Skal gjenskape hjernen i datamaskiner
Forskarar verda samarbeider om å samle kunnskap om hjernen. Norske forskarar medverkar med hjerneversjonen av Google Earth.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Forskarar verda samarbeider om å samle kunnskap om hjernen. Norske forskarar medverkar med hjerneversjonen av Google Earth.
Menneskehjernen består av omtrent 100 milliardar nerveceller, 3 millionar kilometer leidningar og ein million milliard koplingspunkt.
EU-prosjektet Human Brain Project set seg som mål å samanfatte all eksisterande kunnskap om vår innfløkte hjerne. I prosjektet skal forskarar frå heile verda gjenskape hjernen ved hjelp av avanserte datamodellar og simuleringar.
Dataversjonen av hjernen skal gi ny innsikt i korleis hjernen vår fungerer, og forståing av sjukdommar som kan ramme han, som til dømes Alzheimer og parkinsons sjukdom.
Forskarane håpar også å lære av hjernens evne til å bearbeide informasjon som kan føre fram til ny datateknologi.
_____________________