– Eg høyrer frå tid til anna at den nye metoden ikkje hjelper mot terroristar og brutale kriminelle. Då kan eg visa til at den norske terroristen Anders Behring Breivik blei sikta og dømd etter at politiet hadde brukt undersøkjande politiintervju, fortel politietterforskar og forskar Asbjørn Rachlew som har utvikla metoden for norsk politi. (Foto: Ola Sæther)

Politiavhøyr utvikla i Noreg kan bli global standard

Norsk politi har vidareutvikla ein metode for vitskapleg baserte avhøyr. No ynskjer FN å foreslå dei som global standard for politiavhøyr.

Artikkelen ble først publisert på Uniforum

Uniforum er en avis som utgis av Universitetet i Oslo. Avisen redigeres etter Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.

Den 18. oktober vil forskar og politietterforskar Asbjørn Rachlew vera i FNs hovudforsamling når spesialrapportør for tortur, Juan Mendez legg fram ei tilråding om globale standardar for politiavhøyr.

Der vil metoden undersøkjande intervju (investigative interviewing) bli foreslått som ein internasjonal modell for politiavhøyr i staden for den tradisjonelle avhøysrmetoden (interrogation), der målet er å få den mistenkte til å koma med ei tilståing for ein kvar pris.  

– Resultat av menneskerettsdialog

Asbjørn Rachlew har permisjon frå politiet og arbeider i dag som forskar ved Norsk senter for menneskerettar ved UiO.

Land som Indonesia og Vietnam er allereie i ferd med å innføra den nye standarden for politiavhøyr.

– Det er eit resultat av menneskerettsdialogen som Noreg har ført med desse to landa gjennom eit unikt samarbeid mellom Politihøgskulen og Norsk senter for menneskerettar ved UiO, fortel doktor i jus og politietterforskar Asbjørn Rachlew. Han underviser både på Politihøgskulen og på Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.

Undersøkjande intervju ny standard for politiavhøyr

Det siste tiåret har han vore sentral i å få innført ein heilt ny avhøyrsmetode for norsk politi.

– Den nye metoden er «investigative interviewing», som no har erstatta det tradisjonelle avhøyret «interrogation» i heile politietaten i Noreg. Hovudskilnaden på dei to metodane er at med den nye forma for avhøyr etterforskar politiet alle moglege hypotesar som viser at den mistenkte er uskuldig. Når desse hypotesane ikkje lenger held, blir hypotesen om skuld, styrkt. I det tradisjonelle avhøyret (interrogation) presenterer politiet ein bestemt teori overfor den mistenkte, og dei gjer det dei kan for at dei skal få fram ei tilståing frå den mistenkte, som stadfestar deira eigen teori, forklarar Asbjørn Rachlew.

– Gav oss ei aha-oppleving

I Noreg blei det tradisjonelle politiavhøyret brukt heilt til det oppstod nokre rettsskandalar som gjorde at metoden måtte opp til ny vurdering. – Under rettssaka mot syskenbarnet til jenta som blei myrda på Karmøy, Birgitte-saka frå 1995, hadde politiet berre ein mogleg gjerningsmann i kikkerten, altså mannen som sat på tiltalebenken. Då kom det ein vitnepsykolog frå Storbritannia,Gisli Gudjonson og kritiserte norsk politi kraftig for å ha brukt det tradisjonelle politiavhøyret der alt gjekk ut på å få den mistenkte til å tilstå. Seinare blei også syskenbarnet frifunne, sjølv om han blei dømt til å betala erstatning til dei etterlatne i ei sivil sak seinare, fortel Rachlew.

Han viser til at den britiske vitnepsykologen kunne byggja argumenta sine mot desse politimetodane på artiklar i vitskaplege tidsskrift.  

– Det gav oss ei aha-oppleving. For sjølv om me som politi skulle vera ekspertar i politiavhøyr, så hadde me aldri fått noka teoretisk undervisning i dette. I Storbritannina hadde dei opplevd liknande politiskandalar ti år tidlegare. Kort fortalt blei resultatet av dette at eg fekk lønn frå politimeister Ingelin Killengren til å forska på undersøkande politiintervju i Storbritannia. Det enda med at eg tok doktorgraden på Justisfeil i politiets etterforskning ved Det juridiske fakultetet ved UiO i 2009.

Utvikla eit opplæringsprogram

I avhandlinga brukte han saka til ein mann som heitte Stig Inge som sat seks månader i varetekt for eit drap han ikkje hadde utført.

