Utviklinga av loddemengdene i Barentshavet har svinga som ein jo-jo sidan Havforskingsinstituttet starta med årlege loddetokt tidleg på 1970-talet.

Loddekollapsen held fram for andre år på rad

Kronikk:

Det har ikkje vore loddefiske i Barentshavet i år, og det blir ikkje nokon kvote i 2017 heller. Samstundes er det nesten rekordmykje loddeyngel. Korleis heng det i hop?

16.11 2016 04:00

I haust registrerte havforskarane lite vaksen lodde i Barentshavet. Difor blir det ikkje loddefiske til neste år. Samstundes blei det registrert mykje loddeyngel. Då er det mange – naturleg nok – som spør seg korleis dette kan henge i hop.  

Havforskingsinstituttet starta med årlege loddetokt tidleg på 1970-talet. Utviklinga av loddemengdene i Barentshavet har i desse åra svinga som ein jo-jo. Ein finn knapt haustbare bestandar med større svingingar i heile verda.

 

 

No er det ny kollaps, den fjerde på fire tiår. Samstundes har bestanden produsert ein av dei sterkaste yngelårsklassane som nokon gong er registrert.

Offer for svolten sild

For å forstå dynamikken til loddebestanden må me også forstå litt av biologien til denne fisken. Lodda er kortliva. Som tre- eller fireåring vandrar ho frå beiteområda heilt nord i Barentshavet til finnmarkskysten for å gyta. Denne vandringa er lang for ein fisk på 15–20 centimeter, og ho legg all sin energi i denne eine gytinga, for så å døy. Studiar har vist at denne strategien i det lange løp er ei lønsam tilpassing for fisk som har høg risiko for å bli spist. Men eit kort liv med berre ei enkelt gyting betyr også at nokre få år med sviktande rekruttering kan senda bestanden mot avgrunnen med stor fart.

Første gong ein såg dette, var i 1985–1986. «Loddekrakket» den gongen kom uventa på alle, sjølv om ein i 1984 hadde lagt merke til at rekrutteringa slo feil, og at den var låg dei neste tre åra. Først i 1989 blei det produsert ein knallsterk årsklasse av lodde, og trass i at gytebestanden var langt under 100 000 tonn, kom lodda tilbake for fullt. I løpet av få år fekk denne eine årsklassen bestanden tilbake til same nivå som før kollapsen.

 

 

Den trulege årsaka til rekrutteringssvikten var både overraskande og interessant: Bestanden av norsk vårgytande sild hadde lege med brekt rygg sidan slutten av 60-talet og kom tilbake med ein svært sterk årsklasse i 1983. Denne silda levde sine første år i Barentshavet og tok så kraftig for seg av loddelarvane (årsyngel) om sommaren og hausten at lodderekrutteringa svikta totalt. Historia gjentok seg frå 1993 til 1997 og frå 2003 til 2006. Grunnen syntest å vera den same; rekrutteringa til loddebestanden svikta tre–fire år på rad, og i alle tre periodane var det store mengder svolten sild i Barentshavet.

Og svolten torsk

Under loddesvikten me no er inne i, er situasjonen ein litt annan. Det er mindre ungsild som beitar på loddelarvar enn under dei førre kollapsane, men over middels med loddeyngel i Barentshavet. Det tyder på god rekruttering. Likevel ser det ut til at ein mindre del av loddebestanden, både yngel og eldre fisk, overlever frå eit år til det neste no, samanlikna med tidlegare periodar. Dette kan henge saman med at den store torskebestanden har lodda som sitt viktigaste byttedyr.

Konsekvensar for økosystemet

Lodda har mange fiendar. I Barentshavet er det for tida særleg store mengder torsk, og det er spesielt den unge torsken som forsyner seg av loddeinnsiget til kysten. Slik situasjonen har vore dei siste åra, reknar ein med at torsken set til livs rundt fire millionar tonn lodde årleg. Også annan større fisk, sjøfugl, kval og sel beitar på lodda, mens lodda sjølv beitar på dyreplankton. Slik sett er lodda ein nøkkelart og eit bindeledd mellom ulike økosystemnivå.

Under den første kollapsen var konsekvensane svært store; torsken svalt i den grad at gjennomsnittsvekta i somme aldersgrupper gjekk ned til det halve av normalen. Sjøfuglane svalt og selen trekte inn mot norskekysten i store mengder for å finna annan mat der.

Under den andre kollapsen auka kannibalismen hos torsken, mens ein under den tredje kollapsen knapt nok kunne spora økosystemeffektar i det heile. Under den andre og tredje  kollapsen var det mykje meir annan mat tilgjengeleg for predatorane høgare oppe i næringskjeda, slik at til dømes torsken sin vekst endra seg lite.

