Den morbide sanninga om døden

Det er verken mark eller larvar som gjer at kroppen rotnar i jorda. Les korleis den døde kroppen blir til jord.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein død kropp brukar 15–20 år på å bli forvandla til nokre handfuller med jord. (Foto: Colourbox)

I samarbeid med:


 

Det er verken mark eller larvar som gjer at kroppen rotnar i jorda. Les korleis den døde kroppen blir til jord.

Ein gong skal hjartet vårt slutte å slå, og den hektiske aktiviteten i kroppen vår skal ta slutt og stilne. Og når vi ikkje lenger har bruk for han, skal kroppen vår sakte men sikkert bli omdanna til jord.

Men korleis skjer eigentleg dette? Og stemmer det at meitemarkar og andre ekle kryp er involvert?

Per Holck er ein av dei få som har ei yrkesinteresse i å vite om kva som skjer med ein kropp etter at eit menneske dør. Han er professor i anatomi, med biologisk antropologi og rettsantropologi som spesialfelt.

Holck kan forstå at folk kan synest det er ekkelt å tenke på dette, men sjølv ser han annleis på det:

–Vi anatomar og rettsantropologar er vant til dette, for oss blir det eit fagområde. Det er som å spørje ein kirurg om han synest det er ekkelt med blod, fortel Holck.

Rigor mortis

Det aller første som skjer når vi dør er at kroppen blir stiv, det som blir kalla rigor mortis. Rigor mortis inntrer frå to til seks timar etter døden, alt etter temperaturen i omgivnadene.

–Det er ikkje så lett å forklare kva rigor mortis er, seier Holck, men han prøver likevel:

–Muskulaturen består av to protein som trekker seg inn i kvarandre. I ein levande kropp er det ein viss kontakt mellom desse to proteina, sjølv når vi ikkje er i bevegelse. For at desse proteina skal kunne losne grepet må det energi til, og til det trengst det oksygen. Men når vi dør er det ikkje lenger tilførsel av oksygen og det kan derfor ikkje dannast ny energi som får grepet til å losne. Musklane blir stive, fortel Holck.

Dødsstivheita held seg eit døgn eller to, før den losnar igjen.

Deretter begynner cellene å gå i sjølvoppløysing, dei fell rett og slett ifrå kvarandre, ein prosess som blir kalla autolyse. Med dette begynner også vevet, som cellene inngår i, å gå i oppløysing.

Bakteriar får leve fritt

–Autolyse er eit resultat av manglande oksygen. I det heile tatt er det mangel på oksygen som er hemmelegheita bak mange av prosessane som skjer i den døde kroppen, saman med at bakteriar får leve sitt liv fritt, fortel Holck.

Etter kvart som kroppen vår blir tømt for oksygen blir det eit gunstig miljø for enkelte bakteriar som finst i kroppen vår, spesielt bakteriar som lever i fordøyelsessystemet.

Mens hjartet enno banka i kroppen var desse bakteriane livsviktige for å hjelpe oss å nyttiggjere næring frå maten. No begynner desse bakteriane, hovudsakleg kolibakteriar, å bryte ned tarmane i kroppen frå innsida.

–Nedbrytinga av kroppen går raskast der bakteriane finst frå før og der det er mykje enzym, stoff som spaltar ulike produkt i kroppen. Dette går derfor raskt i fordøyelsessystemet, hjartet og hjernen, fortel Holck.

–Men i bindevev og skjelett går prosessen svært mykje saktare. Skjelett kan halde seg i mange hundre år, seier Holck.

Mirakelet St. Hallvard

Når desse bakteriane begynner å leve sitt eige liv og bryt ned feitt, protein og karbohydrat i kroppen blir det danna spaltingsprodukt som fører til danning av gassar, ofte svovelhaldige gassar som har ei karakteristisk lukt.

Det får ofte liket til å svulme opp, og det er dette som blant anna er grunnen til at lik i sjøen flyt opp.

–Mirakelet med Oslos skytshelgen, St. Hallvard, som flaut opp til overflata etter sin død sjølv om han hadde ein kvernstein rundt halsen, har dermed si heilt naturlege forklaring, fortel Holck.

Meitemark

I første omgang er det kroppens eigne bakteriar som gjer jobben, men alt etter kvar kroppen ligg vil også andre mikroorganismar komme til utanfrå slik at kroppen blir oppløyst frå to kantar, både innanfrå og utanfrå, fortel Holck.

–Kva med meitemarkar eller andre dyr, er dei involvert i nedbrytinga?

–Nei, meitemark et meg bekjent ikkje døde kroppar, men lever av jord lenger oppe, seier Holck.

–Eventuelle markar ein tenker på måtte vere flugelarvar, men dei treng oksygen, og kan berre leve på overflata av jorda, fortel Holck.

Plantar og røter kan også vere med på oppløysinga, ifølgje Holck.

–Proteina som løyser seg opp inneheld nitrogen, og det er jo gjødsel. Av og til kan vi sjå auka plantevekst der eit lik ligg grunt under overflata, seier han.

2 liter jord

Kor lang tid det tar før kroppen er heilt borte kjem an på blant anna temperatur og surleiksgrad i jorda. Frå arktiske strøk er det kjent at kroppar kan sjå heilt uforandra ut, sjølv etter mange tiår i jorda. Mens i tropane kan ein kropp vere borte alt etter eit par dagar.

–Stort sett seier vi at ei grav kan opnast etter 15–20 år, då veit vi at kroppen og kista er destruert på naturleg måte, fortel Holck.

Holck anslår at dei organiske bestandsdelane i ein kropp kan bli til nokre handfullar med jord, kanskje 2 liter, viss ein tar i litt.

–Det med at til jord skal du bli, er ikkje berre ei tom frase, seier han.

Powered by Labrador CMS