Saken er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - Les mer
En av bussene i Pride paraden i London i 2011.

Homofile muslimar opplever dobbel diskriminering

Fleire lesbiske og homofile muslimar lever ikkje ut legninga si, sjølv om dei bur i Vesten. Trass i at vestlege land er meir opne enn før, vart mange diskriminert både på grunn av legning og tru.

24.4 2017 04:00

Medan homofil åtferd inneber dødsstraff i land som Iran, Saudi-Arabia og Sudan, har Noreg og mange andre land gått ein lang veg mot openheit. Skeive muslimar møter dermed svært ulike praksisar i ulike land.

Men det er ikkje gitt at dei begynner å leve ut legninga si, sjølv om dei flyttar til eit meir ope land.

– Korleis ein homofil muslim lever med dei ulike identitetane sine, vil variere veldig, avhengig av kvar personen er og kven han eller ho er saman med, seier førsteamanuensis Nina Hoel ved Teologisk fakultet, Universitetet i Oslo.

– Nokon kan oppleve å vere i miljø der det er akseptert å vere skeiv, men ikkje å vere muslim. For andre er det motsett.

Meiner at forskarar har eit ansvar

I forskinga er islam og homofili eit nokså nytt tema. Nina Hoel har over tid samarbeida tett med nokre av dei leiande internasjonale forskarane på feltet, medan ho sjølv har kartlagt muslimske kvinners erfaringar med intimitet og seksualitet.

Ho er redaktør for det komande spesialnummeret av tidsskriftet Theology and Sexuality, som er vigd til temaet homoseksualitet og islam. 

– Vi forskarar har eit ansvar både for å få fram at denne gruppa finst, og for å prøve å forstå kva erfaringar dei har. Homofile og lesbiske muslimar opplever svært ofte å bli diskriminerte og ekskluderte. Viss ingen blir stilte til ansvar, får dette halde fram.


Nina Hoel. (Foto: UiO)

Ei oversett gruppe

På grunn av såkalla «homonasjonalisme», som inneber ei utbreitt vestleg oppfatning av homofile som kvite og privilegerte, er muslimske lesbiske og homofile ei gruppe som lett blir oversett. Samfunnet verkar dermed mindre mangfaldig enn det eigentleg er, ifølgje Hoel.

– Dette kan føre til at mange føler seg ekskluderte frå å ta del i fellesskapet, seier ho. 

I den grad ein snakkar om skeive muslimar, er det oftast om menn og sjeldnare om kvinner, meiner ho. Det kan gjere det ekstra vanskeleg å stå fram for skeive kvinner. Her spelar også andre kulturelle forventningar inn.

– Ofte er det lettare for menn å leve ut ei homofil legning enn det er for kvinner fordi det er sterke forventningar til at dei skal gifte seg og føde barn.

Kjenner seg som dårlege muslimar

Ein av dei rådande forskarane på feltet er Scott Siraj al-Haqq Kugle. Han er sjølv homofil muslim og har skrive fleire bøker om temaet, mellom anna «Living Out Islam: Voices of Gay, Lesbian, and Transgender Muslims».

Her løftar han fram stemmene til skeive og transkjønna muslimar i demokratiske land og viser korleis dei kombinerer legninga med religionen sin.

Kugle og andre forskarar har vist at muslimar lever med ulike identitetar på forskjellige måtar. Medan nokon ikkje har problem med å stå fram og leve ut seksualiteten sin, opplever andre ei intern personleg konflikt. 

– Det finst mange historier om folk som kjempar med seg sjølve og føler seg som dårlege muslimar. Ein del vel å identifisere seg sjølv som homofile, men utan å leve det ut. Desse kjenslene baserer seg ofte på ting dei har blitt fortalde av andre, til dømes av foreldre, slektningar eller imamar, seier Hoel. 

Fryktar reaksjonar utanfrå

Ein del er redde for at det å stå fram som homofil kan skade familien, til dømes ved at det øydelegg forholdet personen har til foreldre og søsken. Nokon opplever dette i praksis, men langt ifrå alle.

Det finst også dei som har blitt positivt overraska over reaksjonane frå familien.

Enkelte er redde for at det å stå fram som homofil kan skade familiens rykte og dermed søsken sin sjanse for å gifte seg. Eit anna problem kan oppstå viss ein er aktiv i eit lokalt trussamfunn. I nokre trussamfunn risikerer ein å bli ekskludert dersom ein står fram som homofil.

Slepp ikkje unna islamfrykta

I introduksjonen til tidsskriftet skriv Hoel og kollega Robyn Henderson-Espinoza at tendensar i tida kompliserer biletet av homofili og islam. Dette gjeld mellom anna islamofobi, eller frykt for islam, ei utvikling som til dels går hand i hand med oppblomstringa av høgreekstreme rørsler i Europa og Nord-Amerika.   

– Muslimar unngår ikkje islamofobi fordi dei er skeive. Også dei opplever å bli diskriminerte eller ekskluderte fordi dei er muslimar, seier Hoel og viser mellom anna til president Donald Trumps forslag om ein «muslim ban», som vil forby muslimar frå enkelte land innreise til USA.

Skeive muslimar får også merke homofobi, frykt for homofili. Her blir dei diskriminerte eller ekskluderte på grunn av legninga si, og både vestlege høgreekstreme og muslimske tradisjonalistar kan leie an.  

– Mange muslimske religiøse leiarar uttrykker at homofil åtferd er syndefullt og straffbart i islam. Sjølv om muslimar i vestlege samfunn må respektere og akseptere samfunnets lover, kan dei likevel uttrykke at heterofil seksuell praksis er den einaste lovlege, islamsk sett, seier Nina Hoel.

Referanse:

Spesialutgaven av Theology & Sexuality om homoseksualitet og islam kjem i løpet av 2017. 

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse