Annonse
Studentane ønskjer seg til Noreg på grunn av god studiekvalitet, urørt natur og tryggleik. (Foto: Shutterstock / NTB scanpix)

Internasjonale studentar har for lite kontakt med nordmenn

Internasjonale studentar i Noreg er svært nøgde med utdanning og studiemiljø, men mange har lite kontakt med norske studentar. 

Publisert

Fakta om internasjonale studentar

SIU gav nyleg ut rapporten «International students in Norway – Perceptions of Norway as a study destination», basert på ei spørjeundersøking blant internasjonale studentar.

Det er femte gong SIU publiserer ein rapport om internasjonale studentar. 2623 studentar svarte, noko som er ein svarprosent på 35.

Studentane i undersøkinga kjem frå 110 ulike land. Litt over halvparten av dei kjem frå Europa.

Høg kvalitet og det gode omdømet til norske utdanningsinstitusjonar er den viktigaste grunnen til at studentane vel Noreg som studieland.

I 2015 var talet på studentar med utanlandsk statsborgarskap 25 685. Dette var om lag ti prosent av den totale studentmassen.

Det viser ei undersøking frå Senter for internasjonalisering av utdanning, der over 2600 internasjonale studentar svarer på spørsmål om fagleg kvalitet, det sosiale og grunnar til at dei har vald Noreg som studieland.

Undersøkinga omfattar både studentar som er på utveksling, og dei som tek ei heil grad i Noreg. 

Vanskeleg å bli kjend med nordmenn

SIU-direktør Harald Nybølet. (Foto: Senter for Internasjonalisering av utdanning)

– Dei internasjonale studentane er i hovudsak svært nøgde både med kvaliteten på utdanningane dei tek og med studiemiljøet. Men me ser at kontakten mellom norske og internasjonale studentar kan bli betre, seier SIU-direktør Harald Nybølet. 

Dei fleste peiker på høge levekostnader og det å bli kjend med nordmenn som utfordringane ved å vera internasjonal student i Noreg.

29 prosent seier at dei aldri eller sjeldan har kontakt med norske studentar.

– SIU meiner at internasjonale studentar er for lite nytta til å eksponera norske studentar for nye impulsar og perspektiv. Dei fleste norske studentar reiser jo ikkje ut, men blir heime, legg Nybølet til.

Daniel Hernández Iniesta er president i International Student’s Union Norway (ISU), i tillegg til å vera mastergradsstudent ved NMBU. Han er ikkje overraska over at internasjonale studentar meiner det er utfordrande å bli kjende med dei norske. Men han ser løysingar.

– Å koma til eit nytt land er sjølvsagt eit kultursjokk. Difor er dei aller første vekene så utruleg viktige med tanke på framtidige venskap. Dette må utnyttast betre.

– Dei fleste likar jo eigentleg å møta nye folk og nye kulturar. For å bryta nokre barrierar starta me kampanje kalla “Icebreaker”, for å betra kontakten mellom internasjonale og norske studentar, fortel Iniesta.

– Me arrangerer mellom anna møter mellom norske og internasjonale studentar, og har snakka med leiinga ved fleire universitet om korleis integreringa kan bli betre.

Personlege møte er effektive

Norske studentar som ikkje sjølv reiser ut, kan få internasjonal erfaring frå studentar som kjem til Noreg, meiner Iniesta. 

– Dei kan også bli motiverte til sjølv å reisa ut. Eg har tru på at personlege møte er ein effektiv måte å påverka folk på.

Harald Nybølet understrekar også at norske studentar drar nytte av å få internasjonale impulsar.

– Slik kan norske studentar bli meir attraktive jobbsøkarar i ein stadig meir globalisert arbeidsmarknad. Dei kjem garantert til å møta menneske frå andre land, blant anna som samarbeidspartnarar og kollegaer. Dette er ein av fleire grunnar til at norske studentar treng internasjonal kompetanse.

Svara i undersøkinga er  interessante og nyttige av fleire årsaker, blant anna også i arbeidet med å rekruttera fleire gode studentar frå andre land, påpeiker SIU-direktøren.

Daniel H. Iniesta. (Foto: Senter for internasjonalisering av utdanning)

Høg kvalitet og urørt natur

Blant dei som har svart på undersøkinga finn me flest tyskarar og franskmenn, etterfølgd av russarar, kinesarar og spanjolar.

Grunnar til at studentane ønskjer seg til Noreg er først og fremst god studiekvalitet, i tillegg til urørt natur og eit trygt og fredeleg samfunn.

Det viser seg at dei internasjonale studentane er meir nøgde med undervisninga enn det norske studentar er.

Også karriere og eit teknologisk avansert samfunn er høgt på lista over grunnar til å studera Noreg, medan fråvær av dyre studieavgifter kjem lengre ned på lista.

Gode ambassadørar

– Internasjonale studentar er ein ubrukt ressurs, påpeiker Nybølet.

– I tillegg til å tilføra ny kunnskap til norske medstudentar, kan dei også bli viktige for norsk næringsliv og resten av samfunnet, både medan dei studerer og når dei er ferdige.

SIU ønskjer at lærestadene ser med eit heilskapleg blikk på arbeidet med internasjonalisering, ifølge direktør Nybølet.

– Dette må omfatta alle studentar og tilsette, uansett om de er komne hit frå utlandet, sjølv reiser ut, eller om dei blir i Noreg gjennom heile studiet.

ISU-president Iniesta kom til universitetet i Stavanger i 2011 som Erasmus+-student frå Barcelona og reiste den gong ut for å utfordra seg sjølv.

– Eg har møtt og lært frå folk frå heile verda. I dag er ein av medstudentane frå Stavanger minister i Tanzania, medan ein annan er direktør i Indonesia. Husk at internasjonale studentar som reiser heim, lett vert gode Norges-ambassadørar i sine heimland.

Referanse:

International students in Norway - Perceptions of Norway as a study destination. Senter for internasjonalisering av utdanning. Rapport. November 2016. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS