Saken er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - Les mer
Bileter som dette spreidde seg fort på sosiale medium og bidrog til at enda fleire kom for å sykle på stiane i Kaupanger. Dette har skapt frustrasjon blant turgåarar og grunneigarar.

Stisyklistane irriterer på seg jegerar og turgåarar

Stor auke i stisykling har skapt irritasjon hos hjortejegerar, grunneigarar og turgåarar på Vestlandet. Kan forskarane hjelpe dei å løyse konflikten?  

26.9 2016 04:00

Kaupanger har alt ein vågal syklist kan ønske seg: Bratte, grøne lier. Tørre stiar på kryss og tvers i luftig furuskog med lite undervegetasjon. Og mellom trea skimtar ein alltid blå fjord og snøkvite toppar.

Men halvøya mellom Sogndalsfjorden og Sognefjorden er òg populær blant turgåarar og ei rein honningkrukke for tilreisande som vil skyte hjort. Slikt kan det bli gnissingar av. Denne spenninga mellom syklistar og turgåarar skal forskarar ved Vestlandsforsking studere nærare dei tre neste åra.

Fristande stiar

Ein liten køyretur frå Kaupanger ligg kommunesenteret Sogndal, som står i eit hamskifte frå tippeligabygd til laussnø-destinasjon. I dei månadene studentar og andre ihuga friluftsfolk lagrar toppturskia sine i boden, er det terrengsyklar folk tjorar fast til biltaket.

– Mange flyttar til Indre Sogn eller reiser hit nettopp for å drive med desse formene for friluftsliv, seier Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking.

Nettopp fordi friluftsliv står så sterkt, har det dukka opp nye problemstillingar som får kommunane til å etterspørje råd frå forskarar. For bør alle få ferdast slik dei vil i det flotte terrenget? Og kva skjer om kommunane prøver å styre ferdsla?

Frustrasjon blant turgåarar og grunneigarar

At stiane på Kaupanger er fine spreidde seg fort på sosiale medium då stisykling var nytt i området.

I byrjinga var det òg vanleg å få dei tunge, superdempa syklane køyrt til toppen. Dermed kunne syklistane fråtse i bratte nedfartar. På nettet kunne ein finne ville filmar og tidsnoteringar som avslørte at farten hadde vore hasardiøs.

Turgåarar var engstelege, og grunneigarar var frustrerte over slitasje på sti og terreng. For enkelte var det verste å få spolert jakta.

Tilreisande jegerar

Ulikt det meste av Vestlandet har Kaupanger gods og til desse høyrer det store skogeigedommar. Ein del av jakta i desse skogane skjer i regi av profesjonelle guidar, og det finst mange som vil betale for å felle ein bukk. Midt i hjorteterrenget ligg Sogndal lufthamn Haukåsen klar for innrykk av jegerar.

– I dag er det ti profesjonelle jaktguidar som opererer i Sogndal og nabokommunen Luster, fortel Brendehaug.

Guidane er engasjerte av eit føretak som innlosjerer og trakterer jaktturistar. Dei kjenner bukken sine rørsler langs fjellsidene og i skogane. Å lokke til seg bukkar ved å etterlikne dyra sine brøl, er deira minste kunst.

– Nokre grunneigarar har tent godt på kommersiell jakt dei siste 20 åra, seier Brendehaug.


– For å motverke konflikt kan kommunane faktisk avgjere kor folk får lov til å utøve ulike aktivitetar, seier forskar Eivind Brendehaug. (Foto: Per-Odd Grevsnes)

Tredobla antall hjort

Om vinteren trekkjer dyr frå eit større område mot Kaupangerhalvøya, der dei finn mat langs fjorden i vintermånadane, dei kviler, parar seg og kalvar.

– Talet på hjort er i alle fall blitt tredobla sidan 1990-talet. I tillegg er jaktsesongen utvida kraftig, forklarer Brendehaug. I dag kan ein jakte i heile september, oktober, november og det meste av desember.

Men så var det stisyklinga, då – og allemannsretten. Strengt tatt kan alle ferdast der dei vil i utmarka, så sant dei tek omsyn.

Interessekonflikt og dialogmøta

Når våren kjem og det er kalving, dukkar det opp påminningar på Facebook om at hjorten treng ro. Dei små hjortekalvane blir fødde i mai og juni – akkurat når syklistane gjer seg klar til ein ny sesong.

Kinkig blir det òg i oktober fordi jakta er på sitt mest intense då. Dei milde haustmånadene er kanskje den finaste tida for å ferdast langs stiane til fots eller på sykkel.

– Over nokre år har det oppstått ein interessekonflikt mellom dei ulike gruppene som brukar området. Difor har vi hatt ein serie dialogmøte om korleis ein kunne ha delt på plassen, seier Brendehaug.

