Ulik praksis i fornorsking av kvenane

Dei lokale prestane hadde ikkje den same haldninga og praksisen i fornorskingspolitikken overfor dei læstadianske kvenane, som den statskyrkja sentralt hadde.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Mjølking av reinsdyr i Finnmark på slutten av 1800-talet - typisk kvensk mannsantrekk. (Foto: Ellisif Rannveig Wessel/Wikimedia Commons)

Etter at prestane vart fråteke ansvaret for skulen i 1889, var det ingen av dei, korkje i Vadsø eller Lyngen, som gjekk inn for assimilering, trass i at dei ikkje var motstandarar av å integrere minoritetane.

- Tvert om, fleire av prestane hadde enorm stor tyding for å knyte læstadianarane til statskyrkja, på deira eige språk. Dei opna kyrkjedørene, seier Rolf Inge Larsen ved Universitetet i Tromsø

I si ferske doktoravhandling tek han for seg korleis forholdet mellom læstadianismen og statskyrkja vart påverka av det fiendebiletet av kvenane som norske styresmakter hadde fram til 2. verdskrigen.

Larsen er den første som drøftar denne tematikken med ei biografisk tilnærming på lokalt aktørnivå i Lyngen og Vadsø over ein lengre samanhengande periode - han ser med andre ord på kva dei lokale prestane og bispane faktisk meinte, skreiv og gjorde.

Tredelt fiendebilete

Tidsrommet mellom 1870 og 1940 var prega av nasjonsbygging i nordområda og læstadiansk organisering og splittingar.

Samstundes vart statskyrkja fraksjonert i ein liberal og ein konservativ fløy og hadde eit nasjonsbyggjande ansvar i “dei utsette grenseområda” i nord.

- Norske styresmakter hadde eit tredelt fiendebilete av kvenar og læstadianarar gjennom denne perioden, seier Larsen.

- Først og fremst vart fiendebiletet knytta til den sikkerheitspolitiske trusselen omtalt som “Den finske fare”. Vidare vart annleis truande oppfatta som ein religiøs trussel, og til sist til oppfatta styresmaktene ein etnisk trussel mot den integrerte kulturnasjonen dei ville byggje.

Ulike strategiar og motstrategiar

Den legendariske læstadianarpredikanten Erik Johnsen. (Foto: (truleg) Johan Henrik Wennberg)

Larsen har først og fremst konsentrert seg om den religiøse dimensjonen, og korleis både statskyrkja og læstadianarane møtte fiendebiletet av kvenane med ulike strategiar og motstrategiar.

- Den store læstadianske predikanten i Lyngen, Erik Johnsen, insisterte til dømes på å bruke finsk og samisk, sjølv om han også kunne norsk. På møte i Oslo og på kapellvigsling i Skibotn - han snakka finsk og vart tolka til norsk, fortel Larsen.

Dette mislikte bispen.

- Men læstadianarane sine motstrategiar gjekk først og fremst ut på andre tolkingar av sentrale lutherske dogme som til dømes dåp og kyrkjeforståing, enn dei statskyrkja presenterte.

- Sjølv om det var ganske store skilnader mellom den læstadianske rørsla i Lyngen og i Vadsø, så hadde dei begge stader sterke og synlege læstadianerpredikantar som kom med alternative forklaringar til samfunnet og tilhøva i Nord-Noreg, og på samlingane begge stader hegna dei om minoritetsspråka kvensk og samisk, fortel Larsen.

Luther-blind forsking

Larsen drøftar den sentrale politiske og religiøse rolla til statskyrkja i fornorskingspolitikken med læstadianismen si rolle som politisk kraft og identitetsskapar.

- Forskinga om tidsrommet 1870–1940 i Noreg har langt på veg vore Luther-blind fordi ein i stor grad har forstått og forklart statkyrkjas rolle i det norske samfunnet i ein annan terminologi enn den kyrkjeaktørane sjølv brukte, og med det oversett den religiøse dimensjonen i debatten, seier Larsen.

- Eg har difor retta merksemda mot det religiøse språket og forståinga av det. Det religiøse dilemmaet som oppstod i møtet mellom nordmenn og kvenar i fornorskingsperioden har vorte belyst gjennom korleis aktørane forstod dei religiøse dogma, fortel han, og utdjupar:

- Sjølv om kvenar og nordmenn ikkje hadde det same “jordiske” språket, så hadde dei det same religiøse grunnspråket i den lutherske teologien, sjølv om dei somme gonger tolka denne ulikt.

Religionen på hjartespråket

Rolf Inge Larsen (Foto: Sigrun Høgetveit Berg)

- For dei lokale prestane vart det difor viktig å la kvenane få tileigne seg krostendomen på hjartespåket sitt, sjølv om dei sjølvsagt også meinte kvenane på lang sikt måtte lære seg norsk.

- Men det var ikkje verd å tapa ein heil generasjon med å tvinge på dei kristendom på norsk, som prost Balke uttalte på 1870-talet, avsluttar Larsen.

Referanse:

Larsen, Rolf Inge (2012): Religion og fiendbilder. Læstadianismen, statskirken og kvenene 1870-1940.

Powered by Labrador CMS