Er det noko mystisk i at elevane frå Sogn og Fjordane gjer det godt? (Foto: Robert Kneschke, Shutterstock, NTB scanpix)

Kronikk: Er Sogn og Fjordane eit paradoks?

Det er ikkje noko mystisk i at elevane frå Sogn og Fjordane gjer det godt. Det som er spesielt for fylket er at det framleis har mange nærmiljøskular som gir kvalitet.

Sogn og Fjordane-paradokset er kort sagt: «Sogn og Fjordane har prestert på topp i nasjonale prøvar i matematikk, norsk og lesing sjølv om inntekts- og utdanningsnivået i fylket er lågare enn det nasjonale gjennomsnittet. Kva kan vere grunnane til at elevar i Sogn og Fjordane likevel gjer det så bra

Dette er spørsmålet tolv forskargrupper i prosjektet Lærande Regionar har forska på. Prosjektet undersøkte kva som gjev gode skuleresultat og vart leia av Gøran Söderlund, professor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Resultata frå prosjektet har med rette vekt debatt. Og det er spesielt to som har vore kritiske: Johs B. Thue og Torodd Fagerheim.

Thue er pensjonert lektor (historikar) og har undervist både på høgskule og i grunnskule. Han har kritisert både mangel på historisk innsikt i skule og samfunn i Sogn og Fjordane og eit usedvanleg kronglete og til dels uforståeleg akademisk språk i rapportane frå dei fleste forskargruppene.

Torodd Fagerheim har lang fartstid som lærar i Sogn og Fjordane og er rådgjevar i LUFS (Landslaget for nærmiljøskolen). Han hevdar det er feil å kalla Sogn og Fjordane eit paradoks og kritiserte at ingen av forskargruppene har forska på det han meiner er avgjerande for dei gode skuleresultata: «Fylket har framleis mange små skular som ligg i nærmiljøet til borna».

I svara på kritikken frå prosjektleiar Gøran Söderlund, har det meir vore «skitkasting», enn diskusjon av fakta. Thue og Fagerheim er kloke og oppegåande personar som kan forsvara seg sjølv, så det skal ikkje eg gjera. Det undrar meg likevel at professor Söderlund i staden for å lytta til desse erfarne skulefolka, heller vel å harselere over det dei skriv.

I boka Skolens kvalitet skapes lokalt, som kom ut i år, presenterer dei tolv forskargruppene funna sine i kvart sitt kapittel.

Eg har lese nokre kapittel grundig og skumma dei fleste. Boka er ujamn, og ber preg av hastverksarbeid frå både forfattarar, redaktør og forlag. Og eg lurer sterkt på om det er rett som prosjektleiar Söderlund skriv at praksisfeltet har vore med og kommentert alle kapitla i boka. Somme kapittel er ordrike og prega av eit akademisk språk som høver betre i ein vitskapleg artikkel enn i eit kapittel i ei bok for alle.

For å seie det med ein gong. Ingen av funna til dei tolv forskargruppene overraskar meg.

Når eg skal grunngje kvifor eg ikkje er overraska, vil eg ta utgangspunkt i kva forskargruppene har funne.

 

I Sogn og Fjordane:

  • har elevane respekt for læraren
  • har elevane fordel av å bruke nynorsk
  • foreldra støttar og oppmuntrar
  • jentene er meir sjølvtrygge
  • lærarkvaliteten er høg

Respekt for læraren

Noko av det som har karakterisert utdanninga i Noreg i etterkrigstida, er at respekten for læraren er vorte kraftig redusert, og heimen og nærmiljøet som læringsarena er vorte sterkt nedgradert.

Her har Sogn og Fjordane vore motstraums og stått oppreiste og halde på gode ideal frå «den gamle skulen» med respekt for læraren og med godt samarbeid med heimane, noko Gunnar Yttri har dokumentert i kapittel 3 «Læraren som bygdehøvding».

At lærarkvaliteten er høg, at me har godt utdanna lærarar i dei minste avkrokane og på øyane i fylket, heng saman med at Sogn og Fjordane suverent har rekruttert best til læraryrket gjennom lang tid. Det har og frå 1972 vore eiga lærarutdanning i Sogndal, som også har drive utstrakt desentralisert lærarutdanning i kommunar/regionar som har ytra behov om det.

