Let mikrobane få oljejobb

Jakta på ny arbeidskraft i oljebransjen vil ingen ende ta. No skal mikrobane til pers for å få ut meir olje frå halefelt på norsk sokkel.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Desse mikrobane ser ut til å ha det som "plomma i egget" i vasskanalane i bestemte oljefelt. (Foto: Kate Boccadoro, IRIS)

Prosjekt: Ny metode for auka oljeutvinning ved hjelp av mikrobiologisk selektiv plugging

Målsetjing: Analysera og utvikla metodar for å plugga vasskanalane i oljereservoar med bakteriar, slik at ein kan auka utvinningsgraden frå såkalla modne felt eller halefelt

Prosjektansvarleg: GOE-IP AS

Prosjektpartnar: International Research Institute of Stavanger (Iris)

Varigheit: 2012-2014

Regionalt forskingsfond Vestlandet stør prosjektet med 3 millionar kroner.

Når det naturlege trykket ikkje lenger er nok til å driva ut olje frå eit reservoar, injiserar ein gjerne ein blanding av vatn og gass for å oppretthalda produksjonen.

På norsk sokkel er metoden svært utbredt.

Problemet med denne teknologien er at det etter kvart dannar seg vasskanalar i oljelaga. Då vil nye injeksjonar går rett igjennom utan å driva ut meir olje, sjølv om det framleis kan vere store mengder att i reservoaret.

Stavangerfirmaet GOE-IP og forskingsinstituttet Iris er no på sporet av ein lovande metode for å auka produksjonen frå såkalla halefelt eller modne felt.

Metoden er utviklet av selskapet GOE-IP, som også eier alle kommersielle rettigheter og patenter, og Iris har fått i oppdrag å verfisere teknologien. Siden 2012 har Iris også vært med på å videreutvikle metoden.

- Vi forsøker rett og slett å plugga vasskanalane med bakteriar, slik at nye injeksjonar av gass og vatn finn vegen til dei oljemetta delane av eit felt, seier Kate Boccadoro, seniorforskar ved Iris.

Ideen om å bruka bakteriar i oljeutvinning er slett ikkje ny – allereie i 1926 var forskaren J.W. Beckman inne på tanken – men forskingsinnsatsen har vorte intensivert dei siste åra; òg her i Noreg.

Dette har sjølvsagt samanheng med at mange av felta i Nordsjøen byrjar å bli gamle. Samtidig har styresmaktene ambisjonar om auka utvinningsgrad. 

Tøffe mikrobar

Utgangspunktet for teknologien er ein bakterietype som Asle Ravnås i GOE-IP kom over tidleg på 2000-talet.

- Av omsyn til potensielt verdifulle patent, kan eg ikkje seia akkurat kva for bakteriar vi snakkar om. Men eg kan seie at vi jobbar med å bruka denne spesielle mikroben – som toler høgt trykk og temperatur og ikkje degraderar oljen – på ein ny måte.

- Planen er å bruka bakteriane i vasskanalane mellom oljerike område i eit felt, seier Boccadoro.

- I slikt vatn veks dei i både tal og omfang og formar rett og slett ein plugg. Nye injeksjonar av veske tar då veg rundt denne pluggen, og kan driva ut meir olje, seier ho.

Fleksibelt arbeidslag

Det beste med dei små hjelparane til Boccadoro er likevel at dei dannar ein fleksibel plugg som let seg kontrollera.

- Sidan dette er snakk om bakteriar vi tilførar utanfrå, betyr det at vi kan plugga akkurat når vi vil.

- Og sidan bakteriane treng tilførsel av næringsstoff for å overleva, betyr det at vi òg kan løysa opp pluggen akkurat når vi vil. Det er berre å strøypa mattilførselen, seier ho.

Kate Boccadoro med små observasjonar som kan gje stor utteljing for oljeutvinninga. (Foto: Arild Johannessen, IRIS)

Håpet er at desse mikrobane trivst så godt i det miljøet ein finn i vasskanalane i oljefelt, at dei òg – nærast av seg sjølve – kan danna nye pluggar om dei kjem over nye vasskanalar i nærleiken.

Boccadoro fortel at det er om å gjera å tilføra eit reservoar så lite fremmend organisk materiale som mogleg.

- Vi har funne fram til eit unikt miljøvennleg næringsstoff som kan tilsetjast og spesifikt stimulera danninga av ein bakteriell plugg. Det gjer heller ikkje gjer påviseleg skade i reservoaret, seier seniorforskaren.

Ho karakteriserer resultata så langt som svært lovande:

- Foreløpige resultat viser at det er eit stort potensial i plugging ved hjelp av bakteriar. Så langt har vi stort sett fått dei resultata vi håpa på, og vi ønskjer å føra forskinga vidare med industriell støtte frå oljeselskap. Fleire har vist interesse for det vi driv med.

Særleg potensial for jura-felt

Metodane forskarane så langt har utvikla, kan sjå ut til å vera særleg godt egna for oljefelt som vart danna i den geologiske perioden ein kallar jura – for om lag 200-150 millionar år sidan.

GOE-IP anslår at ein med bruk av ulike metodar kan auka utvinningsgraden frå halefelt på norsk sokkel med opp til åtte prosent. Med den høge oljeprisen vi har i dag, vert det mykje pengar.

Prosjektet Boccadoro leiar, er støtta av Regionalt forskingsfond Vestlandet og held fram ut 2014.

- Vi vil mellom anna sjå vidare på korleis dei bakteriane vi har jobba mest med, kan tilpassast ein enda større del av felta på norsk sokkel. Vi planlegg òg å prøva med fleire ulike bakterietypar, seier ho.

Boccadoro understrekar at ho jobbar med naturlege bakteriar og prøvar å finna ulike metodar for å utnytta desse effektivt. Det er elles mogleg å designa bakteriar som er perfekte for oljeutvinning, men i dag er det forbod mot å sleppa slike ”mutantar” ut i naturen.

Artikkelen er oppdatert 26/4-13 kl. 13:20

Powered by Labrador CMS