Cruisenæringa, som er ein av dei store klimasyndarane, slepp unna klimareguleringar, ifølge Carlo Aall fra Vestlandsforsking. Her eit turistskip i Olden, Sogn og Fjordane. (Foto: Willy Haraldsen / NTB scanpix)

Økonomi trumfar økologi i reiselivet

Når målet om eit berekraftig reiseliv møter lokale reiselivssatsingar, blir økonomisk berekraft gjerne vektlagt meir enn økologiske perspektiv. 

Samspel for berekraftig reiseliv

 

Målsetting: Utforske vilkåra for styrka samspel mellom statlege, regionale og lokale styresmakter for eit berekraftig reiseliv

Prosjektansvarleg: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Partnarar: Vestlandsforsking, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Lærdal kommune, Griffith University i Australia, Ryerson University i Canada, Sheffield Hallam University i England

Regionalt forskingfond Vestlandet har støtta prosjektet med tre millionar kroner

Berekraft skal vere ei grunnleggande målsetting for all reiselivsutvikling i Noreg - ifølge den nasjonale reiselivsstrategien frå 2012.

Ikkje alle er samde om kva det eigentleg betyr. Dessutan drar andre og gjerne sterkare styringssignal i motsett retning.

Carlo Aall (Foto: Vestforsk)

På oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune har professor Carlo Aall og forskar Eivind Brendehaug frå Vestlandsforsking undersøkt korleis omsynet til berekraft er integrert i ulike lokale reiselivssatsingar.

Økonomiske interesser tel mest

Dei har mellom anna studert utbygging av hyttefelt i Stryn, planlagt cruisebåtkai i Olden og Aurland, utprøving av ei nasjonal sertifiseringsordning for berekraftige destinasjonar og satsing på vandrarturisme i Nordfjord og i Sogn.

– Det vi ser, er at økonomiske og lokale interesser gjerne får forrang framfor økologiske og globale omsyn til berekraft. Særleg omsynet til reduserte klimagassutslepp vert skadelidande, seier Aall.

Han viser til at tolkinga av omgrepet berekraft har blitt vesentleg utvatna sidan Brundtlandkommisjonen la fram sin berekraftrapport i 1987.

– Det opphavlege målet til Brundtlandkommisjonen var å ta betre vare på det globale miljøet og styrke vilkåra for dei fattige i verda. I reiselivssamanheng, og i ei rekke andre samanhengar, er desse to måla nesten borte og erstatta av eit mål om økonomisk berekraft; altså eit mål om at reiselivet først og fremst skal bidra til økonomisk vekst i lokalsamfunnet, seier professoren.

Statleg tale med to tunger

Ein av årsakene til at økologisk berekraft har ein tendens til å hamne langt ut i leksa, er ifølgje Aall at staten gjev uklare og til dels motstridande signal om kva som meinast med berekraftig utvikling.

– Det går eit hovudskilje mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Klima- og miljødepartementet på den eine sida og Nærings- og fiskeridepartementet på den andre, seier han.

Gjennom plan- og bygningslova og naturmangfaldlova gjev dei to første departementa føringar om at kommunane skal ta globale miljøomsyn også i reiselivssamanheng.

– Det globale og økologiske perspektivet er derimot langt mindre vektlagt i føringane frå Nærings- og fiskeridepartementet og frå Innovasjon Norge. Der er ein mest opptatt av den lokale sosiale og økonomiske berekrafta.

Hyttefelt og cruisetrafikk går fri

Analysen til Aall og Brendehaug viser at fråværet av krav til klimaomsyn i reiselivet er særleg tydeleg på to område.

Det første er utbygging av hyttefelt, der staten ikkje stiller same krav om energibruk og klimautslepp som ved bygging av bustader, offentlege bygg og handelsbygg.

– Eg trur det sit langt inne for styresmaktene å blande seg inn i det rotnorske hyttelivet. Kanskje skuldast mangelen på reguleringar også ein litt naiv tanke om at er du på hytta, så er du i naturen, og då er du per definisjon miljøvennleg, seier Aall.

Det andre området er cruisetrafikken, som i motsetnad til annan trafikk enno ikkje er omfatta av klare klimakrav.

– Lokal trafikk blir styrt med hard hand, som bompengar og parkeringsreglar, mens cruisenæringa, som verkeleg er ein av dei store klimasyndarane, slepp framleis unna klimareguleringar. Det heng saman med at dei store klimautsleppa skjer i internasjonalt farvatn eller på fly til og frå utskipingshamner og ikkje er omfatta av korkje nasjonal eller internasjonal klimapolitikk.

Aall meiner at også denne bransjen, før eller seinare, blir regulert. Og derfor bør ikkje norsk reiseliv i fjordane basere seg einsidig på cruiseturisme.