– Presset på Stein Inge var så sterkt at han til slutt også innbilte seg at han måtte ha gjort det, og var på nippet til å tilstå. Då me seinare presenterte avhandlinga mi for norsk politi, var Stein Inge med meg og fortalde korleis han opplevde etterforskinga og isolasjonen. Slik fekk også Norsk senter for menneskerettar nyss i kva me heldt på med, og dei inviterte meg med i menneskerettsdialogen med Vietnam og Indonesia, fortel han.

Saman med Ivar Fashing fekk Rachlew ansvaret for å utvikla eit opplæringsprogram i den nye avhøyrmetoden for Politihøgskulen.

– Det var eit paradigmeskifte, og så langt trur eg 3000 norske politifolk har fått opplæring i den teknikken, medan den også er blitt standard for alle dei 1000 studentane som til ei kvar tid går på Politihøgskulen, seier han til Uniforum.  

Både i Indonesia og Vietnam har politiet vore kjent for å bruka metodar som bryt med menneskerettane.

– I staden for å fortelja dei kva dei ikkje har lov til å gjera, kan me tilby dei ein ny og alternativ politimetode, som samtidig har vist seg å vera meir effektiv enn den tradisjonelle, seier Rachlew. 

Brukte metoden under avhøyra av norsk terrorist

Sjølv var han også fagleg rådgjevar før avhøyret av Anders Behring Breivik etter terroraksjonane mot Regjeringskvartalet og AUF-leiren på Utøya, den 22. juli 2011.

– Eg høyrer frå tid til anna at den nye metoden ikkje hjelper mot terroristar og brutale kriminelle. Då kan eg visa til at den norske terroristen Anders Behring Breivik blei sikta og dømt etter at politiet hadde brukt undersøkjande politiintervju. Han vedgjekk aldri at han hadde fantasert om viktige delar av forklaringa si, men gjennom intervjua kunne me avsløra at han dreiv med bløff, stadfestar Rachlew.

Forteljinga om denne avhøyrsrmetoden kom også FNs spesialrapportør for tortur, Juan Mendez for øyret. Difor blei dei tidlegare i år saman med representantar for 50 land, inviterte til å presentera erfaringane sine under eit møte med spesialrapportøren og medarbeidarane hans.

– Det førte til at Juan Mendez kom bort til oss etterpå og bad oss om å skriva ned hovudinnhaldet i denne typen politiavhøyr. Resultatet har blitt at den er omtalt i fotnote 1 i den tilrådinga som FNs spesialrapportør om tortur vil leggja fram om globale standardar for politiavhøyr i FNs hovudforsamling den 18. oktober. Og då har han bede oss om å vera til stades, og samtidig presentera rapporten saman med han dagen etter, fortel Rachlew.

Obama-gruppe går inn for metoden

Førebels har ikkje amerikansk politi vist interesse for metoden.

– Nordamerikansk politi har til og med fått ei rettsavgjerd på at dei kan bruka falske bevis og lygn for å få mistenkte til å tilstå. Så den tradisjonelle tilståinga står framleis sterkt hos det amerikanske politiet, sjølv om det finst krefter der også som vil bruka undersøkjande politiintervju, seier han.  Ikkje minst i gruppa som Barack Obama sette ned i kjølvatnet av Guantanamo-skandalen med mandat om å forska fram alternative avhøyrsmetodar. Også denne gruppa tilrår i dag undersøkjande intervju som det beste alternativet, understrekar Asbjørn Rachlew. 

– Stort profesjonsetisk framsteg

Professor Vidar Halvorsen på Institutt for kriminologi og rettssosiologi ved UiO synest det store gjennomslaget til den nye avhøyrsmetoden er svært positivt. 

– På generelt grunnlag kan me trygt slå fast at  «undersøkjande intervju» som global standard for avhøyr vil innebera eit stort profesjonsetisk framsteg. Og det er ingenting som tyder på at ei slik omlegging av avhøyrsteknikkar vil redusera tilgangen på vital informasjon i kampen mot terror - snarare tvert i mot, seier Vidar Halvorsen til Uniforum.

Fylg med på FNs spesialrapportør om tortur, Juan Méndez sin presentasjon i FNs hovudforsamling 18. oktober, 2016.

Artikkelen ble først publisert på uniforum.uio.no.

Powered by Labrador CMS