Eit auka inntak av laks med høge nivå av vitamin D hadde ein positiv verknad på beinhelsa til deltakarane i forskningsprosjektet. (Foto: Shutterstock / NTB scanpix)

Meir vitamin D i fisken gjev betre beinhelse for folk

Ved å auke vitamin D-nivået i laksefilet, kan vi auke vitamin D-statusen, og dermed betre beinhelsa, til dei som et den.

Dagens oppdrettslaks har eit lågare innhald av vitamin D enn før, fordi det blir brukt mindre marine råvarer i fôret.

I eit forsøk utført på NIFES, viser det seg no at det er mogleg å auke vitamin D-nivået i laksefilet på kort tid. Men hjelper det å ete den?

– Ja, på lik linje som med kosttilskot, kan vi forbetre vitamin D-statusen vår ved å ete denne laksen. Vel vi fisk framfor kosttilskot, får vi dessutan i oss andre viktige næringsstoff i tillegg, seier NIFES-forskar Jannike Øyen.

Mykje haustvêr, lite D

Vitamin D vert danna i huda, ved hjelp av ultrafiolette strålar frå sola om sommaren, og er mellom anna viktig for beinhelsa vår. No som haustvêret har sett inn, er det ekstra viktig å passe på kva kosten kan bidra med av vitamin D.

Alvorleg vitamin D-mangel var eit meir utbreidd problem i den vestlege verda tidleg på 1900-talet, men er no ganske sjeldan. Likevel viser det seg at ikkje alle får i seg nok av det viktige solvitaminet.

– I Noreg er vitamin D-statusen generelt god, spesielt om sommaren. Men fleire studiar har vist at det er store skilnader i befolkninga, fortel forskaren.

Eldre og barn får lite

Her i landet er det spesielt eldre, barn og innvandrarar som er utsette for mangel på vitamin D. På sommartid er det i hovudsak eldre på institusjonar som får i seg for lite.

– I Noreg produserer vi vitamin D i huda frå mai til september. Resten av året er kosthaldet spesielt viktig for å oppretthalde ein god vitamin D-status, og eit tilstrekkeleg inntak av feit fisk og anna mat som er rik på vitamin D kan bidra til dette, forklarar Øyen.

Vitamin D er det einaste tilskotet som det vert anbefalt å gje babyar allereie frå fire til seks vekers alder. Vitaminet vert òg i nokon grad tilsett i mat. I dag er vitamin D til dømes tilsett i lettmjølka med minst feitt.

Studien viser at ein òg enkelt kan tilsetje vitamin D i fôret til oppdrettslaksen, med god effekt på innhaldet i fileten, og ikkje minst for folkehelsa.

Betre beinhelse

I studien vart 122 friske kvinner mellom 50 og 64 år delte inn i fire grupper. Alle kvinnene var ferdige med overgangsalderen.

– Tre av gruppene åt 150 gram laks to gongar i veka i 12 veker, seier Øyen.

Fisken som vart gitt dei tre gruppene hadde ulike nivå av vitamin D. Ei gruppe åt D-vitamin i tablettform. I tillegg fekk alle gruppene tilskot av kalsium.

Det viste seg at eit auka inntak av laks med høge nivå av vitamin D hadde ein positiv verknad på beinhelsa til deltakarane. Dette vart målt ved hjelp av biomarkørar i urin. Det same var tilfellet for deltakarane som tok vitamintilskot, men gruppene som åt laks hadde ein betre omega-3 status samanlikna med tablettgruppa.

– Etter overgangsalderen går nivåa av østrogen i kroppen ned, noko som fører til ei nedbryting av bein. I undersøkinga såg vi at nedbrytinga gjekk saktare hos dei som fekk meir vitamin D, seier forskaren.

Grunn til å heve grensa for fôr

Laksen som vart eten i undersøkinga hadde eit nivå av vitamin D som var fire til fem gongar høgare enn det laksen i butikken har i dag.

I EU er grensa for kor mykje vitamin D det er lovleg å tilsetje i fôret til laksen svært låg. Laks tåler likevel godt å få tilsett meir vitamin D i fôret. Dersom grensa for vitamin D i fôr til laks vert heva, kan laks bli ei enda viktigare kjelde til vitamin D i kosthaldet vårt. Dette òg kan ha positive effektar på helsa vår, ifølge Jannike Øyen.

Referanse: 

Ingvild Eide Graff m.fl: Reduced bone resorption by intake of dietary vitamin D and K from tailor-made Atlantic salmon: A randomized intervention trial. Oncotarget, august 2016. DOI: 10.18632/oncotarget.10171. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS