Bernt Aardal har 42 år med valforsking bak seg. (Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix)

Valprofessor med valproblem

Han er blant Noregs mest ettertrakta valforskarar. Men kva parti som får Bernt Aardal si stemme i haust, kan fort bli bestemt i siste liten.

– Nei, eg er ikkje nokon trufast veljar…

Bernt Aardal (66) ristar på hovudet, der han sit med armane i kors over brystet. Så fortel han om professorkollega Frank Aarebrot i Bergen, som er medlem i Arbeidarpartiet.

– Enkelte meiner at det er reieleg når ein valforskar er open om partiet sitt. Men kva betyr det for min del? Må eg sende ut pressemelding kvar gong eg ombestemmer meg?

Han humrar litt, før han held fram:  

– Eg ville nok eigna meg dårleg som politikar. Eg er ikkje så overtydd om politiske saker. Kanskje har eg reindyrka eit tvisyn.

Vandrande veljarar

Vi møter han på kontoret i 8. etasje i SV-bygget på Blindern. Bernt Aardal, mangeårig valforskar og valkommentator, begynte eigentleg med å seie at han ikkje vil vere så privat. Men så gjekk det som det gjekk. «Eg er litt sky, men det er berre å putte på ei krone …». 

Han har ikkje bestemt seg enno. Kanskje som mange andre? For når det gjeld val ombestemmer vi oss som aldri før. Vi svingar både frå månad til månad og frå valår til valår.

– Å, ja! På midten av 1980-talet vart delen som skifta parti frå val til val nesten dobla. Han har vore heilt opp mot 50 prosent.

Før var det enkelt: Viss far din var arbeidar og stemte Arbeiderpartiet, gjorde du mest truleg det same. Samfunnsklasse, sosial status og bustad betydde mykje.

– Samfunnet var meir stabilt. Folk flytta mindre på seg, sosialt og geografisk. I dag er det heller kjerneverdiane våre som avgjer kva vi stemmer på. Og mykje av grunnlaget for desse haldningane endrar seg over tid, seier Aardal.

Fullt kaos er det likevel ikkje.

– Har ein stemt på venstresida, skiftar ein ofte til eit parti i nærleiken. Men ikkje alltid. Viss ein Høgre-veljar går til Miljøpartiet, kan han godt vere ein typisk Høgre-veljar, men skilje seg ut akkurat på klima og miljø.

To tredelar av livet med val

Aardal har 42 år med valforsking bak seg. Han starta yrkeskarrieren ved Institutt for samfunnsforskning, eit privat forskingsinstitutt på Frogner i Oslo. Der begynte han som vitskapleg assistent då han var 25. Ti år seinare leia han valforskingsprogrammet, og det gjer han framleis, ved sida av jobben på Universitetet i Oslo.

– Nokon spør meg om eg ikkje blir lei. Men det har vore ei djup fagleg interesse. Og ettersom tida går, ser eg kanskje litt tydelegare hovudtrendane og -mønstra i det eg held på med.

Annakvart år er det valår og då blir Aardal ekstra populær. Før valet er dagane intense. Éin ting er journalistane, ein annan er at han stadig må følgje med på debattar og nyheiter på kveldstid.

– Det er så mykje som skjer! Kanskje såg valresultatet ut til å vere heilt klart, men så ser vi plutseleg at ting endrar seg. Det er alltid eit spenningsmoment.

Formidlingsprisen

1. september blir Aardal tildelt Universitetet i Oslo sin formidlingspris. I juryens grunngjeving står det mellom anna at han er blant universitetets mest siterte forskarar i media og at formidlinga hans er «forbilledlig faktabasert».

– Eg vart veldig glad for den prisen, spesielt fordi juryen vektlegg at eg forankrar det eg seier i forsking, seier han.

– Før eit val er det mange sannsynlege hypotesar som dukkar opp. Særleg for å forklare eit muleg valutfall. Ein del av hypotesane er veldig rimelege, men dei kan også stride imot kvarandre.

Her har forskarar eit ansvar for å vise gråtonane, meiner han.

– Ein del journalistar er nok litt småsure når vi skyt ned hypotesane deira. Eg trur vi blir sett på som gledesdreparar.