Kva no?

Situasjonen for dei viktigaste byttedyra til torsken liknar på den me såg i 2003–2007 (førre loddekollaps), men det er mykje meir torsk no. På den andre sida er torsken i dag fordelt over mykje større delar av Barentshavet enn den gongen- Då kan  han beita på eit vidare spekter av byttedyr og over eit større område. Samtidig verkar produktiviteten på lågare nivå i økosystemet å vera god sidan ungfisk og yngel har god individuell vekst. Vårt beste tips er at effekten av den fjerde loddekollapsen kan bli litt sterkare på torsken og andre predatorar enn i 2003–2007, då det knapt var nokon effekt, men langt frå så sterk som under den første loddekollapsen på slutten av 1980-talet.

Betyr det at  ein bør fiske hardare på torsken når ein ventar at det vil bli mindre mat tilgjengeleg? Noreg og Russland vedtok i haust ein revidert forvaltingsregel for torsk. Der ligg det inne at ein skal fiske hardare på torsken dersom gytebestanden er stor, men det er ikkje tatt omsyn til loddebestanden i denne regelen.

Fisket si rolle

Det synest ikkje å vera fisket som har vore den direkte årsaka til nokre av loddekollapsane, men fisket hausten 1985 og vinteren 1986  kan ha forlenga tida det tok å byggja opp att bestanden etter det første samanbrotet. Den kollapsen hadde størst ringverknadar på resten av livet i Barentshavet.

Etter dette har fisket etter lodde vore langt lågare enn det var på 1970-talet og byrjinga av 1980-talet.  Då blei opp mot tre millionar tonn lodde fiska per år, medan fangsten dei siste 20 åra maksimalt har vore om lag ein sjettedel av dette.

Støkk

Den første loddekollapsen sette ein støkk i både forskarar og forvaltarar. På forskarsida utvikla me nye modellar som tok omsyn til torsken sitt behov for lodde som mat. Det førte til at store mengder torsk i Barentshavet automatisk resulterte i råd om lågare loddekvote.

Forvaltarane innførte strengare reguleringar, innskrenka loddefisket til ein kort periode like før gyting, og følgde elles opp tilrådingane frå forskarane. Dei siste åra har ein i praksis late torsk og andre forsyna seg før ein haustar av eit eventuelt overskot.

Dei mange kollapsane i loddebestanden har gjort at me kan seie at denne bestanden har ei utprega evne til å ta seg opp igjen raskt. Under det årlege toktet i Barentshavet i 2016 målte me det tredje høgaste talet på loddeyngel som nokon gong har blitt registrert (etter 2008 og 2012). Sjølv om torskebestanden er stor, gjev dette samla sett eit godt håp om ein rask oppsving for lodda, slik ein tidlegare har sett for denne bestanden. 

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Saker fra våre eiere

Høgskolen i Oslo og Akershus
Podcast:

Hvordan kan du forberede deg til framtidas arbeidsliv? I denne podcasten gir to eksperter sine råd til både kommende og eksisterende arbeidstakere. 

Universitetet i Oslo

Rørsangere på Malta har kjapt tilpasset seg et varmere klima og får flere unger. Dette er viktig for bevaring av naturområder også i Norge, sier Miljødirektoratet.

Nasjonalforeningen for folkehelsen

Tidligere har det vært vanskelig å vite hvem som er i faresonen for akutt hjerteinfarkt. Nå kan blodprøver gi svaret på kort tid. 

Saker fra våre eiere

Høgskolen i Oslo og Akershus

Er 0,999… med uendelig mange desimaler mindre enn 1 eller lik 1? Både folk flest og lærerstudenter svarer typisk det samme.

Universitetet i Oslo

Behandlingen er direkte rettet mot å redusere selvskading og selvmordstanker. Og den gir gode resultater.

Universitetet i Oslo

For noen barn er det ekstra krevende med rop og skrik i skolegården, bøker som smelles igjen og stolbein som skraper mot gulvet.

Forskeren forteller:

Når ungdom presses til å drive med idrett, og voksne bestemmer hvordan de skal gjør det, da blir idrettsungdom lei. Men du kan unngå at barna dine mistrives, blir stresset og presterer dårlig på sikt.

Dinosaurenes historie må skrives om, sier britiske forskere etter en ny enorm analyse. Det vil uten tvil ryste fagfolk verden over, men hvis forskerne har rett, løser de flere uløste gåter.

Dette er den første store studien som samanliknar den laksearten vi har i norsk natur med norsk oppdrettslaks.

– Noen ganger «reparerte» økosystemet seg selv, mens andre ganger hadde tapet av arten en ytterligere negativ effekt, sier den danske forskeren bak studien.