle fossila og dagens blekksprutar.

Han fortel at noko av det spennande med å motta eit fossil frå ei slekt som er såpass nyleg beskriven, er at det framleis står att forsking som kan gjerast.

Sofistikerte laboratorium

– Vi veit at vårt eksemplar er av same slekta, Keuppia, som to av dei tre beskrivne artane. Men vi er ikkje sikre på om det er ein ny art eller ikkje.

– Og uansett har vi sofistikerte laboratorium som kan avdekkja nye tilhøve ved anatomien hjå dette fossilet, seier Nakrem, og garanterar at det i framtida vil koma mange fleire spennande funn frå Hâdjoula, spesielt av blautdyr.


– De er dei fyrste barna i verda som får sjå dette, var Jørn Hurum sin beskjed til dei frammøtte barna på Geologiens dag.

Fossilet er ei gåve frå PalVenn, eller Paleontologisk museums Venner. Hurum kan ikkje få rost veneforeninga nok.

Frivillige entusiastar

– Nokre få av oss får sjansen til å gjera lidenskapen vår til eit levebrød. Men utan støtten vi får frå frivillige entusiastar som PalVenn, hadde mykje av det vi driv med, vore vanskeleg eller umulig å gjennomføra.

– Innkjøp som dette er eitt døme, eitt anna er utgravingane våre på Svalbard.

Fossilet vart vist fram fyrste gong ved NHM under den tiande Geologiens dag 12. september.

Referanse:

Fuchs m.fl: New octopods (Cephalopoda: Coleoidea) from the Late Cretaceous (Upper Cenomanian) of Hâkel and Hâdjoula, Lebanon, Palaeontology Volume 52, Issue 1, pages 65–81, January 2009, doi:10.1111/j.1475-4983.2008.00828.x.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse