Stille elevar tapar i skulen

Stille og sjenerte elevar i ungdomsskulen gjer det dårlegare enn sine aktive medelevar i munnlege, praktiske og estetiske fag.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I artikkelen «Social passivity and grades achieved among adolescents in junior high school» konkluderer universitetslektor Erik Paulsen og professor Edvin Bru ved Universitetet i Stavanger med at stille elevar slit med å få ei rettferdig evaluering i fleire fag.

Det er sannsynleg at dei stille elevane i klassen ligg ein halv karakter lågare enn meir aktive klassekameratar i norsk munnleg, musikk og gym, ifølgje artikkelen.

- I skulen skal du vere aktiv. Dei stille og sjenerte elevane blir ofte oppfatta som mindre interesserte, motiverte og deltakande, seier Erik Paulsen, som tek ei doktorgrad på emnet.

Urettferdig karakter

Om lag 500 elevar mellom 13 og 16 år har vore med i undersøkinga som er gjort på to norske ungdomsskular. Dei to forskarane ser ei klar utfordring i skulen.

- Problemet for dei sosialt passive elevane er at dei ikkje får vist kva dei kan. For at ein lærar skal kunne gi ein rettferdig karakter i eit fag, må han kjenne eleven og legge til rette for at eleven får vist kva han er god for, seier Paulsen.

Han fortel at stille elevar slit med å få ein nær relasjon til læraren som gjer at læraren kan tilpasse evalueringssituasjonar til eleven. For stille elevar er framføringar for klassen og arbeid i grupper vanskeleg.

- Stille elevar brukar mykje energi på samspelet med andre. Dermed har dei lite energi igjen til læring. Ofte vel dei lite utfordrande oppgåver som dei er sikre på dei meistrar, forklarer Paulsen, som trur mange stille elevar kan mykje meir enn dei gir inntrykk av.

Musikk og gym verst

Dei sjenerte elevane trekk seg ofte unna for ikkje å dumme seg ut. Framsyningar i klassen kan bli opplevd som truande, og mange er gjerne sjuke den dagen songen skal syngast eller dugleik skal testast i gymtimen.

- Når læraren skal sette ein karakter i fag som musikk, gym og norsk munnleg, må han basere seg på evalueringa av framsyningar, deltaking og prestasjonar. For elevane som trekk seg unna seier det seg sjølv at grunnlaget for karakteren blir feil, seier Edvin Bru.

Han fryktar at samfunnet går glipp av talent når karakteren i fleire fag baserer seg på kor aktiv du er meir enn kva kunnskapar du har.

- I matematikk er det ingen skilnad i karakteren mellom dei aktive og dei passive elevane. Matematikk er eit fag der evalueringa baserer seg på individuelt skriftleg arbeid og der det å vere utadvent difor har avgrensa verdi, seier Bru.

Blir ikkje sett

Forskarane meiner aktive elevar blir favoriserte i skulen. Når læraren slit med å evaluere dei stille elevane, blir dei taparar når karakterboka skal fyllast ut.

- Mislykkast du på skulen får det store følgjer. Du slit med å få jobb og du får eit lågt sjølvbilete, konstaterer Paulsen.

- Lærarar må bli flinkare til å sjå dei stille elevane. Altfor ofte er det dei sinte og bråkete elevane som blir sett.

Paulsen trur mange lærarar kjenner seg igjen i problematikken og at dei gjerne vil gjere noko med evalueringsformene.

- Det er synd om stille elevar får lågare karakterar fordi dei er stille. Det store spørsmålet er korleis vi kan evaluere stille elevar på ein rettferdig måte, konkluderer han.

Powered by Labrador CMS