Tourettes-pasientar ticsa meir framfor spegelen. (Foto: iStockphoto)

Tourettes-pasientar fekk meir ticks av å sjå seg i spegelen

Dei fikk derimot færre rykkingar av å sjå seg sjølve på video.

Tourettes syndrom er ein arveleg tilstand som består av gjentekne ufrivillige bevegelsar eller ukontrollerte lydar som vert kalla tics. Ein antek at mellom 0,5 og 1,5 prosent av befolkninga har syndromet.

Utbrota hjå pasienten kan nokre gonger bestå av upassande språkbruk kalla koprolali, ifølge Norsk Tourette Foreining

Tyske forskarar har observert at pasientar med Tourettes syndrom fikk fleire utbrot når dei såg seg sjølve i spegelen. Pasientane ticsa betydeleg mindre når dei såg video av seg sjølve utan tics eller rykkingar.

Studien er publisert i Cognitive Neuroscience. Forskarane kjem frå høvevis University Medical Centre Hamburg-Eppendorf, University of Lübeck og Ghent University.

Ser ikkje nytta

Egil Midtlyng ved Nasjonalt kompetansesenter for AD/HD, Tourettes syndrom og narkolepsi. (Foto: Privat)

Egil Midtlyng, psykologspesialist ved Nasjonalt kompetansesenter for AD/HD, Tourettes syndrom og narkolepsi, seier at studien er interresant, og seier det manglar mykje forsking på syndromet. Han seier at mykje av det forskarane har kom fram til i denne studien ikkje er uventa, men at det er bra at pasientane har blitt studert nærare under kontrollerte føresetnadar.

- Dette er ikkje gamalt nytt. Ein lærer av å sjå og høyre. Det er slik hjå alle. Er ein Tourettes-pasient saman med ein annan som lid av tics, tek han eller ho lett etter. Den same effekten ser vi kanskje her i spegeleksperimentet, seier Midtlyng til forskning.no.

Midtlyng ser ikkje for seg at ein utan vidare kan etablere nye behandlingsmetodar på bakgrunn av den nye studien. Korvidt resultata kan overførast til klinisk praksis, til dømes som behandlingsmetode, må prøvast ut, meiner han.

Fleire utbrot framfor spegelen

Studien var todelt. I første del vart kvar og ein av tolv deltakande Tourettes-pasientar sett inn i eit rom, og deretter sett framfor ein spegel. I den andre studien gjorde 16 pasientar det same. I andre del fikk pasientane også sjå seg sjølv i eit videoklipp der dei ikkje hadde utbrot.

Forskarane såg at pasientane som satt framfor spegelen ticsa meir enn vanleg. Dei som såg seg sjølve på video hadde betydeleg færre utbrot.

Åtte av dei 16 pasientane i del to, var også deltakande i første studiedel. Pasientane vart filma i alle testane. Alle har tidlegare delteke i liknande studiar, og filmklippa til andre delstudie vart henta derfrå.

Utbrota framfor spegelen kom av at deltakarane vart ekstra merksame på komande utbrot, skriv forskarane i studien.

Det er tidlegare stadfesta at pasientar med Tourettes reduserer omfanget av utbrot om dei er merksame på til dømes aktivitetar utandørs. Det kan forklare den positive verknaden hjå pasientane som såg seg sjølve på video.

- Det er vanskelig å trekke ei klar slutning på studieeksperimenta, men ein veit at pasienten ticsar mindre om han eller ho fokuserer på heilt andre ting. Når pasienten er oppteken av å spele til dømes gitar eller trommer, eller driv idrett kan vedkommande også vere heilt fri for tics, seier Midtlyng.

Omvendt ser ein at pasientar kan ha oftare tics når dei setter seg ned og slapper av framfor fjernsynet. Han stadfester at det blir spekulativt å seie noko meir om resultata.

Få representerer mange

Pasientar med Tourettes syndrom kan ha ekkolali eller ekkoprakasi. Ekkolali får pasienten til å gjenta det andre seier, og ved ekkopraksi er vedkommande tvungen til å gjenta rørsler eller handlingar. Dette kan ha vore tydingsfulle faktorar ved studien.

Ei stor svakheit ved studien er at svært få har delteke, men forskarane peiker på at funna likevel har ein sterk effekt. I tillegg var halvparten av deltakarane i andre delstudie også med i første.

Forskarane oppmodar til vidare forsking der ein ser på mulige interaksjonar mellom pasientar si merksemd på ukontrollerte utbrot, fornemmelsen dei har før eit utbrot, samt mengda av ticsa.

Midtlyng deler forskarane sitt synspunkt, og seier at ein i dag blant anna nytter behandlingsmetoden Habit Reversal Training for å redusere tics hjå Tourettes-pasientar.

- Dette er ein behandlingsmetode der ein bruker merksemda før eit utbrot til å trene på å motstå utførelsen av eit tics. Såleis kan ein dempe både mengda og intensiteten av rykkinga, seier Midtlyng.

Referanse:

Brandt V. C. m.fl.: Visual Feedback of own tics increases tic frequency in patients with Tourette’s syndrome. Cognitive Neuroscience (04.09.2014) (PDF)

Caurin, Belen m.fl.: Environmental circumstances influencing tic expression in children. European Journal of Paediatric Neurology (20.04.2014) 

Samandrag

Powered by Labrador CMS