Saken er produsert og finansiert av De regionale forskningsfondene - Les mer
Ny omsorgsteknologi har bidrege til å redusere talet på sjukeheimsplassar i Lindås kommune. Fleire eldre blir buande lenger heime og færre utskrivingsklare pasientar tar opp unødige plassar på sjukehus.

Eldre blir buande lenger heime med omsorgsteknologi

Den hittil største utprøvinga av omsorgsteknologi gir grunn til optimisme. Eldre bli buande lenger heime, kjenner seg minst like trygge som før og behovet for sjukeheimsplassar går ned.

22.11 2016 04:00

For fire år sidan starta Lindås kommune ei omfattande utprøving av nye heimetenester basert på omsorgsteknologi. Gamle tryggleiksalarmar vart erstatta med forskjellige sensorar som reagerer på avvik frå normalt bevegelsesmønster og aktivitetsnivå.


Mari Synnøve Berge. (Foto: Høgskolen i Bergen)

Det er snakk om sensorar for fukt, fall, epilepsi, dører, senger, stolar og sensorar som registrerer bevegelse i huset.

Blir du liggande for lenge i senga, kan heimetenesta ta kontakt for å sjekke om noko er gale. Og om ein person med demens går ut midt på natta, sørger dørsensoren for at det vert slått alarm omgåande. 

Teknologien er no installert i om lag 260 husvære i kommunen, og forskarar har kartlagt korleis brukarar, pårørande og tilsette har opplevd dei nye tenestene.

Stipendiat Mari Synnøve Berge ved Senter for omsorgsforskning Vest ved Høgskolen i Bergen har intervjua brukarane.

Intervjua er gjort før teknologien vart installert, fem veker etter at den var tatt i bruk og etter eit år. Ho fortel om svært oppløftande resultat.

– Den skepsisen ein del hadde på førehand, vart gjennomgåande snudd til ei positiv haldning etter kvart som dei såg korleis teknologien verka.

– Brukarane opplevde at teknologien var enkel i bruk og kravde lite av dei. Dei pårørande såg at teknologien gav større tryggleik. Dei tilsette opplevde på mange måtar mindre psykisk stress fordi dei ikkje trengde å engste seg like mykje når dei drog frå ein bustad, seier Berge.

Treng færre sjukeheimsplassar

Det ser ut til at bruken av omsorgsteknologi har bidrege til å redusere talet på sjukeheimsplassar i Lindås kommune. Fleire eldre blir buande lenger heime og færre utskrivingsklare pasientar tar opp unødige plassar på sjukehus.

– Og det er viktig å understreke at det ikkje berre er eit politisk ønske at fleire eldre skal bu lenger heime. Dei fleste eldre ønsker å bu i kjente omgjevnader så lenge dei kjenner seg trygge på at dei får den omsorga dei treng, seier Kari Eidnes Bjørkheim.

Ho er prosjektleiar i Lindås kommune og ansvarleg for etablering og drift av heimetenester basert på omsorgsteknologi. 

– No har vi på mange måtar gått opp løypa slik at andre kan dra lærdom av forskingsresultata og av våre erfaringar, seier ho.

Lærdomane det er snakk om, kan vere heilt enkle ting, som at ein bør installere lynskydd samtidig med sensorar for å unngå falske alarmar som skuldast torevêr. Eller at ein ikkje bør installere ein sensor som registrerer opning av ytterdøra utan også å ha ein bevegelsessensor inne i huset.

– Elles veit vi ikkje om ein person med demens faktisk har gått ut midt på natta, eller om vedkomande berre har stått i døropninga ei stund og kikka på stjernehimmelen, forklarer Bjørkheim.

Krev god opplæring

Ein meir grunnleggande lærdom er at kommunen ikkje berre kan installere teknologien og så tru at resten ordnar seg sjølv. Dei må også setje av tid og ressursar til kompetanseheving blant dei tilsette. Det har Lindås kommune gjort, og prosjektet har også motivert til fagleg vidareutvikling.