Forstod kvarandre betre

I 2015 møtte han alle partane til slike samtalar i Sogndal. Det viste seg at både jegerar, syklistar og turgåarar alt hadde gjort ein del ting for å tilpasse seg dei andre som brukar utmarka. Ingen var ute etter konflikt.

– Dialogprosessen vi køyrde i 2015, lukkast med å dempe konfliktnivået, seier Brendehaug. Då partane hadde møtt kvarandre til samtalar, fekk mange større forståing for dei andre sin bruk av området.

– Men med syklistar som har funne vegen hit heilt på eiga hand, er det verre å få til slik tilpassing, seier Brendehaug.

I det treårige prosjektet som no er i gang, håpar forskarane å finne ut kor godt mjuke tiltak for samordning har fungert til no.

– Vel turgåarane stiar der det er lite stisykling, og tek syklistane nok omsyn til dei som går til fots? Når det gjeld jaktsesongen vil vi vite om turgåarar og syklistar har byrja å styre unna tidene eller områda med mest jakt, seier forskaren.

Ny kultur

Forskarane veit at det hjelper at syklinga skjer midt på dagen i vekene når  jakta er på sitt mest intense, slik at jegerane får vere åleine i grålysninga og i skumringa. Men denne justeringa er ikkje nok.

– Vi har òg sett at visse sider ved teknologien og kulturen er i endring, seier Brendehaug. Fleire skaffar seg lettare syklar, og Sogn Terrengsykkel, der mange er medlemmer, oppmodar folk om å trekke eller sykle doningane til topps. I den nye stietiketten ber klubben òg om at folk droppar biltransport opp.

Sykkelklubben og grunneigarane har òg funne kvarandre i å ta avstand til kommersiell stisykling i grupper.

– Færre grupper skånar stiane for slitasje, forklarer Brendehaug.

Endringar på veg

Folk flest får stadig større rettar i utmarka. Langsamt, over heile Europa, har lovverket gått i denne retninga – også i Noreg. Regjeringa Solberg føreslår at syklistar skal få ferdast overalt i utmarka. I dag utgjer tregrensa eit skilje: i skogkledd utmark må syklistane halde seg på stiar og vegar.

– Dei som driv med jakt har størst nytte av dagens ordning, for då veit dei kor syklistane er i terrenget, seier Brendehaug.

Kommunen kan bestemme

I den nye stortingsmeldinga om friluftslivet legg regjeringa opp til at kommunane får større ansvar for å løyse utfordringane med auka ferdsel i utmark.

– Kommunar har alt i dag høve til å regulere aktiviteten i pressa område med mykje aktivitet, seier Brendehaug.

Og Sogndal kommune har alt gjort noko. For å stimulere det nyskapande friluftslivet som betyr så mykje for veksten i regionen, har kommunen oppretta det som på plan- og bygningsspråket heiter «omsynssoner».

Kort sagt vil kommunen gje tommelen opp for stisykling, frikøyring og klatring i områda der det er populært, medan til dømes hyttebygging må vike på akkurat desse plassane.

Men verktøykassa er større enn som så.

– Frivillig avtale best

– For å motverke konflikt kan kommunane faktisk avgjere kor folk får lov til å utøve ulike aktivitetar, seier Brendehaug.

I dei populære naturområda kartlegg forskarane no når og kor folk ferdast. Dei skal òg følgje med på kor vidt syklistar, turgåarar og jegerar endrar åtferd i tråd med dei venlege oppmodingane frå kommunen, sykkelklubben og idrettslaget.

Forskaren trur kunnskapen om dei harde verkemidla vil stimulere til fleire tilpassingar.

– Den beste måten å koordinere friluftslivet på desse populære stadene er heilt klart å inngå frivillige avtalar.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Om prosjektet

Vestlandsforsking utfører forskings- og utviklingsprosjektet «Nytt forvaltningssystem for fleirbruk av utmark». Prosjektet er finansiert av Regionale forskingsfond Vestlandet og går over 3 år.

Stisykling er utgangspunktet for forskinga. Fordi stadig fleire syklar på stiar i utmarka, er det eit behov for kunnskap om korleis kommunar kan koordinere bruken av utmarka.

Kommunane Sogndal, Luster og Gloppen deltek og er casar i prosjektet. Sogndal kommune (prosjekteigar) har det mest pressa området, med mykje jakt, stisykling og turgåing.

Å bidra til å dempe spenningane mellom utøvarar av friluftslivsaktivitetar og grunneigarane er eit viktig mål i prosjektet. Forskarane skal skissere og prøve ut eit forvaltningssystem som sikrar at tradisjonell og ny bruk av utmarka går overeins.