- I dag er den viktigaste drivkrafta i retning av avfolking trongen til samvær. Familiar som bur rundt om på landbruksføretaka merkar dette særleg som saknet av leikekameratar for barna, skriv Erling Berge. (Foto: Stanislav Sokolov / Shutterstock / NTB scanpix)

Problemet i distriktspolitikken i dag er ikkje avfolking, men uttynning

Kronikk:

Vi treng ein ny distriktspolitikk som gjer det mogeleg å ha god eldreomsorg, og gode skuler, også på stedar der det ikkje bur så mange.

5.5 2017 04:00

Utviklinga i busetnaden her i landet har dei siste 100 åra vore eintydig i retning av meir tettbygde stader. Vi kan kalle det både urbanisering og sentralisering. Distriktspolitikk har dei siste 50 åra hatt som mål å motverke dette. Resultatet av politikken kan seiast å ha vore ei bremse på urbaniseringa.

Bremseverknaden er i det store og heile ein god ting. Den noko saktare fortettinga av busetnaden har gjort det enklare for bufaste å tilpasse seg. Gjennom utbygging av infrastruktur og grunnleggande samfunnstenester som skole og omsorg kunne avfolkinga seinkast og i praksis stoppast.

Problemet i distriktspolitikken i dag er ikkje avfolking, men uttynning. Distrikta vil ikkje bli folketomme. Men det er ingenting som tilseier at folketalet skal vekse. Vi må med andre ord finne fram til ein distriktspolitikk som kan levere velferd i kommunar og regionar med låge folketal og spreidd busetnad.

Saknet av leikekameratar

I dag er den viktigaste drivkrafta i retning av avfolking trongen til samvær. Familiar som bur rundt om på landbruksføretaka merkar dette særleg som saknet av leikekameratar for barna.

Denne einsemda for familiane kan vi godt sjå som ein utilsikta konsekvens av første fase av distriktspolitikken: statstilskot for utflytting frå fellestun i samband med utskiftingane frå om lag 1860 til 1920. For å motverke dette må ein kanskje meir medvite legge opp til at pendling frå ein tettstad ut til landbruksføretaket sitt aktivitetssenter blir vanleg.

Terskelen for gode tenester

Problema som følgjer av ei uttynning av befolkninga viser seg tydelegast når talet på menneskje med trong for grunnleggande tenester fell under ein kritisk terskel. Til dømes når talet på skolebarn eller talet på pleietrengande eldre vert så lågt at ein ikkje kan forsvare kostnaden ved å tilby tenester med standarden som er sett nasjonalt og på den måten ein gjer det i tettbygde strøk.

Nett kvar denne terskelen ligg er ikkje enkelt å fastslå. Men for mange tenester er vi i dag i ferd med å passere den, jamfør nedlegging av skolar og lensmannskontor. Det er i dette lyset ein må vurdere dei mange «sentraliseringsreformene».

Dei ser ikkje ut til å vere styrt av ei grunnleggande innsikt i drivkreftene for uttynninga. Det kan til dømes reisast tvil om den kommunereforma vi no ser konturane av er noko framtidsretta svar på problema med å levere velferdstenester i tynt busette distrikt.

Uttynning og spesialisering

Om vi skal konstruere ein ny distriktspolitikk må vi skjøne korleis to tunge trendar grip inn i kvarandre: trenden med uttynning av befolkninga i distrikta og trenden med spesialisering i tenesteytinga. Begge deler er tunge, langvarige utviklingstrendar som må byggast inn i den nye versjonen av distriktspolitikken.

Den lange lina i uttynning av befolkninga er i hovudsak teknologi- og kunnskapsdriven. I ei vurdering av utviklinga i jordbruket i perioden mellom år 1900 og år 1929 ser Statistisk sentralbyrå på årsakene til at gardsbruk blir lagt ned.

Når ein ser bort frå at husmannsplassane forsvinn, er det ikkje så stor nedgang  i denne perioden. Men den er der, og i vurderinga frå 1932 står det: «Årsaken er overalt den samme: manglende vei og avsides beliggenhet.»

Rekordmange gardsbruk i Noreg etter krigen

Manglande transport gjorde tilgangen til marknaden for jordbruksprodukta vanskeleg og lønsemda vart for dårleg. Lønsemda for kvart individ såg betre ut om ein flytte til byen eller kanskje heilt til Amerika. Men om lag frå første verdskrigen stoppa dette. Utvandringa til Amerika stoppa opp midt på 20-talet.  Tilgang på arbeidsplassar vart ikkje betre av den økonomiske krisa som slo inn over landet på 30-talet.

I denne perioden vart småbruket redninga for svært mange. Etablering av nye gardsbruk vart ei prioritert politisk oppgåve gjennom bureisingspolitikken. Dette er tydeleg i den nye jordlova av 1928. Under krigen 1940-45 var småbruk på mellom fem og ti dekar, og bustadbruk på mindre enn fem dekar gode å ha. Talet på bustadbruk voks dramatisk mellom 1918 og 1950.