Fleire korte reiser

– Allereie no bør ein førebu seg på ein turisme tilpassa strengare klimakrav. På sikt er det rimeleg å forvente at turistnæringa må basere seg på klimavennleg kollektivtransport – og kanskje rett og slett bestå av meir kortreiste turistar, seier Aall.

I Alaska har dei no innført grenser for kor mange cruiseskip som får kome inn i fjordane og gjev førerang til skip som kan dokumentere lågast utslepp.

Aall meiner ei slik løysing kan vere noko å tenke på for norske cruisedestinasjonar også.

Han understrekar elles at fylkeskommunen har vore atskilleg meir kritisk til uregulert cruiseturisme enn staten og kommunane har vore.

Ikkje samd i at økologien blir borte

For om staten er uklar om korleis ein skal forstå berekraft i reiselivssamanheng, kompenserer Sogn og Fjordane fylkeskommune for nasjonal utydelegheit med å vere desto tydelegare på regionalt nivå.

Dei har sett saman ein reiselivsstrategi der økologisk berekraft står sentralt.

Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane, fortel at fylkeskommunen også jobbar med nye satsingar på vandring, og andre formar for turisme som ikkje set klimaspor.

Han er elles ikkje heilt samd med Aall i at omsynet til økologisk berekraft forsvinn i lokale satsingar.

– Eg opplever det ikkje slik, snarare tvert imot. Eg kan ikkje sjå at det kortsiktig økonomiske har vunne nokon siger over det økologiske korkje i det praktiske arbeidet eller i dei strategiske reiselivssatsingane. Eg opplever at lokale aktørar tek klimautfordringane på alvor, seier han.

Ikkje lokale pengar

Aall meiner derimot at ein del lokale reiselivssatsingar ikkje berre er lite berekraftige i økologisk forstand dei treng heller ikkje vere særleg gunstige for lokalmiljøet i økonomisk forstand.

– Særleg den norske satsinga på å trekke til seg flest mogleg cruiseskip verkar ureflektert om den lokale verdiskapinga. Mange innanfor reiselivet peiker på at cruiseturismen ikkje legg att mykje pengar i lokalsamfunnet. Det gjeld særleg når du reknar verdiskaping per gjest, noko som på sikt kan øydeleggje for alternative og meir lønsame satsingar.

Også ei ukritisk utbygging av hyttefelt kan føre til at pengane i for stor grad går utanom lokalsamfunnet.

– Med det meiner eg at om utbygginga skjer ved hjelp av utanlandske handverkarar og med byggemateriale henta frå heilt andre stader, så blir den lokale verdiskapinga redusert. Skal verdiskapinga lokalt bli betydeleg, må ein bli flinkare til å stille krav til bruk av lokal arbeidskraft og lokalt produsert material.

Blir måla nådd?

Kva kan ein så gjere for at økologisk og global berekraft skal bli betre integrert i reiselivet i praksis?

Analysane til Aall og Brendehaug peiker på fleire viktige vilkår.

– Akilleshælen i all politikk er klare krav til gjennomføring og evaluering av om måla blir nådd. Vi er gode til å lage mål og løyve pengar, men dårlege til å sjekke om ting gjekk slik vi håpa. Å evaluere om dei tiltaka vi set inn verkar, er eit godt første steg mot ein betre reiselivspolitikk.

Aall trekker også fram behovet for ei mykje tydelegare nasjonal målsetting om eit berekraftig reiseliv – og for ein tydeleg nasjonal avsendar som kan følgje opp og omsetje mål til konkrete krav.

– Enkelte har sagt at vi burde ha eit eige reiselivsdepartement, men eg veit ikkje kor realistisk det er. Det er jo elles litt forstemmande at nesten 30 år etter Brundtland-rapporten, finst enno ikkje den sterke handa som skulle koordinere og integrere berekraftperspektivet i alle politikkområde – slik dei sa då rapporten blei lagt fram.

Enn så lenge trur han den nasjonale reiselivsstrategien må ta ei tydelegare rolle og stille sterkare krav.

– Regjeringa skal etter planen legge fram ei stortingsmelding om reiselivet no i vinter, og eg er spent på korleis berekraft blir handtert der. Dei signala vi har fanga opp så langt, har gjort oss litt bekymra. Så langt er det snakka meir om økonomisk enn om økologisk berekraft.

Aall meiner også at overordna styresmakter må få høve til å fremje motsegn når lokale reiselivsplanar ikkje i tilstrekkeleg grad tek klimaomsyn.

– Dessutan bør kommunane bli flinkare til å bruke kommuneplansystemet meir systematisk for å utvikle reiselivet slik at berekraft kjem som er i både økonomisk og økologisk forstand.

Referanse:

Brendehaug, E., Aall, C., Dodds, R. (2016): Environmental Policy Integration as a strategy for sustainable tourism planning: issues in implementation, Journal of Sustainable Tourism (under publication)

Powered by Labrador CMS