– Dette er virkelig en ny situasjon. Jeg tror ingen helt hadde forestilt seg at dette skulle skje, sier professor i statsvitenskap. (Illustrasjonsfoto: TheaDesign / Shutterstock / NTB scanpix)

- Brexit er giftig for forskingssamarbeidet

Tyske universitet er bekymra for at Storbitannia manglar ein strategi for å bli verande i EU sine rammeprogram. Dei har slutta å inngå nye forskingsprosjekt med britiske universitet på grunn av den store usikkerheita.

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

– Utan ein klar strategi for Tyskland å støtta, betyr dette at me sluttar å planlegga samarbeidsprosjekt med partnarar i Storbritannia. Det er fordi me ikkje veit kva som blir deira rolle i den europeiske konteksten i framtida, seier rektor ved Universitetet i Freiburg, Hans-Jochen Schiewer, til Times Higher Education (THE).

Han er leiar for gruppa U15 som består av dei største universiteta i Tyskland. Dei omtalar usikkerheita som «giftig» for felles forskingsprosjekt. 

Skal forhandla

Storbritannia førebur seg på å gå inn i formelle forhandlingar om framtida utanfor EU. U15 saknar ein klar strategi for korleis dei skal klara å halda fram med å delta i dei store rammeprogramma til EU, noko dei store universiteta i Tyskland absolutt ønsker.

– Me er overbeviste om at forskingsinstitusjonar i Storbritannia må halda fram å vera ein partner innan europeisk forsking, og det betyr at Storbrittannia må ha tilgang til rammeprogramma i framtida. Det er ein tydeleg beskjed til den tyske regjeringa frå vår side. Men sjølv om me har hatt intense samtalar med universiteta i Storbritannia, har dei ikkje klart å koma med ein plan for å bli verande, seier Schiewer til THE. 

Ønsker å vera med

Statsministeren i Storbritannia, Theresa May, signaliserte i ein tale i januar at forsking og vitskap skal vera ein prioritet i Brexit-forhandlingane. Ho har uttalt at det er eit svært ønskeleg utfall å halda fram med forskingssamarbeidet.

Storbritannia si avvising av fri flyt av arbeidskraft kan bli eit stort hinder for framtidig deltaking i programma. 

Jessica Cole, som leiar «Russell Group», ei samling av dei største universiteta i Storbitannia, seier dei har understreka ønske om vidare deltaking i EU-programma. 

Dei meiner at regjeringa må «prioritera forsking og innovasjon i dei komande forhandlingane, med hensikt om å sikra fortsatt deltaking frå Storbitannia i EU-forskinga»

Leiar for U15, Hans-Jochen Schiewer, seier at sjølv om Storbritannia held fram med å delta i rammeprogramma, så «kan ein ikkje forventa at politikarane etter Brexit skal bli einige om at universiteta i Storbitannia skal få ein dominerande rolle med å utarbeida programma»

Artikkelen ble først publisert i På Høyden.

Powered by Labrador CMS