Rektor Ole Petter Ottersen ved Karolinska Institutet framfor kunstverket i foajeen i Aula Medica. (Foto: Ola Sæther)

Ole Petter Ottersen skal retta opp igjen omdømmet til Karolinska Institutet

Stockholm: Ole Petter Ottersen har vore rektor ved det prestisjetunge Karolinska Institutet i fire månader. – Macchiarini-saka gav Karolinska Institutet ein knekk i omdømmet, seier han. No har han fått vedtatt lovnaden om å oppretta eit vitskapsombod.

Artikkelen var først publisert på Uniforum

Det ytre kjennemerket til Karolinska Institutet (KI) er i dag den hypermoderne bygningen Aula Medica på Solna i utkanten av Stockholm. Glass og metall pregar bygningen som skrånar oppover som ei moderne utgåve av Det skeive tårnet i Pisa.

Etter å ha gått inn svingdøra i hovudinngangen, registrerer me oss i resepsjonen, og fortel at me skal intervjua rektor Ole Petter Ottersen. Der ber dei oss om å ta heisen til sjette etasje. Der oppe ventar ein sekretær, og ho viser oss fram til kontoret til rektor Ole Petter Ottersen. Han kjem og helsar hjarteleg på oss. Så sit han seg ned  bak eit svært salongbord som han sirleg og systematisk har dandert med forskingsrapportar, statistikkar og andre dokument framfor den berbare datamaskina, som er den faste fylgjesvennen hans. Til høgre på bordet har han plassert mobiltelefonen som blinkar kvar gong han får ein SMS. Det får han ofte. 

Bortsett frå at han seier “nårje” i staden for “norge”, har han ikkje blitt synleg påverka av det svenske språket. Arbeidsdagen hans startar klokka 07.10 og han er ofte ikkje heime i husværet sitt før langt ut på kvelden.

Etter at Ole Petter Ottersen tok til i jobben 1. august, har han brukt mesteparten av tida til å bli kjent med det nye universitetet han er rektor for.  

– Eg har besøkt alle institutta. No begynner eg å få eit godt innblikk i korleis dette universitet fungerer og korleis det er bygt opp. Det er jo eit heilt unikt universitet, og eit leiande internasjonalt universitet. Og dessutan driv det nettopp med det eg har drive med heile livet, med medisin, og med alle medisinen sine avskyggingar.

Ole Petter Ottersen styrer Karolinska Institutet frå rektorkontoret i sjette etasje i Aula Medica. – Dette universitetet er svært synleg internasjonalt på grunn av den høge kvaliteten på forskinga. Dessutan har det ei stolt historie, seier han. (Foto: Ola Sæther)

– Ei stolt historie

– Så det vil seia at det ikkje var naudsynt å setja seg inn i alt som dei held på med her, sidan du kunne fagfeltet svært godt frå tidlegare?

– Eg trur alle medisinske forskarar og alle akademikarar i verda fylgjer med på Karolinska Institutet uansett om dei er innanfor eller utanfor, så for meg er det ikkje dei heilt store overraskingane å sjå Karolinska Institutet innanfrå for eg kjenner det ganske godt utanfrå, slik alle som jobbar med medisinsk forsking gjer. Dette universitetet er svært synleg internasjonalt på grunn av den høge kvaliteten på forskinga. Dessutan har det ei stolt historie. Ja, det er faktisk heilt umogleg å koma hit utan å vita mykje om universitetet på førehand.

– Korleis har overgangen vore frå å vera rektor ved Noregs eldste og beste universitet, Universitetet i Oslo til å bli rektor ved eitt av verdas beste medisinske universitet, Karolinska Institutet?