Ein reknar at det i perioden voks frå om lag 89 000 til 146 000. Også talet på gardsbruk med over fem dekar innmark voks. I 1949 fanst det 199 000, 29 000 fleire enn i 1918. Vi har aldri hatt så mange gardbrukarar i landet som i 1950. Og det har aldri budd så mange folk i distrikta som i 1950.  

Transportteknologien gjorde det mogeleg å pendle

Sidan den gong har vi bygd vegar og skaffa oss bil. Om ein reknar avstand mellom bustad og arbeidsplass i akseptabel reisetid, har den geografiske rekkevidda for kvar av oss auka dramatisk. Men om ein ikkje kan pendle, flytter folk nærmare arbeidsplassen.

I første del av etterkrigstida, på 50-60 talet, var det mest fabrikkarbeid. Seinare i perioden, og i aukande grad, skjedde flyttinga via utdanning til eit spesialiserte yrke. Det store fleirtalet av utkantungdom flytte til byen eller tettstaden. Men vi ser at også pendling frå småbruket til tettstaden vart praktisk mogeleg.

Utviklinga i transportteknologien har lagt tilhøva til rette for ei raskare tilpassing til teknologisk endring både i distrikta og i sentrale tettstader. Dette var ei hovuddrivkraft bak reduksjonen i talet på kommunar tidleg på 1960-talet då vi gjekk frå 744 kommunar i 1957 til 454 i 1967.

Færre gardsbruk, like mykje jordbruksareal

Maskiner og dyrkingsmåtar har gjort det mogeleg å drive større og større areal med same arbeidsinnsatsen. Etter kvart som folk på dei mindre gardane såg seg best tent med å arbeide andre stader enn på gardsbruket, kunne jordbruksentreprenøren i nabolaget leige jorda og drive større areal, store nok til at lønsemda vart vurdert som tilfredsstillande.

Talet på aktive gardbrukarar byrja minke. I 2002 var det nede i 61 890 og i 2016 var talet 41 100. Den dramatiske nedgangen frå 199 000 aktive gardsbruk i 1949 til 41 100 i 2016 skjedde utan større minke i det dyrka arealet. I 1949 rekna ein med å ha 9.9 millionar dekar jordbruksareal der nesten alt var drive av eigaren. I 2016 var det framleis 9.8 millionar dekar jordbruksareal, men no var over 40 prosent driven på leigebasis.

Robotane kjem til landbruket

Denne utviklinga møter i dag geografiske grenser i store deler av landet. Den interne geografien i distriktet, enten det er fjell, dalar, fjordar eller øyar, set visse arealgrenser for kor stort eit landbruksføretak kan bli gitt dagens teknologi. Denne grensa varierer over landet.

Men også her kan vi ane at teknologien vil gripe inn, til dømes gjennom robottraktorar som kan styrast frå ein sentral i landbruksføretaket. Også for viktige sider i husdyrhaldet ser vi at robotteknologi kjem inn og gjer at same arbeidskrafta rekk over meir.

Det er med andre ord grunn til å tru at produksjonen kan haldast opp og kanskje aukast utan at det vert fleire arbeidsplassar, truleg blir det færre. Også for vareproduksjon ser vi at maskinar og robotteknologi gjer at stendig færre arbeidarar kan produsere det same eller meir. Heller ikkje i vareproduksjonen er det von om mange fleire arbeidsplassar.

Dei tynt busette distrikta skal også ha eldreomsorg

I produksjonen av samfunnets fellestenester er utviklinga den motsette. Eit tilfredsstillande tenesteprodukt krev i dag spesialisert kunnskap av mange ulike typar. Dette fører til fleire arbeidsplassar der ulike typar spesialistar samarbeider. Men for å halde einingskostnadane nede må teamet av spesialistar ha eit stort og etter kvart aukande «kundegrunnlag». Dette får ein lettare til om folk bur tettare i større tettstader.

Men i dei tynt busette distrikta skal det også leverast tenester. Medan det på 60 talet var transportteknologien som slo igjennom og påverka kommunane er det i dag kunnskapskrava i offentleg tenesteproduksjon som slår igjennom.

Vi ser somme stader at også tenesteproduksjonen kan ta i bruk ny teknologi, til dømes ved bruk av internett for undervisning av små grupper eller medisinsk diagnose.  Vi ser også eksperiment med bruk av robotteknologi for fjernkirurgi.

Vi treng ein ny distriktspolitikk

Trendane med færre arbeidarar i vareproduksjon og fleire i tenesteproduksjon er generelle og heilt uavhengig av distriktspolitikken. Dagens distriktspolitikk må ta omsyn til dette og finne fram til system som kan levere grunnleggande tenester i tynt busette distrikt på eit fagleg forsvarleg nivå.

Vi treng ein versjon 2.0 av distriktspolitikken. Denne politikken må på eine sida ta omsyn til kravet om naboar også i dei tynt busette distrikta og på andre sida legge opp til å ta i bruk ny teknologi for levering av tenester.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.