Kari Eidnes Bjørkheim. (Foto: Pia Wall)

Av rundt 200 tilsette i heimetenesta har 13 no teke vidareutdanning innanfor omsorgsteknologi, og 25 har fullført kurs med same tema.

– Vi såg også at det var utruleg viktig å inkludere både brukarar, pårørande og tilsette når dei nye tenestene skulle innførast.

– Det var heilt klart ein fordel om dei som skulle installere sensorane, kom i lag med ein heimesjukepleiar som kunne forklare, avmystifisere og bidra til at teknologien vart tilpassa den enkelte, seier Bjørkheim.

Lindås kommune baserte seg på at det skulle vere frivillig å ta i bruk den nye teknologien, og det førte med seg at dei også måtte bruke tid på å informere om tilbodet.

– Ein av heimesjukepleiarane fortalde at ho kjende seg omtrent som ein støvsugarseljar, men i dag treng vi ikkje reklamere meir, no kjem brukarane til oss.

Bra for demente

Viktig var det også å tilpasse teknologien til kvar enkelt brukar.

– Nokre treng ein sensor, andre ti. Nokre tek teknologien på strak arm, medan andre ikkje ønsker den. Slike skilnader må vi ta høgde for, og den kommunen som prøvar å innføre heilt identiske løysingar for alle, vil nok ikkje få ei særleg brukarvennleg teneste, meiner stipendiat Berge.

Forskaren vart elles overraska over kor godt teknologien fungerte for brukarar med demens.

– Fleire tilsette var skeptiske til om det var etisk forsvarleg å bruke sensorar hos personar som har demens, men såg raskt at teknologien gir auka tryggleik og pårørande som engstar seg mykje mindre enn før.

– Med sensorar installert treng ein til dømes ikkje vere så redd for at ein med demens skal gå ut og rote seg vekk om natta. No veit ein kvar dei er. Tilsette slepp også å vekke nokon når dei skal sjekke om han eller ho er heime, med den faren det inneber for at vedkomande faktisk stryk på dør når dei har dratt sin veg, seier Berge.

Utfordringar med alarmsentral

Omsorgsteknologien i Lindås har vore kopla til ein ekstern alarmsentral plassert i ein annan landsdel. Bjørkheim fortel at det har vore utfordrande.

– Når sentralen ligg langt unna, seier det seg sjølv at kunnskapen er avgrensa både når det gjeld geografiske forhold og forhistoria til pasientane. Så vi har hatt ein del problem med prioritering av hastesakar og effektiv ressursbruk.

– Med ekstern sentral er det også strenge reglar knytte til oversending av sensitiv informasjon. At sentralen ikkje har hatt tilgang til pasientopplysingar, har vore utfordrande og for oss har det vore krevjande å følgje opp informasjonsflyten, seier Bjørkheim.

På alarmsentralen var dei dessutan vant med tradisjonelle tryggleiksalarmar, ikkje med system der dei må sjå data frå ulike sensorar i samanheng og gjerne også kjenne personen bak for å kunne ta gode og raske avgjerder.

Lindås kommune skal no i gang med eit nytt forskingsprosjekt om ein lokal alarmsentral. Dei skal mellom anna sjå på korleis dei effektivt kan integrere sentralen i det eksisterande omsorgsapparatet og utvikle nye løysingar for sikker og påliteleg overføring av omsorgsdata frå dei ulike sensorane.

Både Berge og Bjørkheim er elles spente på å sjå dei økonomiske langtidseffektane av å ta i bruk omsorgsteknologi i stor skala. Dei ser nemleg allereie no teikn på at innsparingane kan bli større over tid.

– Enda viktigare enn økonomien er det likevel at teknologien gjer oss betre i stand til å gi hjelp når det er behov for det og ikkje berre etter eit tidsskjema fastlagt på førehand, seier Bjørkheim.

Referanse:

Mari Synnøve Berge: Telecare acceptance as sticky entrapment: A realist review. Gerontechnology, 2016. Doi: http://dx.doi.org/10.4017/gt.2016.15.2.023.00.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Emneord