Algeforskar Kari Skjånes skal sjå nærare på potensialet for bruk av mikroalgar som ingrediens i mat, drikke og fiskefôr. (Foto: Erling Fløistad)

Skal brygga øl på algar

Næringsrikt algebrød og algeøl er produkt som kan stå i butikkhyllene om nokre år.

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Fact: Click to add text

Om prosjektet

Dei neste fire åra skal NIBIO leie ALGAE2FUTURE-prosjektet - eitt stort forskingsprosjekt med 21 forskings- og næringspartnarar frå inn- og utland, mellom anna internasjonale partnarar frå Nederland, Portugal, Spania, Belgia og Japan.

Prosjektet er finansiert av Noregs Forskingsråd.

Målet er å leggje grunnlag for ein industriell produksjon av mikroalgar i Noreg, som kan nytte eksisterande avfallsstraumar frå produksjonslinjer innan landbruk, akvakultur og prosessindustri.

Prosjektet har ein prislapp på 55 millionar kroner og er så langt vi veit eit av dei største på mikroalgar i Noreg nokon gong. 

Mikroalgar

Mikroalgane er eincella organismar som utgjer næringsgrunnlaget for det aller meste av livet i havet.

Mikroalgane står for mellom 70 og 80 prosent av all oksygen i atmosfæra.

Dei finst overalt der det er eigna livsvilkår – nok lys og tilstrekkeleg med vann eller fuktigheit.

Kjelde: Norsk Algeforening.

Det er forventa at jordas befolkning vil vekse til ni milliardar i 2050, og behovet for protein og umetta fettsyrer i kosten er sterkt aukande.

I dag vert mykje av protein- og feittsyrebehovet i mat dekt frå dyr og fisk som lever høgt oppe i dei økologiske næringskjedane.

– Du kan dyrke mikroalgar på ein jordknaus eller i ein gamal låve - alt dei treng er sollys, vatn og næring. Produksjonen er miljøvenleg, og målet er å bidra til å gjera den berekraftig, seier Stig Borgvang, forskar frå NIBIO.

Mikroalgane har dessutan høgt innhald av protein, mineralar, vitaminar, antioksidantar og fleirumetta feittsyrer.

– Gjennom samarbeid mellom forsking, industri og forbrukarar skal vi vise at det er mogleg å produsera og bruka mikroalgar i framtidas mat- og fôrproduksjon - også her i Noreg, fortel algeprosjektleiaren.

– Visjonen er at vi om ti til femten år skal ha ei berekraftig algenæring i Noreg, seier han.

Slik ser algevatnet ut i laboratoriet på Ås. (Foto: Erling Fløistad)

Uutnytta potensiale

Næringsinnhaldet til mikroalgane gjer dei til ein veleigna ingrediens i helsekostprodukt så vel som fiskefôr. Det er hovudsakleg i slike produkt dei har vore nytta til no, men det er også stort uutnytta potensial for å anvende mikroalgar i matprodukt.

– Mikroalgar har eit heilt unikt næringsinnhald. Det er potensielt den mest verdifulle næringskjelda vi har - og i all fall den mest uutnytta i Noreg og globalt sett, opplyser algeforskar Kari Skjånes frå NIBIO.

– Det har mykje med tradisjon å gjere og historisk sett er det berre isolerte eksempel på bruk av mikroalgar som ein del av kosthaldet. Men dette har også med dyrkingsteknologi å gjere. I dag er produksjonen relativt låg og knytt til nokre få produkt.

Ho seier produksjonen rett og slett vert for dyr slik stoda er i dag.

Eincella grønalgar av arten Chlorella vulgaris. (Foto: Nina Nagy)

– Ein stor del av mikroalgeproduksjonen i verda har gått føre seg i opne dammar, ikkje i lukka system. Det har gjort at produktet har blitt dårleg med forureining av sopp, bakteriar og andre forureiningar frå lufta. Ein har vore opptatt av å dyrke opp algebiomasse fortast mogleg for å få eit produkt som er så billeg som råd. Produksjonen er retta mot ein smal nisje i marknaden.

Men i dei siste åra har det skjedd ei utvikling.

Ein større del av mikroalgeproduksjonen går føre seg i lukka dyrkingssystem. Produksjonen har blitt effektivisert, og interessa for potensialet til mikroalgane veks blant potensielle næringsaktørar. 

Men det er framleis utfordringar. Difor skal forskarane teste ut kva slags faktorar som gjev dei beste resultata.

Viktig med næringskomposisjon

– Vi skal kome fram til ein prosess der vi produserer algebiomasse som har eit næringsinnhald spesifikt retta mot bestemte produkt. Lys, pH, temperatur og næringssamansetning i dyrkingsmediet er då viktige faktorar. Og vi skal skalere opp prosessen frå laboratoriestadiet til pilotskala, forklarar Skjånes.

I prosjektet har forskarane også valt ut tre ulike matvarar - brød, øl og fiskefôr - for å vise at det er mogleg å lage produkt med mikroalgar som folk vil ha.

Forskarane skal mellom anna samarbeide med Råde Bakeri & Konditori, ølprodusenten Nøgne Ø i Grimstad, fiskefôrprodusenten Europharma i Finnmark og fiskeolje/fiskemelprodusenten Vital Seafood As på Stranda. I samarbeid med UniResearch i Bergen skal dei også dra nytte av fasilitetane for dyrking av mikroalgar på Mongstad med avløpsgass som karbonkjelde til fotosyntesen.

– Her får vi teste ut mikroalgeproduksjon i større skala, seier ho.

I tillegg skal dei utvikle eit nettverk av fotobioreaktorar for algedyrking tilpassa fleire eksisterande produksjonslinjer i landbruk, havbruk og prosessindustri. 

– Det er svært viktig for dei kommersielle partnarane våre at vi kjem fram til noko som forbrukarane vil ha – noko dei kan marknadsføre og selje, påpeikar Skjånes.

Innføring av mikroalgedyrking i landbruket vil bli uttesta i ein pilotstudie ved gardsbruk i Stryn og vil vere leidd av Folven gaard. Pilotforsøka vil bli følgt av ein livssyklusanalyse for å kunne vurdere både miljøeffektane og effektane på andre produksjonslinjer i gardsbruk for mjølk og kjøtproduksjon.

Powered by Labrador CMS