Får noko tilbake

Så langt i intervjuet har telefonen hans ringt og ringt. Lyden er av, men den lysande skjermen vitnar mellom anna om ein iherdig mann ved namn Gunnar og eit tolmodig hovud i NRK. («Begynner det med tjuetre null fire, veit eg at det er NRK!»

Men kvifor bruker Aardal eigentleg tid på å svare? Han kunne valt journalistane vekk?

– Ja, det er ikkje alle telefonane eg tar, he, he … Og nokre gonger sukkar eg over håplause samtalar der journalisten vil ha meg til å seie ting eg ikkje står for. Men for det første meiner eg at forskarar har eit samfunnsansvar. For det andre viser eg, ved å vere i media, at forskinga er relevant. Og for det tredje får eg ein god del tilbake.

Det er ein bytehandel, ifølgje Aardal. Politiske journalistar får med seg andre ting enn han sjølv. Ofte har dei til dømes meir nærkontakt med politiske miljø. Slik kan intervjua lett få form av samtalar, der også Aardal kjem ut av det betre vitande.

– Vi i elfenbeinstårnet på Blindern kan ha mange flotte teoriar. Men ein realitetssjekk trur eg ingen har vondt av.

Går inn i ein bikube

Sjølv synest Aardal at den mest spennande delen av jobben hans er etter valet. Då veit ein korleis det enda, men ikkje kvifor det enda slik, og Aardal og kollegaene kan stupe ned i mengder av data og analysere veljarrørsler og haldningar der ute i vårt vidstrekte land.

Hovudmaterialet er ei spørjeundersøking blant rundt 3 000 norske veljarar, som gjennomførast etter kvart val.

– Vi går inn i ein slags bikube der vi sit og gjer analysane våre. Då får ikkje journalistane ein kjeft ut av oss før vi kjem med ei ny bok.

Ferie og smilefjes

Når Aardal ikkje jobbar med val, dyrkar han gjerne ei av sine mange andre interesser. Motorsykkelen selde han i fjor, men bilen har den fordelen at han kan få utløp for det han kallar ein «vill musikksmak»: ein salig miks av Mozart, Patsy Cline, Kari Bremnes, Oscar Peterson … alt er lasta inn på Aardals konto på iTunes. Teknologien fiksar han lett.  

Han er også glad i å fotografere. Ei påske fotograferte han berre skuggar på snø. På kontorveggen heng beviset: eit lite kunstverk av greiner som stikk opp av snøen.

– Mange synest å meine at det er ein slags kontrast mellom akademia og praktiske interesser. Det har eg vanskeleg for å forstå. Sjølv har eg to søner, den eine er advokat, den andre bilmekanikar. Dei har i seg ein del av meg begge to, seier han og legg til:

– Vi må verdsetje mangfaldet. Vi treng ulike eigenskapar og evner i samfunnet vårt.

Når Aardal verkeleg skal slappe av, reiser han til hytta i Skardalen i Oppdal saman med kona. Her går dei på fjelltur eller dei sit inne og les krim, eller kanskje ein god klassikar. Viss ein journalist skulle finne på å truge idyllen, lar professoren berre vere å ta telefonen. Så sender han ein SMS: «Ferie J».

Det aller beste  

I årets val er det særleg to spørsmål som er spennande, meiner professoren. Det eine er om regjeringa Solberg klarer å halde på makta. Det andre er kva samarbeidsmønster vi vil sjå etter valet. 

– Å vinne eit val har vist seg å vere veldig krevjande for partia. For uansett kva folk håpte og trudde då dei stemte, var forventningane mykje større enn partiet har klart å levere i regjering, seier han.

Valnatta skal han sitje i NRK-studio, for ellevte gong på rad. I staden for 30 sekund, som han gjerne får i ein vanleg tv-kommentar, går valsendinga over fleire timar.

Han synest det er fascinerande å vere på innsida. Han blir som ein sirkushest som luktar sagmuggen, ifølgje han sjølv. 

– Men ein må ikkje la det gå til hovudet på seg. To dagar etter valet er det ingen som ringjer lenger. Og då synest eg det er veldig godt med ro og stille. Det er også då eg finn ut kva eg eigentleg liker aller best: å undervise, vegleie, skrive og forske, seier Bernt Aardal.

Powered by Labrador CMS