– Interessant nok er dei to universiteta om lag like gamle, Karolinska Institutet (KI) blei grunnlagt i 1810 og UiO i 1811, så dei har vore gjennom den same historia. Men det er også store skilnader. Det er opplagt at å koma til eit universitet som har eitt fakultet, altså eit medisinsk fakultet, det slår ut på mange forskjellige måtar. Sjølvsagt fører det til at me kan konsentrera oss meir om eitt fagfelt. Som institusjon kan me gå djupare inn i fagfeltet medisin og i helsedisiplinane. Det me ser på fleirfakultetsuniversitet, som UiO, er at det er ein spennande dialog mellom dei forskjellige fagfelta, mellom medisin og humaniora og mellom medisin og samfunnsfag.

– Den dialogen har me ikkje i same utstrekning her. Dialogen mellom medisin og andre fagfelt må på KI etablerast gjennom samarbeid med andre universitet. Heldigvis har me eit veldig spennande og inspirerande samarbeid med dei andre universiteta i regionen, både med Kungliga Tekniska Høgskolan, Stockholms Universitet og med Uppsala universitet. På ein måte gjenskapar me den interaksjonen som finst på eit fleirfakultetsuniversitet ved å  samarbeida med andre universitet i nærleiken.

Svært forskjellige universitet

– Kva er den største skilnaden mellom UiO og KI?

– KI er eit eittfakultetsuniversitet, medan UiO er eit breiddeuniversitet. Ein annan stor skilnad er utdanninga. Den er mindre synleg her enn ved UiO.  Her er det mellom 5000 og 6000 studentar, og i Oslo er det 30 000 studentar. Det gjer at dei to universiteta er svært forskjellige. På KI har forskinga ein langt meir dominerande posisjon relativt til utdanning enn ved UiO. Det er dei største skilnadene.

– Du var vald rektor i åtte år ved UiO, og no er du tilsett rektor ved KI. Er det ein stor forskjell?

– Det er litt tabloid å framstilla det som vald eller tilsett, for å realiteten er jo dei demokratiske innslaga også tydelege i utnemninga av rektor ved KI. For å bli rektor her, må du bli akseptert av ein «Hørande församling». Den er sett saman av representantar frå dei tilsette og studentane, så også her er det eit sterkt innslag av demokrati i utpeikinga av rektor. Men det er sjølvsagt korrekt at eg til sjuande og sist er tilsett av regjeringa. Derfor er eg det som blir kalla ein «myndighetssjef». Det er ein heilt annan posisjon enn å vera rektor i Oslo. Det er ein annan formell struktur rundt det å vera rektor her enn i Noreg. Eg føler her, som i Oslo, at eg har ein legitimitet både frå tilsette og studentar. Og den legitimiteten er det viktig å ha som rektor. Skilnaden mellom systema er ikkje så stor som det ofte blir framstilt som.

… men du har også ein eigen styreleiar?

– Ja, men fleire norske universitet har også det. Så det er ein skilnad, men det er ei lang liste av både fordelar og ulemper å ha ein styreleiar. Men eg har eit godt samarbeid med vår styreleiar, så det fungerer veldig bra.

– Tok grep

– Du har kome med forslag til ein eigen langtidsplan for KI, Visjon 2030. Kva er dei viktigaste punkta i den framtidsvisjonen?

– Det er eit grep som eg tok den første dagen eg kom hit. Me måtte ha ein ny strategiplan. Den som me har, går ut i 2018. Då tenkte eg og me då, at me har ein fantastisk sjanse til å leggja opp til ein strategiplan som kan tvinga oss til å tenkja kreativt og langsiktig, og der me kan få utdanning og karriereutvikling inn. Og ikkje minst, er det fantastisk at me kan få inn Agenda 2030, altså FNs berekraftmål. Den svenske regjeringa vil, med rette, at universiteta skal engasjera seg i berekraftsmåla, ikkje minst i høve til utdanninga.