Motstraums på fleire område

Sogn og Fjordane også vore motstraums på to andre område:

  • ved å halda på ein meir desentralisert skulestruktur enn andre fylke, Sogn og Fjordane har prosentvis flest elevar i fådelte skular i Noreg. I Sogn og Fjordane går cirka 2/3 av elevane på barnesteget i skular med under 100 elevar, medan det på landsbasis er cirka 1/3.
  • mange kommunar har vore fleksible og funne gode løysingar ved å samla barnehage og skule i ei bygd eller på ei øy i eit oppvekstsenter

Det betyr at i fylket vårt får flest elevar barnehage og skule der dei bur, og fylket har mange små skular. Kanskje det har betydning? Det har forskarane ikkje undersøkt.

Kva er ein liten skule?

I ein kronikk, først presentert i BT.no 4.9.2015 og på forskning.no seier Söderlund m.fl. at dette heller ikkje er interessant, for berre 2,8 prosent av elevane går på dei 23 minste skulane. Dette er etter det eg har funne ut, skular med under 30 elevar. Dersom ein i Sogn og Fjordane tek med barneskular opp til cirka 90 elevar, går 25 prosent på små skular, og då må dei reknast med.

Og når professor Söderlund tilbakeviser effekten av små skular med å vise til amerikansk forsking, blir eg skeptisk - for både det amerikanske samfunnet og den amerikanske skulen er svært ulik den norske.

Eg har likevel prøvd å studere denne amerikanske forskinga som helt korrekt kjem til den konklusjonen at dei 5 prosent minste skulane i gjennomsnitt ikkje har betre resultat enn resten. Men kor små desse minste skulane er, blir ikkje presisert.

Eit konkret døme som blir brukt til å underbygge konklusjonane, kan gje ein indikasjon. I Seattle vart ein stor skule med 1800 elevar delt i 5 mindre skular utan at det gav forbetring i skuleprestasjonar. Men legg merke til her var det dei kalla ein «liten amerikansk skule» ein skule med 360 elevar, og i Sogn og Fjordane er det berre 3 skular som har fleire elevar. Når slik forsking ukritisk blir brukt og gjenteke som påstand om små og store skular i landet vårt, forsvinn min tillit til professorane. Konklusjonen er at det er meiningslaust å bruke amerikansk forsking til å seie noko om norske skular. Det er ikkje der ein finn svaret.

Sterkt samarbeid på små skular

For å grunngje kvifor eg ikkje er overraska, er det blant anna fordi eg kjenner til den norske forskinga til professorane Rune Kvalsund, Karl Jan Solstad og Halvor Bjørnsrud. Denne forskinga synest ukjend for professor Söderlund m.fl. I alle fall har dei valt å ikkje bruke den.

Rune Kvalsund forska på små og store skular på 1990-talet. I rapporten: «Relasjonar som raknar» frå Møreforsking, dokumenterer Kvalsund m.fl. at samarbeidet mellom heim og skule er sterkast og mest allsidig på små skular, og det kan grunngje fleire av funna til forskargruppene, mellom anna at foreldra støttar og oppmuntrar i skulearbeidet.

Seinare har Kvalsund forska på sosial læring. Han har påvist at dei små skulane gir betre vilkår for sosial læring, fordi denne skuleforma stimulerer til breiare sosial omgang med eldre og yngre barn og med barn av begge kjønn enn tilfelle er ved dei store skulane.

I prosjektet Skole og oppvekst i spreidtbygd busetting ved Høgskulen i Nesna, har forskarane Berg-Olsen, Davidsen og Johansen gjort observasjonar og konklusjonar heilt i tråd med Kvalsund sine funn. Kanskje kan venskap og samhandling på tvers av kjønn vere det som gjer at jentene blir meir sjølvtrygge.

Smått er betre

Karl Jan Solstad, som er professor emeritus og seniorforskar ved Nordlandsforsking, har heilt sidan 1970-talet og fram til i dag, forska på ulike sider ved små skular og elles studert den internasjonale forskinga på området.

I eit kapittel i boka Motstraums frå 2013 med tittelen: «Korfor er smått godt nok?» seier han i ein oppsummerande kommentar at smått ikkje berre er godt, men i mange høve klårt betre.

Sjølv om ingen av dei momenta eg har trekt fram som spesielle for Sogn og Fjordane åleine kan forklare dei gode skuleresultata, har eg prøvd å påvise at det er så mange faktorar som trekkjer i same retning: desentralisert skulestruktur, positiv kultur for skule og utdanning, respekt for læraren, positiv omtale av og interesse for skulen i heim og lokalsamfunn, at det kan forklare det forskarane kallar eit paradoks.

Eg kan leggja til at dette er verdiar som skapar kvalitet, ikkje berre i Sogn og Fjordane, men i heile landet.

Powered by Labrador CMS