Saken er produsert og finansiert av Høgskulen i Sogn og Fjordane - Les mer

Den grøne teknologiens svarte sider

Reduksjon av klimagassar har lenge vore det store, heilage målet i miljøsamanheng. Men i begeistringa for fornybar energi kan vi rote vi oss vekk i andre typar ureining.
31.10 2013 05:00


(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Visjonen om fornybar energi blei lansert så tidleg som i 1874 av Jules Vernes, i romanen Den hemmelighetsfulle øya.

Den handlar om ei gruppe menn som dreg på luftballongferd og kjem vekk i ein storm. Dei landar på ei aude øy der dei må overleve som best dei kan, langt frå sivilisasjonen.

I ei scene i boka sit mennene ved bålet saman og pratar om den verda dei har komme bort frå.

Den eine av dei, ein ingeniør, ser føre seg ei framtid der hydrogen vil erstatte kol: «Mine venner, eg trur at ein dag vil hydrogen og oksygen, som saman dannar vatn, bli brukt anten kvar for seg eller saman som ei uuttømmeleg kjelde for varme og lys.»

Draumen om det reine samfunnet, der menneska lever sunne liv i pakt med naturen, er meir enn hundre år gammal. Men trass i høge forventningar: Fornybar energi oppfyller langt ifrå denne draumen, ifølgje ei ny bok om temaet.

Ikkje så grønt likevel


Otto Andersen.

Biokjemikar Otto Andersen frå Vestlandsforsking har sett på utilsikta konsekvensar av fire typar fornybare teknologiar: biodiesel, solcellepanel, elbilar og hydrogenbilar. I boka Unintended Consequences of Renewable Energy, viser han korleis desse grøne teknologiane slett ikkje er så grøne likevel, når ein ser nærmare etter.

– Det har vore ein undertone i debatten om fornybar energi: at vi må akseptere negative verknader, berre fordi det er fornybart. Desse teknologiane har hatt ein aura av å vere framtidsretta, difor har det vore lite populært å kritisere dei, seier Andersen.

Når han gjer det likevel, er det fordi han meiner at dei utilsikta, uheldige effektane av nye energiformar må fram i lyset. Internasjonale klimamål legg opp til ei enorm opptrapping av fornybar energi i åra som kjem.

Som eit av fleire tiltak for å redusere klimagassutsleppa, vedtok EU-kommisjonen i desember 2008 fornybardirektivet. Målsetjinga er at 20 prosent av unionens samla energiforsyning i 2020 skal komme frå fornybar energiproduksjon.

For Noregs del er målet sett til 67,5 prosent, medan fornybardelen av energiforsyninga i dag ligg på 55 prosent.

– Skal vi satse så stort på nye energiformer, må vi vite den fulle rekkjevidda av det vi gjer, argumenterer Andersen.


 

– I beste fall kan det vere mogleg å demme opp for nokre av dei miljøskadelege verknadene gjennom ei utbetring av teknologiane. I verste fall kan dei grøne gevinstane bli oppetne av dei utilsikta sideeffektane, og dermed gjere det utilrådeleg å bruke teknologien i det heile.

Nettopp dette er tilfellet med blandingsformar av biodiesel og vanleg diesel, meiner Andersen – eit vanleg miljøtiltak i transportsektoren i Europa og USA:

– Eg vil hevde at det finst godt nok vitskapleg grunnlag no for å avvikle denne politikken.

Klimagass-blindheit

Produksjon av biodrivstoff har blitt mykje kritisert for å konkurrere med matproduksjon, og redusere biologisk mangfald. I Malaysia er store område med regnskog fjerna for å gje areal til produksjon av palmeolje, nytta i biodiesel.

Men Andersen tek føre seg ei anna sterkt negativ side av biodiesel: partikkelutslepp med skadelege helseeffektar.

– Tidlegare forsking eg har gjort, tyda på at eksos frå bioinnblanda diesel er meir giftig enn eksos frå vanleg diesel. Sidan då har fleire forska på det same, og no er det vist at denne konklusjonen er svært sannsynleg, seier Andersen.

Rein biodiesel har dårlege vintereigenskapar – drivstoffet blir tjuktflytande i kulda, og blokkerer lett slangar og filter i bilar. Difor blir biodiesel for det meste brukt i blanding med fossil diesel.

Men blandinga skaper nye kjemiske forbindelsar som kan vere skadeleg for arvestoff, og dermed potensielt kreftframkallande.

Eksperiment med datasimulerte partiklar viser at ein større del av nanopartiklane som blir danna i blandingsdrivstoffet, går gjennom motoren utan å bli forbrente. Desse partiklane er svært små, trengjer lett gjennom celleveggar og aukar eksosen si evne til å skade DNA.

– Dette er eit godt eksempel på korleis vi i jakta på reduksjon av CO2-utslepp, ofte overser andre alvorlege miljøproblem. Vi blir på eit vis blinda av klimagassfrykta, og tenkjer at utsleppsreduksjon av klimagassar er det einaste målet, seier Andersen.