– Eit universitet skal jo tenkja langt fram i tid og gi ei stemme til framtidige generasjonar ubunde av geografiske grenser, og då er det naturleg at me som eit medisinsk universitet engasjerer oss i berekraftsmåla i Agenda 2030. Som eit verdsleiande universitet, er det naturleg at KI er svært synleg internasjonalt når det handlar om å jobba med dei langsiktige helseutfordringane som ligg innbakte i Agenda 2030. Ulikskap i helse, er det både i verda, i Sverige og i Stockholm, og me vil driva forsking på desse ulikskapane og vil utdanna legar og anna helsepersonell som veit at dei må ta tak i ulikskapane i helse.

– Macchiarini-saka har tatt bort arbeidsgleda frå mange

Ole Petter Ottersen starta jobben som rektor i august. Då hadde saka om skandalekirurgen Paolo Macchiarini ridd KI som ein mare sidan den blei kjent gjennom dokumentaren Experimenten i Sveriges Televisjon i januar 2016. Nyleg kom ein uttale frå den Centrala Etiska Prövningskomiteen i Sverige som konkluderte med at fire artiklar var prega av forskingsfusk, og 44 medforfattarar var medskuldige. Komiteen oppfordra også det medisinske tidsskriftet til å trekkja ein vitskapleg artikkel som blei publisert av Paolo Macchiarini.

– No ventar alle på svaret ditt, rektor Ole Petter Ottersen?

 – Eg har enno ikkje svart, men når svaret kjem, vil det ikkje vera Uniforum som får æra av å publisera det først, seier han bestemt.

– Dette er ein prosess som me jobbar med, og me gjer dette på ein veldig grundig måte. Det er ei viktig og alvorleg avgjerd som skal takast, men me har enno ingen sikker dato for når me vil ta den avgjerda. Det blir lagt inn svært mykje arbeid frå svært kompetente personar på KI.

– Er dette den saka som har skadd omdømmet til Karolinska mest i løpet av dei siste tiåra?

– Ja det er klart at omdømmet har fått ein knekk. Det er ingen tvil om det. Det er heller ingen tvil om at den har tatt bort arbeidsgleda frå mange, og det er veldig trist. Men me må også sjå det slik at ei slik krise, tvingar oss til å reflektera over arbeidskultur og etikk. Sånn sett er det meir enn ein floskel å seia at KI faktisk vil gå styrkt ut av denne krisa. Det vil vera slik at denne krisa vil gjera oss meir motstandsdyktige mot slike kriser i framtida. Men det er ikkje noko universitet som kan seia at slike kriser aldri vil henda hos dei. Det vil vera arrogant å seia det.

– Du lova å etablera eit vitskapsombod ved Karolinska Institutet?

– Ja, og det har styret vedtatt at me skal gjera. Det er ingen tvil om at det vil koma eit vitskapsombod her, og det er viktig for å fanga opp ein konflikt før den utviklar seg til å bli noko stort, det er viktig. Eit vitskapsombod skal vera eit førstelinjeforsvar mot kriser som kan bli vanskelege å handtera når dei har vakse seg store, understrekar Ole Petter Ottersen.

– Nobelprisen gjer KI synleg på verdskartet

Om to veker skal han vera vertskap når nobelprisvinnarane i fysiologi eller medisin kjem til Stockholm.

– Det er inspirerande, for det er heilt eineståande å vera på eit universitet som har så tett kopling til Nobelprisen i fysiologi eller medisin. Dessutan gjer den KI endå meir synleg på verdskartet. Og det er viktig for å trekkja talent og gode forskarar hit, seier han.

Universitetet i Oslo har absolutt ikkje gått i gløymeboka etter at han kom til Karolinska Institutet. – Det er eitt av universiteta KI har mest forskingssamarbeid med, slår han fast.

Så langt bur Ole Petter Ottersen åleine i husværet sitt. Sambuaren hans, Reidun Torp har enno ikkje flytta med han til Stockholm.

– Nei, ho kjem hit av og til, og så reiser eg til Oslo kanskje to-tre gonger i månaden.

Powered by Labrador CMS