Sit du på ein forretningsidé? Da kan det kan løne seg å skaffe seg ein jobb i eit selskap med ein seriegründer som leiarar, i staden for å begynne som gründer, ifølge forskar. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Slik kan bedrifter satse på gründerar

Etablerte selskap kan opprette og hjelpe nye bedrifter som satsar på nye produkt.

Eit spin-off-selskap er ei nyetablert bedrift basert på nye produkt eller tenester, som spring ut frå eit etablert selskap. 

Kjersti Vikse Meland har vore ansvarleg for eit nyleg avslutta forskingsprosjekt der ein har sett på kva som motiverer etablering av spin-off-selskap og kva som bidreg til tidleg suksess for slike bedrifter.

Ho har studert 13 spin-off-etableringar innanfor olje- og gassnæring, maritim sektor og IKT-bransje i Stavanger-området og på Haugalandet. Totalt 32 nøkkelpersonar i morselskap, spin-off-bedrift og offentleg verkemiddelapparat er intervjua.

– Det betyr at vi skal vere forsiktige med å generalisere, men eg trur likevel at vi har fått underbygd fleire interessante hypotesar, seier Meland, som er seinorforskar ved Uni Research Polytec.

Ho meiner at næringslivet med fordel kan satse på nyetablering i form av slike selskap. 

Aktive morselskap avgjerande

Kjersti Vikse Meland er seniorforskar ved Uni Research Polytec. (Foto: Uni Research Polytec)

At morselskapet – altså selskapet nyetableringa spring ut av – involverer seg, ser ut til å vere svært viktig for at spin-off-selskapet skal klare seg i ein utfordrande startfase.

– Morselskapa ga pussig nok ofte uttrykk for at dei ikkje hadde spin-off-strategiar, men i praksis hadde dei det likevel, knytt til både etablering og oppfølging av nye selskap.

– Strategiane var nok meir eller mindre bevisste, men dei omfatta både eigarrettigheiter, selskapsinvesteringar og moglegheiter for samlokalisering. I tillegg kom tilbod om ei rekke subsidiar som indirekte oppmuntra til spin-off og som hjelpte bedrifter som vart etablerte, fortel Meland.

Tett oppfølging frå leiar

Morselskapa hadde gjerne store eigardelar i spin-off-selskapa – typisk 50–90 prosent. Dei tok også aktive eigarroller som truleg var av stor betyding for at ein del spin-off-selskap oppnådde gjennomslag i marknaden på eit tidleg stadium.

– Det kunne vere snakk om tett oppfølging frå ein sentral leiarskikkelse i morselskapet, om subsidierte løn- eller husleigekostnader ein periode eller berre om å bidra med administrative tenester.

– I fleire tilfelle hjelpte morselskapet også aktivt til med å få inn den første store kontrakten som gav arbeidsro og bidrog til å halde det nye selskapet flytande, seier Meland.

I fleire av morselskapa som spant ut ny verksemd var toppsjefen – eller ein annan sentral person i leiinga – seriegründer med fleire nyetableringar bak seg.

– Dette viser nok betydinga av at det allereie finst ein kultur i morselskapet for å skape ny verksemd.

Går du med ein gründer i magen og har ein god forretningsidé, kan det altså vere like smart å ta seg jobb i eit selskap leia av ein seriegründer som å starte for seg sjølv.

Teknologiske opningar motiverer spin-off

I nokre næringar er det betre grobotn for spin off-etableringar enn i andre, og det avheng ifølgje Meland mellom anna av kor moden teknologien i bransjen er.

– Vi ser at motivasjonen for nyetablering er størst i bransjar med store innslag av det vi kallar umodne teknologiar. Det vil seie bransjar der ny teknologi kan løyse eksisterande utfordringar eller der ein kan bruke ulike teknologiar til å løyse ei og same utfordring.

Eit typisk eksempel kan vere olje- og gassnæringa, der det stadig vert utvikla ny teknologi for å pumpe opp mest mogleg olje frå gamle reservoar, for straumforsyning og kontroll av installasjonar under vatn og liknande.

– At motivasjonen for å spinne ut nye selskap er størst her, har samanheng med at etablerte verksemder berre har ressursar og kompetanse til å vidareutvikle eit avgrensa tal teknologiar. Samtidig ser ein kanskje eit marknadspotensial for andre typar teknologiar og kan då utnytte forretningsmoglegheiter utanfor kjerneverksemda ved å spinne ut eit nytt selskap.

Ulike moglegheiter til å patentbeskytta innovasjonar kan også vere med på å forklare kvifor det er fleire vellukka spin-off-etableringar i olje- og gassnæringa enn i IKT-bransjen.

– IKT-næringa jobbar oftare med såkalla generiske dataløysingar som det ikkje er så lett å ta patent på. Eit patent gir vern mot kopiering og gjer det ofte lettare å få investorar på banen – og med investorar på plass, får selskapet lettare kapital til å vidareføre teknologiutviklinga. Dermed blir også marknadssuksess på eit tidleg stadium meir sannsynleg, fortel Meland.

Klar klyngeverdi

Lokalisering i ei regional næringsklynge, kor fleire bedrifter innan same næring er samla, eller deltaking i tette regionale bransjenettverk ser også ut til å auke sjansen for tidleg marknadssuksess.

Meland fortel at spin-off-bedrifter frå både hav- og oljeindustrien i Haugesunds-regionen og olje- og gassindustrien i Stavanger, har hatt stor nytte av dette. 

– Fleire av intervjuobjekta våre har særleg framheva betydinga av den spesialiserte kunnskapen du berre får tilgang til i slike tette næringsmiljø.

Mange trakk fram at det å vere i ei regional klynge, gjorde det lettare å skaffe kompetent arbeidskraft og få kontakt med spesialiserte underleverandørar. I tillegg bidrog klyngedeltaking positivt når det gjaldt tilgang til investorar, kundar og teknologiutviklingsmidlar.

Etterspør spissa tiltak

Meland meiner at i den omstillingsfasen delar av næringslivet no står oppe i, kunne ein med fordel satse meir på nyetablering i form av spin-off.

– Det finst indikasjonar på at slike bedrifter har betre overlevingsrate og raskare kommersialiseringstakt enn «vanlege» gründerbedrifter. Dette må ein sjølvsagt forske meir på, men kanskje burde ein allereie no innrette nokre støtteordningar slik at dei blir meir relevante for spin-off-bedrifter og potensielle morselskap enn dei er i dag.

– Eg trur mellom anna det finst mykje ingeniørkompetanse og mange gode idear i Stavanger-regionen og på Haugalandet som ikkje vert utnytta på grunn av dei tøffe tidene i oljebransjen. Med meir spissa offentlege verkemiddel mot spin-off, trur eg denne kompetansen kunne resultert i ny verksemd i staden for at enda fleire blir arbeidsledige, seier Meland.

Forskinga har vore støtta av Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Powered by Labrador CMS