Genetiske skilnader avgjer intelligens

Ikkje alle er like smarte. Små variasjonar i genene kan forklare inntil halvparten av skilnaden i intelligens mellom personar, viser ny forsking.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Intelligens er i stor grad arvelig, men hvilke gener er det snakk om? (Foto: Colourbox)

Tvillingstudier og studier av adopterte har vore den vanlegaste metoden for å fastslå kva rolle arv spelar i spørsmålet om intelligens.

Desse studiene har overtydd forskarane om at gener er avgjerande, men slike studier kan vere upålitelege.

Tvillingstudier er problematiske fordi tvillingar ikkje berre deler arv, men også miljø. Studier med adopterte reiser etiske dilemma kring biologisk opphav og tausheitsplikt.

No har forskarar studert skilnader i genmateriale og kome eit steg nærare svaret på spørsmålet om kor viktig arv er for intelligensen.

– Debatten om arv og miljø har vore langvarig, men no har vi klart å vise kor viktige genene faktisk er. Denne studien er nok ein bit i puslespelet, seier Stéphanie Le Hellard, seniorforskar ved Universitetet i Bergen.

Genetiske variasjoner

(Foto: (Illustrasjon: www.colourbox.no))

I ein studie av 3511 personar sitt genmateriale fann forskarane at intelligens kan knytast til eit stort tal gener, som kvar for seg har effekt på eit menneske sin IQ.

I ein studie leia av University of Edinburgh deltok forskarar frå Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo for å undersøke over ein halv million små variasjonar i arvestoffet.

I tillegg tok personane i studien vanlege intelligenstestar. Resultata vart nyleg publiserte i tidsskriftet Molecular Psychiatry.

Forskarane har målt kva effekt genetiske variasjonar har både på krystallisert og flytande intelligens.

  • Krystallisert intelligens er den kunnskapen og erfaringa du tileignar deg gjennom livet, mellom anna språkleg forståing. Denne typen intelligens aukar fram til 25–30-års alder. Deretter held den seg på eit stabilt nivå.
  • Flytande intelligens dreier seg om individet si evne til problemløysing og å svare på utfordringar. Den flytande intelligensen aukar med alderen, fram til 20–30 års alder. Men etter fylte 50 år går den nedover. Reduksjonen i flytande intelligens blir imidlertid kompensert for ved hjelp av kunnskap og livserfaring.

Dei genetiske variasjonane står for 40 prosent av individuelle skilnader i den krystalliserte intelligensen, og forklarer så mykje som 50 prosent av skilnaden mellom personar når det gjeld flytande intelligens.

Arv eller miljø?

Førebels veit ikkje forskarane akkurat kva gener som er avgjerande for intelligensen. Det den nye studien har slått fast er at det er snakk om hundrevis, kanskje tusenvis av ulike gener som spelar inn.

Framleis gjenstår mange bitar i puslespelet. Til dømes mistar enkelte personar flytande intelligens i eit langt raskare tempo enn andre.

– Den ekstreme versjonen av dette er nevrodegenerative sjukdomar, som til dømes Alzheimer demens. Vi veit framleis ikkje om dette skuldast dette arv eller miljø, seier Stéphanie Le Hellard.

Med vidare studier håper forskarane å finne svaret på dei biologiske prosessane som går føre seg i hjerna.

– Dersom vi klarer å finne ut korleis desse prosessane går føre seg i friske menneske, kan vi finne ut kva som sviktar hjå sjuke og dermed utvikle metodar for å hjelpe, seier ho.

Referanse:

Davies m.fl.: Genome-wide association studies establish that human intelligence is highly heritable and polygenic, Molecular Psychiatry , published online 9 August 2011, doi:10.1038/mp.2011.85.

Powered by Labrador CMS