Flytting av problemet

Mykje av denne blindheita, meiner forskaren, kjem av at ein fokuserer på effektane av bruken aleine. Ser ein på heile livsløpet til ein energiform, vil bildet endre seg. Miljøskadelege effektar oppstår ikkje berre i sjølve bruken av ein teknologi, men også i produksjonen, distribusjonen og det som skjer etter den blir til avfall.

I historia om nye energiformer, blir eit problem alltid avløyst av eit anna: Problemskift, kallast dette på fagspråket. Det kan vere tematiske skift, som i eksempelet med biodiesel – klimagassutsleppa blir reduserte, men faren for negative helseeffektar aukar.

Problemskiftet kan også vere geografisk: Elbilar slepp ikkje ut CO2 i det heile. Men elektrisiteten i batteria dei går på, er globalt sett hovudsakleg produsert på kolkraftverk, som er verstingar på klimagassutslepp.

– Dermed er det høgst tvilsamt om elbilen eigentleg er ei miljøvennleg løysing, i det lange løp, seier Andersen.

Også solcelleenergi – ei av dei raskast veksande formene for fornybar energi - får svært dårleg miljøskotsmål, utifrå ein livsløpsanalyse.

Produksjonen av solcellepanel involverer ei rekkje kjemikaliebad og skyljing i vatn, noko som fører til enormt vassforbruk. Ein middels stor solcellefabrikk forbruker 15 000 liter vatn per minutt i denne prosessen.

Eit anna og vel så alvorleg ankepunkt ved solcelleproduksjon, er utsleppet av dei ekstremt kraftige klimagassane heksafluoroetan, nitrogentrifluorid og svovelheksafluorid. Likevel blir solenergi stadig omtalt som ei løysing på utslepps-problemet.

Hestemøkk og knuste draumar

– Det er den same historia som gjentek seg, meiner Erling Holden, professor i fornybar energi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

– Menneskeheita vil helst tru på at det finst ein energikjelde der ute som kan løyse alle problem. Alkymitankegangen, kallar han dette. Men igjen og igjen blir vi skuffa.

– Den gongen dei første bilane rulla rundt i London, jubla folk og sa: Endeleg er vi kvitt all hestemøkka! Bilen blei sett på som ei løysing på eit prekært miljøproblem. Men jammen fekk vi ikkje eit nytt eit, konstaterer Holden.

No har vi levd med fossile energiformer i hundre år, og kjenner godt til dei negative konsekvensane av det. Men dei fornybare energiformene verkar framleis så friske og uskuldsreine.

– Den kjensla vil nok gå over når desse energiformene blir meir utbreidde, og ein forstår konsekvensane betre, trur Holden.

Det største problemet med fornybare energiformer, er arealbruken: Viss Europa skal produsere bioenergi på nivå med dagens energibehov, vil det krevje eit areal som er større enn Europa. Den sterkaste konfliktlinja i miljørørsla framover vil truleg gå mellom omsynet til klima og omsynet til biologisk mangfald, spår Holden.

– Det finst ei stor, gløymd sanning oppi dette: All energibruk har negative konsekvensar. Dette etterlet oss berre med eit val - kva negative effektar er vi mest budde på å leve med? spør Holden.

Ubehageleg sanning

At det ikkje finst noka rein og uskadeleg energikjelde der ute, vart ettertrykkeleg slått fast i 1987 i FN-rapporten leia av Gro Harlem Brundtland, Vår felles framtid. Likevel let denne konklusjonen ofte til å vere gløymd i diskusjonar om framtidas energiproduksjon.

Ikkje så rart, meiner Holden – det er ei ubehageleg sanning som vi helst ikkje vil vite av. Den einaste løysinga då, blir jo ein kraftig reduksjon av energibruken, og ein heilt annan levestandard enn i dagens vestlege samfunn.

– Det verkar utenkjeleg at folk frivillig vil gå med på noko slikt. Dermed er det vanskeleg å sjå kva vi skal finne på – vi har faktisk køyrt oss fast, seier professoren i fornybar energi.

– Eg endar opp med å tenkje: Ja, ja, vi får håpe dette går bra! seier Holden.

Otto Andersen kjem ikkje med eintydige konklusjonar eller tilrådingar i boka si – han nøyer seg med å peike på dilemmaet. Men han håpar at denne forteljinga kan leie til ei haldningsendring – ei djupare forståing av kompleksiteten rundt energibruk og -produksjon.

– Alt peikar mot at veksten ikkje kan vare. Vi må redusere energiforbruk og ressursforbruk på mange område. Men vi skal ikkje gje opp trua på teknologien heller: Vi må halde fram med å jobbe for reinast mogleg energi, seier Andersen.

Referanse:

Andersen: Unintended Consequences of Renewable Energy, Springer 2013.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse